Holdbarhet

NRF-historie frå Breim feavlslag

I dette jubileumsåret for NRF bringer vi en historie om når NRF og djupfrysing av sædn kom til Breim.

Skrive ned av
Olav S. Egge

etter eit notat laga av Ludvik Bjørnarheim i 2006

Sentrale personar: Ludvik Bjørnarheim, Byrkjelo, Johan Berge, Oppstryn, Reiel Felde, Byrkjelo og Kåre Flatjord, Jølster (frå boka Kunstig sædoverføring).

Det første eg kan minnast var Støyva og Bjørnarheims fealslag. Det var bygt opp med styre på tre mann som stod for innkjøp av okse og ordna med fôrvert. Til å byrje med gjekk fôringa på omgang, slik at oksen stod eit år med kvar. Om somrane var det og ha dei i hamne, enten i Ålfoten eller i Jølster, i Årdalskupa. Oksen var tung for hesten å drage på trossvogn, så det hende vi måtte rigge vogna attåt ei tue i vegkanten og late oksen gå av vogna, so batt vi den etter vogna i stigningane.

Framsteg frå vilkårleg paring av kyrne

Fealslaga var nok eit framsteg frå vilkårleg paring av kyrne, men der var svake sider med desse laga og. Dersom ein hadde ein okse som avla dårleg, og hadde den i 4-5 år eller meir, vart det lenge å vente på framgang. Vi var då nokre som gjekk saman og danna Breim fealslag. Først i eit samarbeid med at vi bytte oksar, slik at lagsoksane stod ein vinter i kvar av dei gamle fealslaga, desse vart då som rode i det store laget. Etter kvart fekk vi meieriet til å stå for det økonomiske, slik at vi kunne kjøpe inn av dei beste oksane som var på marknaden. Det var og ei stor forbetring fram mot at ein gjekk over til inseminering. Der fekk ein avlsteste oksane, og ein kunne ta ut mangdobbelt av sæd frå eliteoksar. Så fekk vi ordninga med frosen sæd som vi har i dag.

Landslaget for Sør - og Vestlandsfe

I 1950 åra vart landslaget for Sør - og Vestlandsfe skipa. Det omfatta Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agder, og med fylkesagronomane i kvart fylke som leiarar for avlsarbeidet. Dei satsa mest på kontrollag i alle bygder, og utval av oksar etter eksteriørdømming på utvalssjå rundt om i bygdene, men også frå fylkes- og landsdelsutstillingar. Oksane burde helst være etter elitekyr.

Diskusjon om ein skulle gå over til inseminering

Det var alltid ein diskusjon innan styret om ein skulle gå over til inseminering. Denne interessa auka med åra. Det vart oksestasjon både på Sola i Rogaland og i Molde i Møre og Romsdal. Det var vanskeleg med distribuering av fersk sæd over heile området. Dertil kom at NRF distribuerte sæd av NRF-oksar frå Hamar. Dette visste det seg at bøndene ville ha, og Sør- og Vestlandsfealslaget på landsbasis gjekk inn som følgje av denne interessa. Det vart halde styremøte i landslaget på Sola oksestasjon, likeeins i Molde. Det var tautrekking om kvar ein stasjon skulle være. Eit vanskeleg spørsmål var distribuering. Så kom spørsmålet – ville ein kunne konkurrere med NRF om kundane. Det var mange som på denne tid var mest interessert i NRF.

Nedfrysing av sæden

Den 6. desember 1962 gjorde veterinær Bjørn Romundstad eit forsøk på garden til Leif Sætre, som kom til å få svært mykje å seie for husdyravlen - særleg ute i distrikta. Han inseminerte då fem kyr med frosen sæd, som var oppbevart på flytande nitrogen. Forsøket var starten på eit større NRF-prosjekt som vart så vellukka at ein med stort hell har køyrt etter same mønster sidan. Samtidig viste deg veg for mange lange i Europa. Bjørn Romundstad, som hadde arbeidd i fem år som stasjonsveterinær i NRF, og Byrkjelo vart pionerar i bruk av frosen sæd i husdyravlen i Noreg og Europa.

Foto: H. Lyslo, Sandane, for bladet «Husdyr og Avdrått».

Møre og Romsdal såg det som naturleg at Sogn og Fjordane vart med og bygde ut i Molde. Eg var såleis innkalla til møte i styret for oksestasjonen der. Siste møtet var i 1962. Oksestasjonen var sprengd, det var oksar på alle ni båsane, dertil hadde dei tre nydyrkingsgardar på hand. Dersom dei kjøpte desse, og bygde ut det heile, måtte Sogn og Fjordane og NRF-landslaget være med. Til dette møtet var H. Bekkedal, formann i NRF laget, og veterinær Oddmund Filset innkalla. Filset hadde då nett vore på kurs og lært om nedfrysing av sæd. Han heldt då ei utgreiing om dette. Han meinte dette var lagringa i framtida - dersom det heldt det som var lova. Dei ville gjerne prøve denne metoden, men dei måtte ha eit prøveområde. Eg forstod det slik at dei fleste var avventande. Eg måtte reise heim før møtet var slutt for å nå ferja og rekke heim. Dei ville då at eg skulle seie mi meining om dei framlagde prosjekt. Eg sa då at når det gjeld utbygging i Molde, så kunne eg ikkje være med på å tilrå det. Når det gjaldt utbygging og bruk av frosen sæd, så håpte eg at dette kunne gå i orden, og at Sogn og Fjordane kunne kome inn på denne ordninga på grunn av dei vanskelege distribusjonsforholda i fylket. Eg såg at både Bekkedal og Filset letna og lyste opp.

Sende veterinær til Byrkjelo

Før eg reiste frå møtet i Molde, kom Helge Bekkedal bort til meg og sa, at dersom vi ville prøve med frosen sæd så skulle dei skaffe oss veterinær, utdanne han til bruk av frosen sæd, og sende han til Byrkjelo. Vi tok kvarandre i handa og bekrefta avtalen. Dette resulterte i at dei sende dyrlege Romundstad til Byrkjelo, han var då utdanna i bruk av denne metoden.

Slik kom her veterinær til Byrkjelo, og slik vart Sogn og Fjordane første fylket i landet med bruk av frosen sæd.