Tema: gras

Timotei taklar tre slåttar dårleg – kva gjer me?

Kva grasartar er det då aktuelt å bruke ved tre slåttar?

Magnus Haugland

Rådgiver NLR Rogaland

magnus.haugland@nlr.no

Tett eng med sådd med ei blanding av timotei, strandsvingel, raigras og kløver. Frøblandinger med mange artar, og gjerne høg andel bladgras gir lovande resultat i forsøk. Foto: Bård Oliver Gjellestad

Det å auke talet slåttar vil både utnytta meir av vekstsesongen og gi eit meir konsentrert grovfôr. Men med fleire slåttar vil hovudsorten vår, timotei, både bidra lite i ein eventuell tredjeslått og den vil ­heller ikkje tole intensiv drift og vil fort gå ut i enga.

NIBIO hadde mellom 2015 og 2019 eit forsøksfelt på Fureneset i Sogn og Fjordane der dei såg på ulike frøblandingar i både to- og treslåttssystem. Er det nokon erfaringar derfrå me kan læra av?

Timotei går ut

Forsøket viste at ved tre slåttar vart timoteimengda redusert slik at timoteien i 4. engår utgjorde under 50 prosent av tørrstoffavlinga til tross for at timoteien i frøblandinga utgjorde opp mot 70 prosent. Derimot såg ein at timoteien held seg godt og utgjorde i fleire høve meir av avlinga enn prosentdelen i førblandinga skulle tilseie ved toslåttsregime.

Kva kjem då inn i staden for timotei? I blandingar med få artar (timotei, engsvingel og engrapp) utgjorde ugras opp til ein fjerdedel av avlinga i 4.engår. I blandinga der det i tillegg var raisvingel og raigras viser det seg at desse auka i omfang ved tre slåttar og helt i stor grad ugraset vekke.

Med strandsvingel (35 prosent) og raigras (10 prosent) gir enga god avling, samtidig som desse artane klare å overta plassen etter at timoteien går ut

Betre fôrkvalitet med tre slåttar

Ved hyppig hausting tar vi graset på eit tidlegare utviklingstrinn og får eit meir fordøyeleg fôr. Mengda fôr blir ofte ikkje større, men ved tre slåttar får ein meir fordøyeleg avling. Ein såg i for­søket at timotei og raigrasdominerte blandingar fekk høgast avling ved to slåttar, men auken var i stor grad auke i fiberinnhald. Altså vil dette vera rett om ein treng drøyande fôr som ein ­supplerer med større mengde innkjøpt kraftfôr. Derimot gir tre slåttar at meir av mjølka er basert på energi frå grovfôr der ein har moglegheit til dette.

Treslåttsgras er viktig i blandingane

Tar ein tre slåttar, er erfaringa at timotei gjer lite av seg i tredjeslåtten, og me bør dermed sjå oss om etter artar og sortar som har god gjenvekstevne når målet er å utnytte vekstsesongen betre. Døme på slike artar er strand­svingel, raigras og raisvingel. Å ha desse med i blandingar viste seg i NIBIO-forsøket å vera gunstig både for avling, men også for å halda tett eng som konkurrerer mot ugras og andre mindre yterike grasartar. Generelt ser det ut til at desse artane med 3.slått-­regime utgjer større del av avlinga ut i engåra.

Fiskå nr. 22 gjer det godt

Eit eksempel på ei blanding som ser ut til å vera godt tilpassa eit intensivt opplegg med tre slåttar og som gjorde det god i forsøket er Fiskå sin Nr. 22 som Strand Unikorn leverer. Denne inneheld berre 40 prosent timotei, noko som gjev rom for andre artar med større gjenvekstevne. Ein ser at med strandsvingel (35 prosent) og raigras (10 prosent) gir enga god avling, samtidig som desse artane klare å overta plassen etter at timoteien går ut.

Tenk haustestrategi når du kjøper frøblanding

Ulempa er at ein har dårlegare vinteroverleving og strandsvingel også dårlegare fôrkvalitet, men i kystnære område og med ­hyppige haustingar er ei slik blanding med fleire artar med stor gjenvekstevne verdt å vurdere. Fiskå nr. 22 er eit godt døme, men både reine raigrasblandingar og fleire andre blandingar kan vera aktuelle som til dømes FK Spire Strandsvingel eller FK Spire Robust.

Strandsvingel er svak i etableringen, og vi ser innimellom ­eksempler på at den er utkonkurrert i såingsåret, særlig av raigras. Erfaringene spriker litt, men både i egne forsøk og danske forsøk har man sett at strandsvingel kan være et verdifullt innslag i bland­inger.