Timotei taklar tre slåttar dårleg – kva gjer me?

Det å auke talet slåttar vil både utnytta meir av vekstsesongen og gi eit meir konsentrert grovfôr. Men med fleire slåttar vil hovudsorten vår, timotei, både bidra lite i ein eventuell tredjeslått og den vil ­heller ikkje tole intensiv drift og vil fort gå ut i enga.

NIBIO hadde mellom 2015 og 2019 eit forsøksfelt på Fureneset i Sogn og Fjordane der dei såg på ulike frøblandingar i både to- og treslåttssystem. Er det nokon erfaringar derfrå me kan læra av? Forsøket viste at ved tre slåttar vart timoteimengda redusert slik at timoteien i 4. engår utgjorde under 50 prosent av tørrstoffavlinga til tross for at timoteien i frøblandinga utgjorde opp mot 70 prosent.

Les hele artikkelen fra Buskap 3/2021 her