Bygg
Å bygge nytt fjøs, del 1

Nytt kufjøs er meir enn bygningen

Å bygge nytt fjøs krev mykje meir enn å planlegge sjølve bygget. Produksjonen aukar og vi må planlegge og meistre overgangen frå båsfjøs til nytt lausdriftsfjøs og ny teknologi. Eit fjøsprosjekt må difor delast opp i fasar, slik at vi kan ha rett fokus til rett tid.

Torfinn Nærland

Rådgjevar økonomi og bedriftsutvikling

Tine Rådgjeving

Torfinn.Narland@tine.no

Kan vera utfordring å finne nok lagerplass til alle rundballane når nytt fjøs er under bygging.

Foto:Torfinn Nærland

I ein artikkelserie i Buskap vil Tine Rådgiving presentere resultat frå prosjektet «Økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon». I undersøkinga har 36 brukarar frå Rogaland delt sine erfaringar med å planlegge, bygge og ta i bruk nytt fjøs.

Fasar i ei utbygging

Planlegging og gjennomføring av eit fjøsprosjekt bør skje i ulike fasar. Det er så enkelt at vi får best resultat dersom vi gjere ting i rett rekkefylgje. Då må vi legge litt arbeid i å planlegge prosessen. Og vi må starte tidleg nok. For mange skjer dette heilt naturleg og umedvite. For andre verkar heile prosessen uoversiktleg og vanskeleg – kor startar eg når alt heng saman med alt?

Vi kjem langt med å tenke gjennom: Kva må eg ha bestemt, for å kunne ta neste steg i planlegginga? Vi skil mellom planleggingsfase, endringsfase og ny-driftsfase, slik figuren viser. Kor mykje jord og kvote har vi tilgang til? Dette bestemmer storleik på fjøset og på besetninga vi må ha. I endringsfasen skal vi byggje og flytte inn. I ny-driftsfasen skal vi få opp produksjonen og optimalisere drifta raskast mogleg.

Eit par i 40-åra uttrykka seg slik om forståinga av, og konsekvensen av, at det er ulike fasar i ein utbyggingsprosess:

– Nå bygger vi, nå er vi ferdige med planlegginga. Det trur eg var veldig lurt. At vi ikkje endra nokon ting etter at vi hadde «satt» teikningane. Det har eg sett før i ein hektisk byggeperiode. Då får du ein god idè, og så har du ikkje hatt tid til å tenke igjennom det, så var det ikkje så lurt likevel.

Figur. Faser i ei utbygging

Fjøsprosjektet er ein totalpakke

Kor har vi fokus når det nye fjøset skal planleggast? Nokre tenkjer veldig mykje på å planlegge fjøset og ser fram til eit nytt lyst og luftig fjøs, kanskje mjølkerobot og så vidare, og det er forståeleg. Nytt fjøs er spennande, det er konkret, og det er mange sterke meiningar om kva som er «rette» løysingar. Men eit fjøsprosjekt er ein totalpakke som krev planlegging for å få godt resultat, med dyr, kvote, fôr, arbeidsrutinar i nytt fjøs og sjølve bygningen.

Start fjøsprosjektet med å stille deg spørsmålet: Kva vil eg og familien, kor stor produksjon ynskjer vi og kan vi drive? Kva krev dette av jord og kvote, og korleis får vi dette? Korleis skal vi drive jorda og kva grovfôrløysing vil vi gå for – må vi investere meir i maskinar? Kva økonomisk handlingsrom får du ved nytt fjøs? Lag driftsplanar og vurder korleis økonomien kan bli ved ulike løysingar for fjøs og produksjon – før du bestemmer volum på produksjonen og fjøsstorleik. Bonden sjølv er vanlegvis den viktigaste faktoren når noko går godt, eller mislukkast – og ein må prestere betre enn snittet for å kunne satse. Men det bør og leggast inn analyse av kva som skjer ved endra føresetnader på rente og mjølkepris.

Viktig å planlegge besetninga

Å gå frå fjøs med 25 kyr til nytt fjøs med 50 krev mykje dyr for å fylle det med produksjon. Ikkje alle kyr du har i dag vil klare å tilpasse seg lausdrift, og ikkje alle har ei jurform som eignar seg i robotdrift. Ei av dei viktigaste erfaringane frå brukarane i undersøkinga er å planlegga korleis du skal få nok dyr til det nye fjøset, og å starte planlegginga tidleg! Som vi skal sjå i ein seinare artikkel, er det mange tiltak du kan gjere for å løyse dette på ein god måte – men alle krev planlegging og oppstart i god tid før fjøset står ferdig.

Bruk tid og besøk fjøs

Når fjøset skal planleggast må du leite etter gode, rasjonelle og billige løysingane, og deretter tilpasse og justere dei slik du ynskjer å drive. Du bør besøke ulike fjøs, små og store, for å sjå ulike løysingar og høyre om erfaringane. Besøk gjerne fjøs som har vore i drift nokre år, slik at bonden har testa og røynd drifta og bygget. Du må gå fleire rundar med planløysingar og prisinnhenting, før den ønska løysinga og akseptable prisar er på plass, og dette krev tid.

For å få eit vellukka fjøsprosjekt må ein altså berekne nok tid til å køyre parallelle prosessar og ha fleire tankar i hovudet samtidig. Men når noko er bestemt, må det ligge fast.

Endringsfasen er mest krevjande

I denne fasen skal alt skje på ein gong: Du skal drifte dagens produksjon, byggje nytt fjøs, du skal kanskje vera byggeleiar eller delta i byggjearbeidet. Når bygget er klart skal du ha nok dyr og kome raskt i gang med produksjonen. Ny teknologi skal lærast, både for dyr og folk. Og i tillegg har mange eit familieliv å ta omsyn til. Bakom lurer spørsmålet om byggekalkylen held, og om fjøset står klart når du skal til å fylle den auka kvoten.

Kjenn deg sjølv

Endringsfasen er ein intens periode. Mange opplever denne tida som spennande, lærerik og at det er «god gang». Andre synest det er kaotisk og stressande. Opplevinga kjem mykje an på deg sjølv som person, kva erfaring du har frå bygge- og endringsprosessar, og kor mykje du vil involvere deg i sjølve byggeprosjektet.

Den store innflyttingsdagen er komen.

Foto: Kay Arne Aarset

Dagleg drift må fungere

I ein travel endrings- og byggefase kan ofte den daglige rutinen og tilsynet i fjøset bli nedprioritert. Mange har opplevd at det vert lite kalvingar i perioden etter bygging, fordi tid og fokus til brunstobservasjonar og insemineringsrutinar svikta. Når vi så veit at det er unormalt høg utrangering av kyr i nyinnflytta fjøs, vil det vera ekstra viktig å få nok eigne kalvar og kviger til å sette på.

Prioriter din kapasitet

I endringsfasen må du kritisk vurdere kvar du skal nytte din kapasitet, og kva du skal leige inn andre til å gjere. I undersøkinga sa ein mann i 40-åra det slik:

– Eg ville vera byggeleiar. Eg forstod kvifor det ikkje var for alle, for det gjekk veldig varmt oppe i skallen min av og til. Du hadde ikkje mykje kapasitet til å tenke på andre ting.

Med planlegging, prioritering, avklaring og struktur på arbeidet vil du kunne løyse denne fasen. For det er i ny-driftsfasen at sjølve arbeidet startar med å drifte det nye fjøset, det er då du og kyrne må prestere. Då nyttar det ikkje å vera utsliten etter bygge- og innflyttingsfasen.

Besøk mange fjøs for å sjå ulike løysingar og høyre erfaringar.

Foto:Torfinn Nærland

Ny-driftsfasen krev endringar av deg

Overgang frå båsfjøs til lausdrift med ein større produksjon krev stor omstilling hjå deg som bonde, både praktisk, mentalt og som leiar og driftsleiar. I tillegg skal du lukkast med å få produksjonen opp på eit høgare nivå, for å ha noko å leve av etter at banken har fått sitt. Fokuset og oppgåvene endrar seg, slik denne mannen i 40-åra som hadde auka frå 20 til 100 kyr, uttrykka det:

– Hendene var den viktigaste arbeidsreiskapen eg hadde før, nå er det hovudet. Det er meir planlegging, tilrettelegging, optimalisering og slike ting, det er meir det eg driv med nå. Brukar mykje meir tid til å planlegge enn eg gjorde før.

I lausdriftsfjøset må ein tenkje annleis i styring av buskapen, spesielt fordi det er fleire dyr. Mange opplever at ein må tenke meir flokk og grupper, samstundes må du sikre at du ser og klarer å fylgje opp det enkelte dyret. Då er ein nøydd til å bruke besetningsstyringssystem og notere mykje meir enn før.

Nye og fleire rutinar

Den daglege drifta i fjøs med meir automatisering krev meir rutinar og at du er meir «på» heile tida, slik desse to mennene i undersøkinga sa det:

- Vi er vanedyr, og det trur eg som bonde at du må vera dersom det skal fungere. Kalvane må ha det same, du må gjere likt dagleg. Det same med vedlikehald og reinhald av robot, det du gjere til ein rutine, då blir det greitt.

- Du må ha mobilen med deg i senga. Du kan ikkje legge den frå deg, for du må ha den med deg overalt med tanke på roboten. Skulle det skje noko må du få beskjed med ein gong og handle med ein gong. Du må passe på heile tida.

Arbeidsorganisering vert viktigare

Vi har i dag lite talgrunnlag for kor mange arbeidstimar som går med til å drifte fjøs av ulike storleikar med tilhøyrande areal. For rettleiarane er det såleis vanskeleg å gje gode innspel om arbeidsmengda i nye fjøs. Mange har erfart at det vert behov for meir leigd arbeid i fjøset og maskinleige til drift av jorda, enn føresett. Du må difor i større grad vurdere kva skal du gjere sjølv, og kva oppgåver du skal leige til. Mange opplever rollen som leiar og driftsleiar meir spennande og krevjande enn før. Undersøkinga viser vidare at det er store forskjellar mellom ulike brukarar for kor mykje mjølk dei produserer pr. arbeidstime i fjøset. Å sette fokus på eigen arbeidsorganisering i kvardagen vert dermed viktigare.

Erfaring med endringar

- Du må ikkje vera redd for endringar sa eit par i 40-åra, på spørsmålet om kva som må til for å lukkast med ei fjøsutbygging. Undersøkingar har vist, at dess meir erfaring du har med gradvise endringar som skjer meir eller mindre kontinuerleg, dess lettare er det å lukkast med store endringar. Bøndene som føretok endringar ofte, søkte fagleg rådgjeving og sparring når dei såg behov for det. Desse brukarane har det som vert kalla endringskapasitet; evna til å halde hjula i gang medan ein endrar, slik at endringa går minst mogleg ut over dagleg drift.

Dersom du har mindre erfaring med små og store endringar, eller byggeprosessar, er det lurt å søkje hjelp og støtte. Dette kan vera ein byggeleiar til å styre byggeframdrifta, og ulike fagrådgjevarar på bygg, husdyr, økonomi, planteproduksjon og mekanisering. Bønder som sjølve har bygd lausdriftsfjøs kan og vera gode sparring-partnarar og hjelparar i denne prosessen.

I prosjektet

«Økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon»

har 36 brukarar frå Rogaland delt sine erfaringar med å planlegge, bygge og ta i bruk nytt fjøs. Fjøsa er teke i bruk i perioden 2008-2011. Dette har gitt tre driftsår i nytt fjøs som grunnlag for undersøkinga. Gardbrukarane sine råd og erfaringar finnes på medlem.tine.no/fag/driftsledelse. Tine Rådgiving har vore prosjekteigar, med deltaking av Klepp Rekneskapslag og bidrag frå Rekneskapslaga på Jæren og Dalane.