Kløver igjen
Norske dyrkings — og fôringsforsøk viser at auka bruk av kløver kan vere eit godt alternativ til auka nitrogengjødsling for å auke proteininnhaldet i norsk grovfôr. For å utnytte kløveren sitt potensial er det viktig at ein legg til rette for at kløveren skal trivst. Noko av det viktigaste er at ein våger å stole på at enga ikkje treng “meir nitrogen”.
.jpg)
Foto: Djalma Paiva Armelin/Pexel
Eit tema, som har gått att i dei siste åra i Buskap, er at grovfôrkvaliteten i Noreg ikkje har endra seg. Både proteininnhaldet og fordøyelegheita analysert i surfôrprøvar har halde seg stabilt over mange år og er lågare enn ønskjeleg som fôr til mjølkekyr. Det blir peika på at nivået er for lågt til at ein kan redusere mengde importert, høgverdige proteiningrediensar i kraftfôret og redusere nivået av kraftfôr i fôrrasjonen. Det har blitt stilt spørsmål om gjødslingsråda for N-gjødsling er for låge og at enga derfor bør gjødslast sterkare med N (nitrogen). Vidare blir det tilrådd tidlegare slått av førsteslåtten og fleire slåttar i året for at fôrkvaliteten skal bli betre. Det som sjeldan blir nemnt eller trekt fram som ein moglegheit er å bruke kløver i enga. Kløver kan i stor grad bidra til å auka proteininnhaldet utan sterk N-gjødsling, og kløver har betre fôrverdi enn reint gras. I denne artikkelen skal vi ta for oss nokre sider ved kløver i engdyrkinga og for fôringa.
Nitrogenfiksering
.jpg)
Eng med raudkløver utan nitrogengjødsling gir omtrent same avling som graseng med 10 kg N per dekar.
Foto: Wenche Dramstad, Nibio
.png)
Figur 1. Samanheng mellom kløveravlinga (kg TS/dekar) og mengd N fiksert (kg N/dekar). Samanstilling av målingar frå tre lokalitetar i Noreg i blandingseng med gras og raudkløver. Kjelder: Nesheim og Øyen 1994, og Tzanakaksis med fleire 2017.
Kløver har naturleg høgt innhald av protein utan N-gjødsling. Årsaka er at kløverplanta kan ta all eller delar av N den treng for å vekse frå lufta, såkalla biologisk N-fiksering. Kløver gjer det ved hjelp av bakteriar som lever på røtene. Bakteriane får sukker frå planta til å gjere N-fikseringa. Dess lågare N-nivået er i jorda dess større del av N i planta blir teke frå lufta. N-fikseringa er i all hovudsak avhengig av veksevilkåra for kløver. Dess betre kløver veks dess meir N blir fanga. Ei samanstilling av data frå norske forsøk, der ein har målt mengd N fiksert av kløver, viser at for kvar 100 kg kløvertørrstoff per dekar er det fanga 2,5 kg N/dekar (Figur 1). For å få kløver til å vekse godt, må jorda vere godt drenert og ha god kalktilstand, og jorda må vere i god status med omsyn til mikronæringsstoff og andre makronæringstoff enn N.
Avling og effekt av N-gjødsling
.jpg)
I forsøk tok kyr som fekk surfôr med kløver opp 1,2—1,3 kg meir tørrstoff og mjølka 1,5—2,2 kg meir per dag enn kyr på reint grassurfôr.
Foto: Turi Nordengen
.png)
Figur 2. Samanheng mellom N-gjødsling (kg N/dekar) og årsavling i eng (kg TS/dekar) utan og med kløver i frøblandinga. Gjennomsnitt over tre engår. Kjelde: Baadshaug med fleire i 1996.
Baadshaug med fleire stilte i 1996 saman resultat frå mange treårige engforsøk, hausta tre gonger i året, i eng utan og med raudkløver og med ulike N-gjødslingsmengder på Sør-Austlandet. Det var betydeleg meiravling av å ha med raudkløver i frøblandinga når N-gjødslinga var mindre enn 20 kg per dekar (figur 2). Eng med raudkløver utan N-gjødsling gav like stor avling som ei graseng som fekk 10 kg N/dekar, og like mykje ved 10 kg N/dekar som ei rein graseng som fekk 20 kg N/dekar. Det vil seie at ein kan spare 10 kg N/dekar i eng med raudkløver.
Nyare forsøksserie
.png)
Figur 3. Samanheng mellom N-gjødsling (kg N/dekar) og årsavling av gras og kløver (kg TS/dekar) i eng etablert med 10 eller 20 prosent kløver i frøblandinga. Gjennomsnitt over tre engår.
I ein nyare forsøksserie, gjennomført i åra 2010-2014, blei effekten på avling og fôrkvalitet av ulik N-gjødsling og såmengd av raudkløver i blanding med timotei og engsvingel testa. Nokre avlingsresultat frå forsøksserien er publisert i Buskap nr. 3 i 2014. Her viser vi gjennomsnittleg årsavling av kløver, gras og totalt og av råprotein- og fiberinnhald i årsavlinga for felt hausta tre gonger årleg i tre engår. Det var til saman 8 felt som låg i Trøndelag (4), på Austlandet (3) og i Agder (1). Årsavlinga auka med stigande N-gjødsling til og med 16 kg N/dekar (Figur 3). Avlingsauken ut over 16 kg N/dekar var ikkje sikker. Det var ein svak positiv avlingseffekt av å auke kløvermengd i frøblandinga frå 10 til 20 prosent ved gjødsling under 16 kg N/dekar, og årsavlinga av kløver var større med 20 enn 10 prosent kløver med gjødsling under 16 kg N/dekar. Årsavlinga av kløver minka med stigande N-gjødsling.
Kløver og råproteininnhold
.png)
.png)
Figur 4. Samanheng mellom N-gjødsling (kg N/dekar) og innhaldet av råprotein (prosent av TS) øvst og innhaldet av fiber (NDF, prosent av TS) nedst i årsavling i eng etablert med 10 eller 20 prosent kløver i frøblandinga. I ferdig surfôr vil råproteininnhaldet vere om lag 1 prosent poeng høgare enn i ferskt materiale. Vegd middel over tre slåttar per år og gjennomsnitt over tre engår.
Råproteininnhaldet i årsavling auka med stigande N-gjødsling (Figur 4), men i engfrøblandinga med 20 prosent kløver var råproteinnhaldet i avlinga like høgt utan N-gjødsling som med 24 kg N/dekar. Fiberinnhaldet (NDF) auka med N-gjødslinga, men effekten var først og fremst frå 0 til 8 kg N/dekar (Figur 4). Sterkare N-gjødsling enn 8 kg N/dekar hadde liten effekt på fiberinnhaldet. Effekten av N-gjødsling på innhaldet av råprotein og fiber er todelt. Sterkare N gjødsling aukar råproteinnhaldet, men i eng med kløver vil kløveravlinga jamna ut effekten av gjødsling. Kløver har lågare fiberinnhald enn gras. Når grasdelen av avlinga aukar med N-gjødsling vil såleis også fiberinnhaldet auke.
Raud- og kvitkløver har ulike eigenskapar
.jpg)
Kløver i enga kan redusere klimautslepp per kg mjølk.
Foto: Rasmus Lang-Ree
Raudkløver gir ofte stor avling i to til tre engår, deretter går avlinga ned. Nedgangen i avling er ofte knytt til soppangrep på røtene, sjølv om det ikkje er gitt at slike angrep er hovudårsak. Det kan også kan vere eit resultat av at plantane er svekka av andre årsaker som køyreskadar, jordpakking, for hyppig hausting eller tøffe vinterforhold.
Kvitkløver er meir varig og toler hyppig slått og beite betre enn raudkløver. Den gir ikkje like stor avling som raudkløver dei første to til tre engåra, men til gjengjeld kan den gi stabil avling med brukbart kløverinnhald over mange år. Kvitkløver har krypande stenglar som lagar nye røter etter kvart som den veks, noko som gjer den mindre utsett for soppangrep og skadar på røtene enn raudkløver. Dei krypande stenglane bidreg også til kvitkløveren sin unike evne til å fylle ut luker etter utgang av andre artar i enga.
For å få ei eng med meir varig kløverinnhald, kan ein velje å bruke ei engfrøblanding med både raud- og kvitkløver, eller ei med kvitkløver som einaste kløverart. Det første alternativet er best viss ein ønskjer maksimal kløveravling dei første engåra. Det andre alternativet gir mindre kløveravling i starten, men til gjengjeld vil kløverinnhaldet i enga variere mindre over tid. Det siste har betydning både for behovet av nitrogengjødsel og variasjonen i fôrkvalitet mellom år.
Val av frøblanding
Kvitkløver er følsam for skugge og etablerer seg seinare blanding med raudkløver enn når den blir sådd som einaste kløverart. Men frå tredje engår vil det vere omtrent like mykje kvitkløver i begge frøblandingane. Det er vanleg å bruke kvitkløver som einaste kløverart i blandingar for hyppig slått kombinert med beiting der raigras overvintrar godt. For timoteibasert eng, som er vanlegast elles i landet, vil det vere meir aktuelt å bruke frøblandingar med raudkløver, eventuelt i blanding med kvitkløver for større fleksibilitet. Sjølv om kvitkløver ikkje konkurrerer like godt ved mindre hyppig slått, kan den vere ei god forsikring mot tidleg utgang av raudkløver med sin evne til å fylle ut luker.
Vi har dessverre ikkje noko godt datagrunnlag for direkte samanlikning av blandingseng med raud- og/eller kvitkløver ved ulike hausteintensitet. Det er behov for fleire forsøk for å kunne vurdere ulike alternativ systematisk i forhold til lønnsemd og klimaeffektar.
Respons i fôringsforsøk med mjølkekyr
.png)
Figur 5. Differanse i grovfôropptak (kg TS/dag) og mjølkeavdrått (kg/dag) mellom kyr som fekk reint grassurfôr og surfôr med raudkløver eller surfôr med kvitkløver og mellom kyr som fekk surfôr med kvitkløver eller raudkløver.
Kjelde: Steinshamn 2010.
I fôringsforsøk med mjølkekyr, der ein samanliknar grassurfôr og surfôr med kløver, er fôropptaket oftast høgare hos kyr som får kløver. I figur 5 er gjennomsnittstal for mange fôringsforsøk stilt saman. I 11 forsøk vart grassurfôr samanlikna med surfôr med raudkløver, i 8 forsøk vart grassurfôr samanlikna med surfôr med kvitkløver og i 6 forsøke var kvit- og raudkløversurfôr samanlikna. Surfôr med kløver var anten rein kløversurfôr, eller surfôr laga av blandingseng av kløver og gras eller at rein kløversurfôr og grassurfôr blei blanda ved fôring. I gjennomsnitt åt kyr som fekk kløversurfôr 1,2-1,3 kg meir tørrstoff dagleg enn dei som fekk rein grassurfôr. Det var i gjennomsnitt ingen forskjell mellom kvit- og raudkløversurfôr i grovfôropptak. Dagleg mjølkeavdrått var i gjennomsnitt 1,5 kg høgare med raudkløversurfôr og 2,2 høgare med kvitkløversurfôr enn med rein grassurfôr. Sjølv om grovfôropptaket gjennomsnitt var likt, mjølka kyr som fekk surfôr med kvitkløver i gjennomsnitt 1,1 kg meir dagleg enn dei som fekk surfôr med raudkløver. Konklusjonen frå denne samanstillinga av resultat var at raudkløversurfôr ikkje har betre energiverdi enn grassurfôr. Men på grunn av raskare fordøying er fôropptaket større og dermed blir også mjølkeproduksjon høgare hos kyr som får raudkløversurfôr. For surfôr med kvitkløver er truleg effekten ein kombinasjon av raskare fordøying og høgare energiverdi samanlikna med dei andre surfôrslaga.
Auka fôropptak og meir mjølk
Resultat frå eit nyare norsk mjølkekuforsøk gav om lag det same resultatet som vist i figur 5. Kyr som fekk surfôrblanding av raudkløver og timotei tok opp dagleg 1,2 kg meir grovfôrtørrstoff enn dei som fekk surfôr laga på rein timotei og 3 kg meir enn dei som fekk raigrassurfôr (Weiby med fleire i 2025). På same vis som i figur 5, var dagsavdråtten 1,7 kg større hos dei som fekk raudkløver enn dei som fekk rein timotei og 2,8 kg meir enn dei som fekk raigras. I dette forsøket vart også metan frå kua målt, og utsleppet var størst på rasjonen med timotei og raudkløver (17,5 g/kg EKM) og minst hos dei som fekk rein surfôr av timotei (16,5 g/kg EKM). Sjølv om produksjon av metan var større på raudkløversurfôr, er det ikkje sikkert at total utslepp av klimagassar er større. Elshani med fleire brukte data frå dyrkingsforsøka i figur 3 og estimerte at klimagassutsleppa i CO2-ekvivalentar per kg ferdigprodusert surfôrtørrstoff auka frå 0,09 til 0,335 ved høvesvis 0 og 24 kg N per dekar og år. Reknar ein saman utslepp frå fordøyinga av fôret og frå produksjonen av surfôret, blir totalen 0,62 CO2-ekvivalentar/kg EKM på rein grassurfôr og 0,52 CO2-ekvivalentar/ kg EKM på surfôret med raudkløver og timotei dersom det vart brukt 24 kg N/dekar til å dyrke grassurfôret og 0 kg N i mineralgjødsel til raudkløver timotei.
Referanser kan fås ved henvendelse til forfatter.
Verdt å ta med seg
Kløver kan i stor grad auke proteininnhaldet i grovfôret og er eit godt alternativ til auka nitrogengjødsling.
Eng med raudkløver gir om lag same avling som ei graseng gjødsla med 10 kg meir N per dekar – altså potensial for å spare rundt 10 kg N/dekar.
I eng med 20 prosent kløver i frøblandinga var råproteinnivået like høgt utan N-gjødsling som i rein graseng med 24 kg N/dekar.
Raudkløver gir høg avling dei første 2–3 årene, men er mindre varig. Kvitkløver gir lågare avling, men meir stabil bestand over tid og toler beiting og slått betre. Ei blanding gir fleksibilitet.
Kyr som fekk surfôr med kløver tok opp 1,2–1,3 kg meir tørrstoff og mjølka 1,5—2,2 kg meir per dag enn kyr på reint grassurfôr.
Bruk av kløver kan redusere klimautslepp per kg mjølk når ein tar med gjødsel- og dyrkingsutslepp.



2.png)