Friske dyr og fornøgde bønder i nytt fjøs
På garden til Reidun Smørdal Hjelle og Torbjørn Nes Hjelle er løysingane godt gjennomtenkte. Her har god dyrevelferd og det å laga ein triveleg arbeidsplass stått i sentrum når planane om ny driftsbygning til mjølkeproduksjon vart realisert.
Frilansjournalist
Smørdal Hjelle gard og hønseri, Stad kommune, Vestland
.png)
Reidun Smørdal Hjelle og Torbjørn Nes Hjelle
Ragnhild (16), Ingeborg (15), Marit (12), Magnus (9) og Sondre (7).
Sissel og Bjarne, foreldra til Reidun, er aktivt med i drifta
Mjølkekvote: 425 000 liter, eig 280 000 liter
Buskap: 40 mjølkekyr, set på 15 kvige- og 10 oksekalvar, sel resten avkalvane til liv
Areal: Sler 400 dekar
60 vinterfôra sauar, 7 500 verpehøner
Aktuelle for å ha bygd ny fjøs i 2022 med fokus på god velferd for folk og dyr
.jpg)
Torbjørn og Reidun har laga ein flott arbeidsplass i den funksjonelle og trivelege fjøsen.
Både Reidun og Torbjørn har planar om å jobba fulltid på garden, men no har ho 10 prosent stilling som lærar og driv med “Inn på tunet”, medan Torbjørn jobbar ein del som privatpraktiserande dyrlege. Foreldra til Reidun, Sissel og Bjarne, er for fullt med i drifta, og dei fem barna er også sterkt involvert og hjelper mykje til.
Paret tok over garden i 2020, og våren 2022 var fjøsen klar for å bli teken i bruk. — Me har ikkje spara på plassen. Ofte byggjer ein med minste anbefalte mål som standard for å få det rimelegast mogeleg, men me har tenkt at me vil ha god plass, derfor er mellom anna fôrbrettet breitt, og det er relativt god plass med mange eteplassar i lausdrifta, smiler Torbjørn. Prislappen kom på om lag 12 millionar kroner, og dei fekk 2,4 millionar i støtte frå Innovasjon Noreg.
Brukte lokale firma
.jpg)
Dei yngste kalvane er godt skjerma for trekk i denne avdelinga like i nærleiken av kalvekjøkkenet. Kalvane vert fôra på mjølkeerstatning fram til dei er rundt to månader gamle. Her er stadig ungar på besøk, og her har Magnus og Sondre med seg kameratane Oddvar og Julian på kalvefôring.
- Me har heile vegen lagt vekt på å bruka lokale verksemder og firma til planlegging og bygging, og dette er bra både for oss og næringslivet rundt oss, seier Reidun. Viss det er noko som må ordnast, så kjenner dei ulike firmaene til fjøsen og korleis ting er gjort, så då går det lettare for alle partar.— Me er også trygge på at desse lokale firmaene er seriøse og gjer ein god og skikkeleg jobb, og det gjer byggjeprosessen betre, seier Reidun vidare.
I grenda der dei bur er det stor satsing på mjølk, det er ikkje mindre enn fem store robotfjøsar på ein radius på 1 kilometer, så her ser ein verkeleg korleis bøndene bidreg til å oppretthalda arbeidsplassar i distrikta, for det er ikkje tvil om at desse kjøper ein del varer og tenester. Utvidar me radiusen til to kilometer vert det sju robotfjøsar.
Heiltre, gardiner og naturleg ventilasjon
Sjølve bygget er i heiltre, og på langsidene er det gardiner som går opp og ned, alt etter kva temperaturen er. Innetemperaturen er innstilt på sju grader celsius, så på varme dagar er det full lysopning. På denne måten vert det veldig lyst og triveleg inne. Her er naturleg ventilasjon der ny luft kjem inn på langsidene medan brukt luft går opp gjennom mønet. — Dette systemet fungerer veldig godt. Luftkvaliteten er god og så er det så stilt her, seier Reidun fornøgd.
«Oksane set tydeleg pris på å få liggjepall»
Uansett vær og årstid, så har dette fungert godt, og det er eit tørt og godt inneklima i fjøsen.
Familien har også nytta seg av gjenbruk av heiltrelaminat som er skore ut av veggane der det mellom anna er vindauger til kontoret, så på fjøskontoret og i smitteslusa er flotte hyller, bord og skrivepult laga av solid materiale frå veggane.
Ungdyrsid
.jpg)
Familien har eigen klauvboks lett tilgjengeleg. Torbjørn tek seg av all klauvbehandling.
.jpg)
Eine liggjebåsrekkja er ut mot yttervegg, og her er reint, fint og god luftkvalitet for dyra.
.jpg)
Før ein går inn i husdyrrommet, tek ein på seg fjøsstøvlar og kjeledress. I slusa er det også toalett, noko som er veldig praktisk, særleg når ein har små ungar som ofte er med i fjøsen.
.jpg)
Frå fjøskontoret er det god utsikt til kalvingsbingane og elles i fjøsen. Det solide skrivebordet er laga av heiltrelaminat som er skore ut frå veggane under bygginga av fjøsen.
.jpg)
Torbjørn viser fram ein smart måte å “lura” skeptiske kviger inn i roboten. Dei har to grinder som dei styrer dyra inn med viss dei ikkje går inn frivillig.
Sjølve fjøsen er veldig funksjonell i tillegg til å vera lys, stille og rein. — Me går over og måkar og strør alle båsar og liggepallar tre gonger for dagen, og dette slurvar me ikkje med, seier Reidun.
Dette grundige arbeidet viser att på dyra, for alle er både reine og tillitsfulle etter mykje handtering. Alle dyra har også namn, så her vert alle «sett». Eine sida av fôrbrettet er ungdyrsida der det er kalvar, kviger og oksar. Bingane er romslege med liggepall i bakkant, og heilt ut mot ytterveggen er det drivgang. Oksane set tydeleg pris på å få liggjepall, noko som ikkje er lovpålagt, men eit ekstra velferdstiltak. Dei veks godt og er slaktemodne ved rundt 15 månaders alder. — Me ser at dei også ligg i klynge på liggjepallen, så det ser ut som dei kosar seg, smiler Reidun. Oksane og kvigene vert også klipt for at dei skal holda seg reine og for å auka trivselen.
Lausdrifta
På andre sida av fôrbrettet er mjølkekuavdelinga, og denne er romsleg med mogelegheit til å dela av til sinkuavdeling i periodar med sinkyr. Når alle kyr er i produksjon, tek dei ned grindane, slik at heile arealet er disponibelt for mjølkekyrne.
Velferdsavdelinga er plassert på eine sida av roboten. Denne er romsleg med mange eteplassar, slik at kyr som av ulike grunnar er her, alltid har tilgang på eteplass utan å måtte stå tett saman med andre. I bakkant av velferdsavdelinga er det tre sjuke- og kalvingsbingar.
Eigen klauvboks
Sogn og Fjordane er saman med Nord-Noreg svært godt stilt når det gjeld smittsame sjukdommar, og den frykta klauvsjukdommen digital dermatitt er det heldigvis liten førekomst av her. Mellom anna for å redusera risikoen for å få inn denne smittsame klauvsjukdommen, så har paret kjøpt sin eigen klauvboks, og Torbjørn tek seg av klauvskjeringa i besetningen. — Det er også fint å kunne undersøkja ei ku, beskjera ved behov og eventuelt ta på klosse raskt sjølv viss nokon skulle få klauvproblem, seier Torbjørn. Han kvir seg ikkje til å ta denne jobben, og når det ikkje er spesielle problem, så held det med klauvskjering av heile besetningen ein gong i året.
Mest haustkalving
For å nytta seg av store beiteressursar i fjell og utmark der dyra får nyta fine dagar samstundes som kulturlandskapet vert stelt, så kalvar dei fleste dyra om hausten slik at dei er avsint om sommaren. Familien testar også ut Nofence på beitedyra, og dette ser ut til å fungera godt. — Me har til ei kvar tid oversikt på mobilen kvar dyra er, og dette kan også forenkla gjerdehaldet betydeleg, smiler Torbjørn fornøgd.
Kyr som av ulike grunnar kalvar på andre tidspunkt er heime og mjølkar om sommaren, men desse har tilgang på godt beite rundt fjøsen, og dei har svært god plass i lausdrifta. — Det passar fint med mjølking heile året, for me må uansett ha folk på garden heile sommaren, seier Reidun.
Høg yting og friske dyr
Ho fortel vidare at dei har som mål at kvar ku skal komma opp i produksjon på 10 000 liter i året, noko som ikkje er langt unna rekkevidde. Tørrstoffinnhaldet er også godt. Dei har gjennomsnitt på 4,3 prosent feitt og 3,6 prosent protein i mjølka til no i år. Til mjølkekyrne nyttar dei seg av to kraftfôrslag; Formel favør og Formel premium låg. Alt grovfôr vert tildelt med Avant, og dei brukar rundballar.
Helsa generelt og jurhelsa spesielt er veldig god i besetningen. — Me har ikkje behandla nokon jur i laktasjonen, men har sinbehandla litt viss speneprøvar har vist behov for det, fortel Torbjørn.
God start
Kyrne kalvar i kalvingsbinge, og ku og kalv går vanlegvis saman fram til mjølka frå kua skal på tanken. Vidare står kalven nokre dagar i enkeltbinge der den venjer seg til smokk og mjølkeerstatning, før den går vidare til romsleg fellesbinge. Her er det kalvedrikkautomat, og kalvane får tilgang til maks 10 — 12 liter for dagen, og dei vert avvent frå mjølk på rundt 60 dagar. Alle kvigekalvar vert også GS-testa for lettare å velja ut kven som skal vera med vidare, men også for å velja ut kva okse kvigene skal inseminerast med når den tid kjem.
Heile storfamilien er med
I tillegg til storfe har familien også 7500 verpehøner og 60 vinterfôra sauer. Heile storfamilien er med på drifta, og det er kjekt å jobba saman. – Her er det alltid noko å gjera, og det er viktig å finna ein balansegang mellom arbeid og det å ha tid til å gjera andre ting, seier Reidun. Vidare seier ho at dei prøver å ha mest mogeleg fri på søndagane og berre ta fjøsstell denne dagen. Denne fjøsen er ikkje berre god for dyra, men er også god for folk å vera i, og det er eit godt utgangspunkt for vidare god drift inn i framtida.