Helse
Cryptosporidium parvum

– Parasitten frå helvete

Denne parasitten kan gi alvorlige diaréproblemer på kalv og den er også en zoonose.

Randi Therese Garmo

Fagrådgiver helse/veterinær i Tine

Mulig tilfelle av mild kryptosporidiose. Foto: NADIS/Phill Scott

Vi har ikkje nokon god oversikt over kor mykje den eincella parasitten, Cryptosporidium parvum, har å seie i norsk mjølkeproduksjon pr. i dag. Men det er ingen tvil om at parasitten er eit stort problem i enkelte besetningar, som i mange andre land.

Infeksjon av oocyster

Kalven blir infisert av hardføre og tjukkvegga oocyster i miljøet gjennom mage-tarmsystemet. Så snart oocystene kjem ned i tarmen blir det sleppt fri fire sporozoitar. Desse sporozoitana trenger så inn i overflatecellene (epitelet) i tarmen slik at desse cellene blir skada. Øydelegging av desse cellene fører til dårleg opptak av næring og vatn, ufordøyd mjølk og dårleg tilvekst på kalvane og dermed økonomisk tap. Parasitten er ei zoonose, den kan altså smitte til menneske og gjeva diaré. Cryptosporidium er funne iblant anna drikkevatn forureina med avføring frå dyr eller menneske. Immunresponsen mot parasitten hjå både folk og dyr er enda dårleg forstått og vaksine fins ikkje pr. i dag.

Smitter i 4–12 dager

Ein sjuk kalv skil ut oocystar i 4–12 dagar etter at den sjølv er blitt infisert og alle kalvar som skil ut oocystene treng ikkje å ha diaré. Vidare kan utskilling fortsette etter at symptoma er borte. Diaré oppstår 3–4 dagar etter at kalven blir smitta. Avføringa blir vassaktig, gulgrønn, luktar ille og diareen kan vare opptil to veker. Det er nok ikkje så mange kalvar som døyr, men dårleg appetitt og dehydrering med vidare alvorleg sjukdomsforløp kan forekomme. Det er viktig at sjuke kalvar får veterinærbehandling og å sikre god væsketilførsel intravenøst eller ved å gje kalven elektrolyttar om han greier å svelge, for at kalven skal komme seg att.

Få oocyster kan gi sjukdom

Parasitten er ganske smart i sin syklus der opptak av få oocyster, så lite som 17 er bevist, gjev infeksjon og påfølgande diaré. Kalven kan skille ut store mengder tjukkvegga oocyster, heile 1x1010, med avføringa! Samtidig sprekk tynnvegga oocyster i bakre del av tynntarmen, såkalla autoinfeksjon, og dermed blir det enda meir skade på tarmcellene og påfølgjande dårleg opptak av næring og væsketap og enda fleire oocyster utskilt på kort tid. Det seier seg sjølv at potensialet er stort og at smitten kan bli vanskeleg å kontrollere.

Hygiene og reinhald forebygger

Gode rutinar for hygiene og reinhald er viktig. Få vekk møkk med tjukkvegga og motstandsdyktige oocyster for halde nede smittenivået i besetninga. Oocystane trives godt i kaldt og fuktig miljø og kan overleva i månadsvis. Oocystene er dessverre vanskelege å øydelegge og diverse desinfeksjonsmiddel er prøvd. Dei kan muligens bli øydelagt under frysing -20°C og varme over 60 °C med påfølgande «sterk tørking» (varmekanon, flambering) etterpå. Ammonuiumhydroxid (NH4OH), hydrogenperoksid (H2O2), klorin, 10 prosent «formol saline» og 5 prosent ammoniakk er lista opp som aktuelle desinfeksjonsmiddel i Storbritannia (National Animal Disease Information Service, https://www.nadis.org.uk/disease-a-z/cattle/calf-management/cryptosporidiosis/). Neopredisan er eit kraftig desinfeksjonsmiddel med klorkresol som virkemiddel og er markedsført i Norge mot blant anna cryptosporidiar og koksidiar hjå fjørfe og gris. Det har ikkje lukkast underteikna å finne dokumentasjon hjå storfe.

Viktig med tørking etter vask

God hygiene gjeld au mjølkebarar/bytter, smokk og automat. Samtidig er det viktig at boks/binge etter vask får tørke godt etter reingjering og vaskast ved nytt innsett. Ein bør ikkje blande kalvar frå forskjellige aldersgrupper og ikkje for mange kalvar (maks seks i bingen). Talle kan by på problem da det her hopar seg opp med oocyster i miljøet, og det er såleis best med tett underlag der ein kan få renska og strødd fleire gonger om dagen. Isolering av sjuke kalvar er viktig da desse kan skille ut store mengder oocyster som kan infisere andre kalvar.

Intravenøs væskebehandling av kalv med kryptosporidiose. Foto: NADIS/Phill Scott.

Kalving og mjølkefôring

Desse råda går aldri ut på dato same kva du måtte slite med i ditt kalveoppdrett: Kua bør kalve i fred og ro i ein binge eller ute, og i alle fall ikkje i lausdrifta! Rask tildeling og godt med råmjølk og vidare god fôring av spedkalvar er viktig. Infeksjon skjer stort sett i dei første to levevekene. I denne perioden er det fordelaktig for kalven å få godt med råmjølk og fortsetja med heilmjølk fram til minst tre vekers alder og minst åtte liter mjølk dagleg for å få god ernæringsstatus. Overgang frå heilmjølk til mjølkeerstatning bør ein unngå desse vekene. Det kan er utfordrande nok å vera kalv i slike besetningar om ein ikkje skal endre fôringsregime i denne perioden. Ein skal heller ikkje sjå bortifrå samtidig infeksjon med til dømes rotavirus kan gjera sjukdomsforløpet verre.

Prøvetaking

Ved prøvetaking av kalv er det viktig å ta ut prøver av kalvar både med og utan diaré og minst fem kalvar for og få ei oversikt og kvantifisere smitten. Veterinærinstituttet har mulegheit for å undersøkje slike prøver og ein kan bestille utstyr til prøvetaking. Det kan benyttast forskjellige testmetodar for påvising av oocyster i avføring. Vidare er parasitten ei zoonose, altså den kan smitte til menneske og gjeva diaré, noko som er viktig å hugse ved prøvetaking. Parasitten er funne iblant anna drikkevatn forureina med avføring frå dyr eller menneske.

Behandling

Halocur ® med virkestoffet halofuginone laktat er å få tak i på registreringsfritak. Preparatet er dyrt og effekten usikker. Behandlinga forhindrer eller kurerer ikkje infeksjon 100 prosent, men kan redusere perioden med utskiljing og varigheit av diaré. For å forebygge infeksjon skal kalven behandlast i sju dagar frå to dagars alder. Vidare er det angjeve behandling frå første dag med diaré og sju påfølgjande dagar. Skal ikkje gjevast på tom mage og det er viktig med nøyaktig dosering da toksisiteten er låg.

Bildene er hentet fra en artikkel og gjengitt med tillatelse fra NADIS og forfatter Phil Scott. Se https://www.nadis.org.uk/disease-a-z/cattle/calf-management/cryptosporidiosis/

Gode råd mot kryptosporidier

  • Ren kalvingsbinge (ikke gruppekalvingsbinger)

  • Gode råmelkerutiner og god hygiene ved all fôring av kalver

  • Isolering av alle sjuke kalver (flytt dem til ren kalveboks med mye tørt strø og eventuelt varmelampe)

  • Små kalvegrupper–god rengjøring mellom hver gruppe (minst 60 grader varmt vann)

  • Flue- og gnagerbekjempelse (gnagere er effektive smittespredere)

  • Grundig såpevask og desinfeksjon med egnet middel etter sjukdomsutbrudd

  • Forebyggende behandling kan være aktuelt ved besetningsproblem (behandling må starte før kalvene ble sjuke)

  • Generelt god hygiene