HELSE/FRUKTBARHET/DYREVELFERD
Frå dyrlegens kvardag

Kviger som ikkje gir ned mjølk

I løpet av dei siste vekene har eg blitt kontakta av tre bønder som har nykalva kviger som ikkje gir ned mjølk.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

I alle tilfella har juret vore stort og hardt, kvigene snille og rolige, men det kjem lite eller ikkje mjølk når dei set på mjølkemaskina. Heldigvis er det hjelp å få, men det kan i enkelte tilfelle ta tid før kviga lærer seg å gi ned.


Ejeksjonsrefleks

Bøndene kan få kunstig nedgivingshornon, oxytocin som dei kan gi nokre minutt før mjølking viss dei har kviger som slit med å gi ned mjølk. Det er ikkje tilbakehalding av mjølk eller kjøt på denne medisinen.

Vanlegvis så skjer dette heilt automatisk når juret vert vaska og tatt på, eller at kalven syg på spenane, for då vil hormonet oxytocin bli frigitt frå hypofysen til kua, hormonet går over i blodet og gjer sitt til at glatte muskelceller i juret trekkjer seg saman og mjølka strøymer ned i utførselsgangane i jur og spenar. Dette skjer heilt av seg sjølv, det er ikkje viljestyrt, og vert kalla ejeksjonsrefleks.

Nedgivingshormonet oxytocin

Viss denne refleksen uteblir, så greier ein ikkje å mjølka noko særleg ut av juret. Juret vert hardt og ømt og kviga får mjølkespreng. Dette kan retta seg av seg sjølv viss ein prøver å vaska med varmt vatn og massera juret slik at kviga får ei god oppleving når ho skal mjølkast, men viss dette ikkje lukkast, kan bøndene få nedgivingshormon som dei kan gi som injeksjon nokre minutt før mjølkinga startar.

Går bra til slutt

Oftast så løyser problemet seg etter nokre gonger med å gi ei lita sprøyte før mjølking, men det kan også vera ein tolmodigheitsprøve. Den eine kua som eg var involvert i, trengte faktisk medisin ein månad før den endeleg lærte seg å gi ned mjølk.