Forskjellig

Dagbok fra Melsomkyra

Treng møteplassar

Når me blir færre produsentar blir det viktigare å kjenne kvarandre. Til bedre me kjenner kvarandre til lettare blir det å forstå kvarandres mogleghetar og utfordringar.

Tekst og foto: Kari Lise J. Dybo

Mjølkeprodusent

kari.dybo@gmail.com

Jentene nyter sol og grønt gras.

Så var nasjonaldagen over. Ein dag som for oss, då ungane var små, innebar full fart frå morgostellet kl.05.00 til kveldsstellet var over kl.20.00. Den eine av oss sprang i fjoset, og den andre fekk fem ungar klare til fyrste toget kl.09.00, barnetoget opp til skulen. Dei fyrste par åra som mjølkebøndar la me også inn borgartoget kl.12.00. For så å stresse tilbake til aktivitetane på skulen, der den eine av oss bidrog etter beste evne, og den andre gjekk i fjoset. Dette er nok ikkje så ukjend for dei fleste. Mange bøndar har det slik. Som mange andre aktørar på ein slik dag. Skulekorps og dugnadsgjengar. For det er det 17.mai symboliserar for meg; fellesskap og dugnad. Å stå sammen. Å kjenne på kor mykje det betyr å oppleve den gleden over friheten som kjem til syne på ein slik dag. For oss som har noken å stå opp med, stå sammen med og føle glede med er denne dagen god. Nå er ungane vaksne og me har meir tid til å glede oss over dagen og kvarandre. Men det er mange som ikkje har det slik. Dei skal me hugse på. Me må sjå dei, og gjere vårt for å skape rom for dei òg.

Arenaer for både faglege og sosiale behov.

Flora er heime igjen etter tur til Geno.

Samhold og samarbeid er noke som på mange vis skapar glede og nytte. Me har eit aktivt produsentlag, og AU er flinke til å arrangere møter. Dei gjev oss gode arenaer der me får fylt både faglege og sosiale behov. Me blir færre og færre bøndar. Det blir vanskelegare og vanskelegare å kjenne kvarandre, til tross for at me er kollegar. Uten desse møteplassane er det ikkje så lett å be om råd og innspill. Noken å diskutere med, noken som forstår seg på kvardagen ein har, noken ein kan ta ein lunsj med.

14.mai var graset klart

Våren kom tidlegt og blei lang. Me skulle så korn, mais og åkerbønner. Enga og haustkornet skulle ha gjødsla si. Og beiteområda skulle gjerast klare. Våren i år gjorde at våronna var mindre stressande enn det ofte er. Før 1.mai var våronna over. Grasutstyr blei klargjort. Såmaskin og ana våronnutstyr blei vaska og sett vekk. Før slåtten startar her i området brukar me å ha ei markvandring hos ein av mjølkebøndane for å vurdere eng og slåttetidspunkt. Kven som er vert for markvandringa endrar seg frå år til år. Me får litt info om garden me er på besøk hos og enga me skal sjå på. Eit par rådgjeverar har me også med oss. I år blei markvandringa lagt til 19.mai. I tru på at det var godt med tid til noken skulle slå. Men neidå. Våren har vore tidleg i år. Det kjendes nesten ut som om sommoren hadde kome.14.mai var graset klart. Plansiloen blei rydda ferdig, plast blei hengt opp på sidene, og haustelaget gjorde seg klare. 10-14 dagar før det som er vanlegt. Så gjekk det slag i slag for haustelaget me er ein del av. Totalt sju gardar fekk graset sitt i hus i løpet av ei vike. Det var godt å sjå at regnet kom. Alt som veks hadde godt av det nå.

Ammekyrne ut på beite

Livet er herlegt.

Grasstrengane er klare for å haustast.

Ammekyrne var godt ferdige med kalvinga. Blåtungevaksine var unnagjort med unntak av fem kalvar som kun hadde fått ei dose. Graset på beita vaks godt og det låg til rette for å sleppe dei ut. Det tok eit par dagar å gå over gjerdet. Så kom dagen. Dei fekk eit par dagar i treningsgarden så kalvane blei kjend med straumtråden. Etter det blei dei kjøyrd ut. Glade og fornøgde var nesa i graset med ei gong. Ca fjorten dagar etterpå skulle stuten ut. Nå skulle fleire ting skje på ei gong. Fire damer skulle ikkje bli med vidare. Dei skal gå med kalven sin ut sesongen, og deretter skal dei slaktast. Så; stut ut, fire kyr me kalv på eit ana beite, og dose nummer to med blåtungevaksine til dei seiste fem kalvane. Han godeste Safir gjekk fint inn på hengaren. Ute på beitet blei det sett opp ein ring med lettgrindar. Jobben nå var å få samla inn kyr og kalvar. Alle måtte med på innsida av ringen. Dei fleste var lydige og greie. Men. Så har me matrona; 85 Karolina. Ei stor og kvit dame av rasen Charolais. Like sær som alltid skulle ho overhodet ikkje inn. Men når ho skjønna at kalven var på innsida lot ho seg lure. Godt innafor blei alle behandla for snyltedyr. Dyrlegen var på plass og fekk vaksinera. Så blei dyra som skulle gå med stuten sila ut av ringen. Dermed var det bare få dei som ikkje skal parrast på hengaren og kjøyre dei til beite der det gjeng NRF-kviger. Rundt 1.juli skal Safir hentast. Då har han forhåpentlegvis gjort jobben sin og det er på tide å byte han ut.

Ein stut og fire kviger til geno

I løpet av dei seiste seks åra har me sendt ein stut og fire kviger til Geno for embryoskylling. Den siste kom heimatt nå. Det er gjevt når Geno vil ha dyr frå oss. Avl er spennande. Det er moro å sjå utviklinga me har hatt på 20 år. Spesielt etter at me aktivt begynte å bruke avlsrådgjevar. Ho kjem på besøk ei til to gonger i året. Då tek ho seg ein runde i fjoset og noterar feil og manglar på kyrne, og så gjeng me igjennom dyra i sammen og diskuterar på det som me faktisk ser i fjoset og kva GS fortel oss. Så lagar ho ein avlsplan basera på det. Eg inseminerar sjølv og har egen dunk. Sædruta kjem ca. kvar 6.veke og avlsplanen blir oppdatera i forbindelse med det. Dermed håpar me at me klarar å få til dei beste kombinasjonane heile tida.

Frå 150 til 50 mjølkebønder

Kaffepause.

Tilhøyrighet. Då me kom for 20 år si kjende me ingen. Kjende ingen kollegaer å spøre om råd hos. Ingen å ta ein kaffi med. Litt etter litt fann me ut av det. I stor grad fordi produsentlaget hadde fleire arrangement i løpet av året. Storfekafè, storfedag, jolemøte og sommoravslutning for å nevne noken. Me blei kjend med folk i same situasjon som oss. Nyetablerte og med små ungar. Moglegheten til å dele store og små ting med noken som forstår situasjonen er uvurdereleg. Etterkvart som åra gjekk forsvann den eine etter den andre av mjølkebøndane hos oss. Frå ca. 150 stykk i 2004, til ca. 50 i dag. Men mjølkeproduksjonen er nesten på same nivå som den gong. Det betyr at fleire har blitt fulltidsbøndar, og at fleire har verkeleg fulle dagar. Og endå viktigare blir det å ha diverse møtepunkter. Det er fleire organisasjonar som arrangerar ulike møter. Men når me etterkvart blei færre husdyrprodusentar dukka tanken om å slå sammen arrangement som for eksempel sommoravslutninga. Påskelunsj fekk me og på plass. Til færre me er, til viktigare blir det å kjenne kvarandre. Om ein så driv med mjølk eller gris. Til bedre me kjenner kvarandre til lettare blir det å forstå kvarandres mogleghetar og utfordringar.

Det javne er ofte det beste

Sjølv om utesesongen byr på ein god del meirarbeid og arbeidstoppar så flyt ofte dagane på det javne. Fjosstell morgo og kveld. Reingjering, reparasjonar, kraftfôr som må bestillast, kalvingar og inseminasjonar. Og godt er det. Det javne er ofte det beste. Då har ein gjerne kapasitet til det som brått dukkar opp.