På garden til Reidun Smørdal Hjelle og Torbjørn Nes Hjelle er løysingane godt gjennomtenkte. Her har god dyrevelferd og det å laga ein triveleg arbeidsplass stått i sentrum når planane om ny driftsbygning til mjølkeproduksjon vart realisert.
Paret tok over garden i 2020, og våren 2022 var fjøsen klar for å bli teken i bruk. — Me har ikkje spara på plassen. Ofte byggjer ein med minste anbefalte mål som standard for å få det rimelegast mogeleg, men me har tenkt at me vil ha god plass, derfor er mellom anna fôrbrettet breitt, og det er relativt god plass med mange eteplassar i lausdrifta, smiler Torbjørn. Prislappen kom på om lag 12 millionar kroner, og dei fekk 2,4 millionar i støtte frå Innovasjon Noreg. Les hele reportasjen fra Buskap 7 i 2025 HER