Forskjellig
Dagbok fra Oppigard

HMS til hjelp eller til frustrasjon

Telefonen ringte: Hei, eg kjem på HMS- besøk til deg! Det går fint, velkomen. Går det eigentleg fint?

Nina Engelbrektson

Mjølkeprodusent

nina.engel@enivest.net

Siloforskalingane fungerer optimalt som sikring i opningane på tårnsiloane.

Kva var det no eg kryssa så freidigt Ja på under utføringa av KSL eigenrevisjon?

Jammen vart eg litt stressa, og fokuset vart umiddelbart flytta til alle avvik som kanskje kunne vere der.

Har eg kontrollen?

Eg tok meg ei runde kring låve og fjøs. Jo, det var faste og trygge karmar framfor opninga til tårn­siloane. Rekkverk og luker elles såg bra ut. Brannvarslingsanlegget er ok og brannslokkingsapparat var på plass. Har eg hugsa å snu dei, tru? Eg burde ha ei liste som eg skreiv dato på ved kvar gong eg gjorde dette. Ja,det burde eg...

Skapet med sprøytemiddel var forsvarleg låst og merka med Gift. Huff, eg burde drive økologisk, tenkjer eg kvar gong eg ser det skapet. Beredskapsplan ok, men kvar er no datablada for sprøytemiddel no igjen? Ups, nokre år sidan dette var oppdatert, men kva skal eg med dei. Her står no så mykje uforståeleg. Sukk. På PC èn fann eg datablad på dei siste innkjøpte sprøytemidla. Det vart mykje papir ! Eg sette meg til å lese på eit av dei. Tiltak ved førstehjelp: «Skyll straks med rikelege mengder med vann i opptil 15 minutter og fjern eventuelle kontaktlinser. Drikk et par glass vann eller melk. Fremkall ikkje brekninger! Kontakt lege og fremvis datablad til lege».

Side to på alle Datablad er verkeleg nyttige! Eg trur eg set det arket fremst og «gular» det ut med tusj.

Det gjekk som regel bra

Men eg har no andre permar som det står HMS på. Kva er det i dei no igjen? Eg blada,kasta og laga nye ark. Burde eg ikkje vere flinkare til dette heile tida. Er det ikkje viktig nok? Eg fall i tankar kring mi tid som lita jente med grøne gummistøvlar og slitte dongeribukser. Ei jente som sprang og ville vere med på alt heile tida. Kva var HMS då? Det var ikkje eit begrep ein gong. Eg tenkte på far min som snakka om «vidundermiddelet» DDT. Dei vaska endå til sauene i det om våren! Tida skulle vise kor gale det var.

Då eg var lita var det ikkje rekkverk på låvebrua. Det var ein stad vi hoppa utfor når vi skulle tøffe oss for dei andre. Det var ingen ekstra kant framfor dei gapande hola ned i dei potensielt dødelege tårnsiloane.

Vi ungane var ein naturleg del av arbeidskrafta på garden og ein viktig ressurs for at vi i det heile fekk lagt graset i silo om sommarane. Det kunne bli tett i mellom lassa, og det var slett ikkje alltid vi gjekk ut av siloen før neste lass kom dundrande med all si tyngde. Etter eit måltid hoppa vi sjølvsagt ned i siloen og var klare til nye lass. Kva visste vi om gass og andre farer? Takk og lov at dette gjekk bra!

Frå kufjøset og opp i andre etasje på låven var det trapp, men til neste etasje så var det ikkje plass til trapp - der skulle det jo vere høy, mykje høy. Med hammar og spikar var det laga ein stege rett på veggen, og på toppen måtte ein klatre over eit rekkverk for å kome på trygg grunn. Glippa du på toppen der, så var det laaaaangt ned. Men så gjekk no også dette bra.

I tunet stod framleis den gamle låven frå ei tid der det einaste du haurde var dyra som åt, prusta, rauta, breka, vrinska eller snøfta. Kanskje du haurde kona på garden som nynna medan ho sat på krakken og melka i spanna, eller far sjølv som snakka med hesten medan han gav han mat og vatten. No var heile bygget stille og tomt, og for oss ungane var dette verden beste leikeplass. Det var nok av utfordringar med spanande bjelkelag og mange rom. Vi ynda å sitje i den øverste gluggen og dingle med føtene ut i friluft. Ja, det gjekk bra det og.

Det er tryggare med trapper tre etasjar opp enn stige.

HMS var ikkje eit begrep då far min starta som bonde i den gamle låven i Oppigard.

«Det er for seint å snyte seg når nasen er borte»

Ja, det gjekk som regel godt, men ikkje alltid. Fyrst når kårkallen på ein gard lenger inn i bygda fall frå låvebrua og miste livet, tok bøndene i kring til å setje opp rekkverk. Etter ein tragisk brann i nabolaget der fire omkom, vart det skrudd opp brannvarslarar og kjøpt inn slokkingsapparat. Kvifor er det slik at vi «trur det ikkje før vi ser det»?

Eg vel å tru at HMS er her av ein grunn. La oss tru på det slik at vi slepp å kjenne det på kroppen etterpå. Landbruket i dag er ikkje som då eg vaks opp. Vi har meir kunnskap om farer for liv og helse. Samstundes er alt større og farlegare og sjansen for at det kan gå gale, og då veldig gale, er reell. Lat oss alle ta ei ekstra runde med blikket festa på HMS! Det er der av ein grunn. Det er for seint å snyte seg når nasen er borte!

Viktig spørsmål

Så vil vel nokon lure på korleis dette besøket gjekk. For oss var det både inspirerande og lærerikt. At det var så mange sjekklister som er til hjelp i HMS-arbeidet, det var eg ikkje klar over. Men det aller viktigaste spørsmålet til oss denne dagen, trur eg var: Kva strategi har de laga for familien ved røring av gjødselkummen før gylling? Ææææ, nei sei det. Kva er handlingsplanen dersom faktisk noko skjer ? Ubehageleg tanke ja, men kva gjer vi eigentleg då? Eg veit dette er frykteleg farleg og at med open gjødselkjellar, så er faren for gass opp i husdyrrommet stor. Men kva gjer Vi for at det ikkje skal skje ei alvorleg ulukke med oss ? Dette vart ein tankevekkar for meg og Steinar. Dette må vi ta på høgste alvor og plan må lagast og følgast!

Så gjekk også dette fint, og eg tek det som eit kompliment når han på veg inn i bilen etter besøket seier, «Eg vert heilt rørt. Så flinke de er» Så hærleg med positiv tilbakemelding!