Gode gener frå Snåsa
I 2024 henta Geno heile 10 kalvar til Øyer. Desse er oppdretta av 8 ulike produsentar på Snåsa.
Veterinær i Geno
.jpg)
Ole Sivert Bomo er Genokontakt, her med ein embryokalv.
Ein av desse 10 kalvane er 12431 Horjem-PP, den NRF-oksen med høgast avlsverdi i dag; heile 56! Oppdrettar av denne gode oksen er Peter Finsås, som sjølv dessverre gjekk bort i desember. Eit anna toppindivid av dei 10 kalvane er ei kvige oppdretta av mjølkeprodusent Harald Kavli. Ho har også 56 i avlsverdi og står i embryoproduksjon på Store Ree. Til no har ho produsert 7 godkjente embryo.
Auka avlsinteresse
Ole Sivert Bomo, oppdrettar av 3 av kalvane som er vorte henta til Øyer i 2024, er også Genokontakt på Snåsa. Han fortel om ei auka avlsinteresse mellom bøndene i kommunen dei siste åra. Sjølv har han vore ei viktig brikke i å få mange av produsentane til å teikna embryoavtale med Geno, og bli såkalla avtalebesetningar. Sjølv om det er forventa noko høgare omløp ved innlegg av embryo samanlinka med bruk av semin, er embryo noko som har gitt fleire av besetningane eit løft avlsmessig, og vil kunne gje dei ei vinning på sikt. På Snåsa er det i dag to veterinærar som legg inn embryo; Thor Johan Skaget og Ole Christian Kjenstad. Dette gjer at opplegget fungerar og tilbudet til bøndene vert godt. Då Geno arrangerte eit fysisk produsentlagsmøte i kommunen i februar var det stor oppslutning. Det møtte heile 26 personar, noko som er imponerande med tanke på at det i dag er 29 hentepunkt på Snåsa. Held interessa og avlsfokuset fram slik det gjer no, er det ikkje utenkeleg at det kan dukka opp fl eire toppindivid frå Snåsa også i åra framover.
Lite hjelp i gode gener hvis kalven ikkje har det bra
.jpg)
Elise Rosdahl er oppteke av å få til robuste kalvar som blir gode grovfôrdyr.
Elise Rosdahl er ein av produsentane på Snåsa som nyleg har henta heim ei kvige som har stått i embryoproduksjon på Store Ree. Ho er levande oppteke av at kalvane hennar skal ha det bra, slik at dei kan nå opp mot sitt genetiske potensial i framtida. Fokuset hennar startar allereie med sinkua. Alle sinkyr får sinkubolus slik at dei er dekka med mineralar. Med dette opplever ho vitale kalvar frå starten. Vidare gir ho kalvane så mykje råmjølk som dei ynskjer. Ofte drikk dei mellom 3 - 5 liter første måltid. Råmjølka vert varma til 40 grader før tildeling, og ho passar alltid på at ho har varma opp nok mjølk.
Gradvis overgang til pulvermjølk
Dei første 2-3 dagane etter fødsel får kalvane mjølk frå flaske før ho vennar dei på smokkebøtte. Ho gjer overgangen til pulvermjølk gradvis. Ho startar med ein fjerdedel pulvermjølk, resten vanleg mjølk. Over 4-5 dagar er dei då oftast over på rein pulvermjølk. Dei får heile tida mjølk tre gonger om dagen, og får drikka så mykje dei vil. Fleire av kalvane kan då drikka opp imot 15-18 liter totalt. Elise let kalvane stå i enkeltboks i ca. 2 veker. Då opplever ho dei som meir robuste før dei kjem i fellesbingar. Dei har heile tida tilgang på grovfôr, vatn og kalvekraftfôr i enkeltboksane.
12 liter pulvermjølk i automaten
.jpg)
Elise Rosdahl med embryokvige som nyleg har kome attende frå Store Ree.
Etter desse to vekene vert dei sett i binge med drikkeautomat. Her vert dei ståande på 12 liter pulvermjølk fram til nedtrappinga kring 45-50 dagar. Ho brukar i alt 14 dagar på avvenninga frå mjølk. I tillegg trappast kraftfôret opp frå 0,5 kg dagleg til 2 kg dagleg i tida dei står på mjølk.
I avvenningsperioden følger Elise ekstra godt med på at kalvane ikkje tapar seg i hald og misser tilvekst. Ved å ha eit nøye fokus på kalvane i denne perioden, kan ho gjera individuelle tiltak dersom ho ser at enkeltkalvar ikkje er heilt klar for å slutta med mjølk. Då kan ho halda fram nedtrappinga over noko lengre tid.
Målet er gode grovfôrdyr
Målet til Elise er at dyra henner skal bli gode grovfôrdyr. Saman med mannen sin, Ola Rosdahl, legg dei eit grundig arbeid i hausting av godt grovfôr. Og for å få kalvane i gang med grovfôret, vert dette byta ut både i fôringsskåla i kalveboksen og på fôrbrettet kvar einaste dag. Kalvane har alltid eit godt, friskt og smakeleg grovfôr tilgjengeleg.
Robuste kalvar
Med denne gode starten på livet, opplever Elise at dersom ho skulle få noko smitte i fjøset av noko slag, så «ristar» kalvane det fort av seg. Dei er altså robuste og held seg generelt svært friske. Det er ikkje tvil om at det er fint å vera kalv i fjøset til Elise og Ola. Med god genetikk i botnen, er dette dyr som verkeleg kan prestera som vaksne!