INTERVJUER/REPORTASJER

Buføring i Vik i Sogn

Før dyrebilar og traktorar gjorde sitt inntog i landbruket, var einaste måten å komma seg til og frå stølane å gå til fots saman med buskapen. Såleis kunne dyra nyttiggjera seg graset som veks høgt til fjells som ikkje kan brukast til anna enn beite.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Dyra trekkjer fint oppover bakkane frå Vassosen til siste toppunktet på ruta som er Ennevarden med sine 1369 meter over havet.

Vegen var ofte lang og bratt der både parti med farlege stup, strie elvar og bratte snøfenner skulle passerast. Mange var glade og letta då dyrebilar tok over denne transportetappen til fjellbeita. På Vange i Vik i Sogn har dei halde tradisjonen med buføring til fots ved like, og her går dei med dyra fram og tilbake over fjellet til Preststølen i Vikjadalen som ligg om lag 14 km vekke der høgaste punktet på ruta ligg 1369 meter over havet.

Beiter på 800 høgdemeter

Sjølve stølen og beiteområdet ligg på 800 høgdemeter. Her er store vidder som vert brukte frå starten av juli til midten av september. Her beitar sauer og storfe frå fleire bygder ved Sognefjorden, i tillegg til dyr frå gardane i Jordalen i Voss kommune. Området grensar til Nærøyfjorden verdsarvpark som verdt rekna for å vera noko av det mest dramatiske og spektakulære landskapet i verda. Beitedyra gjer ein svært god jobb for å stella kulturlandskapet og hindra at skogen kjem lenger oppover dalen og i fjellsidene.

Snart 50 års-jubileum

Fram til 1955 var det tradisjonell støling i Vikjadalen med separering av mjølk, kinning av smør og ysting av gammalost. Då denne epoken var over, vart det også slutt på å nytta desse flotte fjellbeita for ein perode. I 1970 vart det bygt anleggsveg frå fjellbygda Jordalen og opp i Vikjadalen, og då vart også stølshusa sett i stand att. Frå 1976/77 starta dåverande bonde Nils Vange opp att med å nytta beita, og han tok opp att tradisjonen med buføring på slutten av 1970-talet. Mange trudde på den tida at NRF- kyrne vart for store og tunge til å gå så langt, men desse spådommane har familien på Vange gjort til skamme.

Buførehelga

Andre helga i september er «buførehelga» på Vange, og då skal dyra heim frå fjellbeite. Denne gongen var det 65 storfe totalt som skulle heim etter nokre fine sommarveker på fjellet. No ventar konsentrert haustkalving for 45 kyr og følgeleg mjølking og fjøsstell heime for bonden Turid Haga Vange med familie. Kyrne er avsinte om sommaren, og då kan både dyr og folk få litt fri frå fjøsstell den stunda dyra er på fjellet.

God hjelp

Dagen før sjølve buføringa heim til Vik, vert alle dyra samla slik at ein har oversikt over kor dei er når vandringa heimover neste morgon tek til. Turen startar tidleg slik at dyra ikkje byrjar å gå feil veg, nedover dalen att. Med såpass mange dyr gjeld det å ha godt med folk med til å jaga og passa på at alle vert med heim att. Viss det vert tett skodde, så kan det skje at dyr stikk seg vekk og kan bli ståande att. Det er også viktig å ha folk til å møta og passa på at dyra ikkje går utover på farlege og bratte parti. Desse turane var eg alltid med på før, så no var det veldig moro å bli med att. Eg fekk saltposen i handa og oppgåva med å gå fremst, så det var stas.

«imponerande å sjå kor godt store NRF-kyr tek seg fram i ulendt terreng»

NRF greier seg godt i ulendt terreng

Her er me i gong med den fine turen heim til Vik. I bakkant ser me anleggsvegen som går opp frå Jorddalen. Bilturen tilbake til Vik tek om lag 1,5 time og er 10 mil, medan gåturen over fjellet er om lag 1 mil og tek rundt 4 timar med flokken.

Krossbakkane er bratte, men NRF-dyra tek seg lett fram sjølv om mange av desse skal kalva om ein månad. Når desse bakkane er passert, kjem me opp til Bråthatten som ligg 1350 moh.

Det haustast på Preststølen i Vikjadalen. Her nyt både folk og fe gode dagar desse korte, fine sommarvekene som går så fort.

Denne laurdagsmorgonen er værmeldingane gode, og dyra verkar «klare» til å villa heim att. Bjøllekua Audhild er ei erfaren ku på fem år som har gjort turen mange gonger før, så ho leiar flokken stødig oppover Steinbotn og vidare oppover Krossbakkane. Det er mange dyr, og det vert litt strekk i følgjet. Mange av kyrne har høgt tempo heimover, dei er i god fysisk form sjølv om dei skal kalva om ein månad. Det er også imponerande å sjå kor godt store NRF-kyr tek seg fram i ulendt terreng.

Dyra veit kvar dei skal

Tidlegare låg det også store og bratte snøfenner som dei måtte passera på turen, men dei siste åra har desse vorte heilt borte, truleg som følgje av eit varmare klima. No går mykje av turen på jordsti, steinur og grasmark. Dyra går i bra tempo heile vegen, og når me har passert Ennevarden på 1369 meter over havet og ser ned att mot Vik, så er det akkurat som at dei forstår at dei ser heim att, for då set dei opp farten endå meir. Turen går vidare ned til stølen Hang og endar til slutt nede i Seljedalen i Vik.

Her får kyrne vera til neste føremiddag då dei vert henta vidare heilt heim att til garden Vange, nær sentrum i Vik.

Høgdepunkt

Buføringa er ei storhending, for det er både kjekt å få dyra avgarde om sommaren og fint å få dei heim att om hausten. Dette er også ei sosial hending for dei som er med og jagar, for dei får som regel ei veldig fin oppleving. I tillegg er det kjekt å gjera nytte for seg med å vera med å flytta dyra til og frå fjellbeite med å gå med dei. Etter endt buføring får også hjelparane servert nydeleg middag på Vange. No er det snart 50 år sidan dei starta opp att med denne tradisjonelle buføringa, og det ser heldigvis ut til at desse kjekke og meiningsfulle forflytningane skal fortsetja innover i framtida. Dette er både berekraftig, miljøvennleg og god ressursutnytting, så buføring til fots er etter mi meining ikkje gammaldags, men framtidsretta og «inn i tida».



GS-Drypp

Hanna Retzius Storlien

Avlsforsker i Geno

hanna.storlien@geno.no

Visste du at det er både raskere, enklere og billigere å bruke gule elektroniske GS-merker? GS-prøven sendes med melkebilen i melkeprøvebeger med vedlagt grønn etikett på lokket, og kan potensielt være på plass hos Biobank samme dag som kalven er født, merket og innmeldt. Du får dermed GS-resultater raskere enn med grønne GS-merker. Kalven må meldes inn i Kukontrollen for at Biobank kan sende GS-prøven til analyse. Dersom kalven ikke er innmeldt innen 3 måneder, kastes GS-prøven. Grønne GS-merker sendes også med melkebilen, men disse må bestilles i Geno avlsplan og sendes i posten i forkant. Det er derfor raskere, men også enklere å ta ut GS-prøven, da den tas ut i forbindelse med merking av den nyfødte kalven. Det koster 225 kr for genotyping med gule elektroniske GS-merker, mens grønne GS-merker koster 280 kr. Grønne GS-merker kan benyttes for å genotype eldre dyr som allerede er merket, og sendes ut til avlsemner (du trenger ikke sende inn grønne GS-merker dersom du allerede bruker gule elektroniske GS-merker). I tillegg brukes grønne GS-merker dersom dyret må regenotypes (hvis prøven feiler i analysen).