Feittprosenten kan aukast

Variasjon i feittprosenten frå 3,90 til 4,99 i eit materiale med 967 produsentar syner potensialet, særleg for dei som ligg lågt, til å kunne auke feittprosenten i mjølka.

Med meirbetaling på 9 øre per 0,1 prosenteining auke i feittinnhald, vil det være lønsamt for mange produsentar å dreie fôringa med sikte på å auke feittinnhaldet. Dersom ein aukar feittprosenten frå 4,00 til 4,30 får ein betalt 27 øre meir per liter dersom andre faktorar ikkje blir påverka. Det vil utgjere 27 000 kr per 100 000 liter mjølk levert, eller 54 000 kr for ei gjennomsnittskvote på 200 000 liter. Det betyr at ein kan investere opp til dette beløpet for at det skal løne seg.

Les hele artikkelen fra Busklap 4 i 2022 HER