Forskjellig

Leserinnlegg

Genredigering - kvifor eg er imot

Jostein Harboe

Mjølkebonde

Foto: iStockphoto

Heilt sidan starten på husdyrhald har me drive med avlsarbeid. Me har kryssa dei beste dyra med kvarandre, og fått betre dyr. Etter kvart som tida har gått, har me fått fleire hjelpemidlar for å finne dei beste dyra. Det starta med avkomsgransking, blup-indeks, og nå sist GS. Alt dette handlar kun om å skaffe seg meir informasjon om dyret.

Eg har alltid funne stor glede ved avlsarbeid. Gleda meg over framgongen. Likt å sjå i oksekatalogen for å dagdrøyma om nye kombinasjonar, nye flotte, økonomiske dyr. Eg har alltid vore på, og nytta det nyaste nye. Tidleg til å nytta kjønnsseparet sæd og GS. Samstundes er eg opptatt at me må setta ein strek ein stad, ein gong må me sei nei til ny teknologi. Og det må me gjera før me blir for grådige.

Alt me har gjort hittil er å skaffe meir informasjon om dyret, sikra avlsverdien av dyret. No vil Geno ha oss vidare. Me skal ikkje lenger berre drive avl ved å finne krysningskombinasjoner av dei beste dyra, me skal og inn i genene til dyra og endre det me ikkje like. For meg går det ein naturleg skilje her. For det er ein stor forskjell på å la naturen gå sin gang, og å erstatte det ein ikkje like, kunstig i ein lab. Og eg veit ikkje om eg vil vera med vidare.

Geno hevdar dette er kun eit nytt hjelpemiddel, på linje med GS. Eg meiner redigering av gener ikkje er noko for mennesker. Geno hevdar dette kunn skal brukast på enkelgen som kollethet, arvelege sjukdommar osteprotein og liknande. Eg trur ikkje me klarer å stoppe når teknologien er der. Om nokre år kan me kanskje redigere langt meir enn no. Og kva med mennesker, klare me å stoppe, eller vil me redigere dei og?

Og kva med gleda over nytt liv, ein kvigekalv av ein spanande kombinasjon. Blir gleda lika stor når ein veit at genene er tukla med? Eg trur ikkje det.

Det er inga veg tilbake når Geno starte med dette, dei kjem ikkje til å slutte. Og eg som ikkje ønske dette, har ikkje mange val. Svelge kamelen, og bli med vidare, skifte rase til ein som ikkje vil nytte genredigering (om dei finns), eller slutte som storfebonde…

Se svar fra på leserinnlegget i neste artikkel.