HELSE/FRUKTBARHET/DYREVELFERD
Frå dyrlegens kvardag

Naudslakt til heimebruk

Dagens regelverk gjer at fullt brukbart kjøt ikkje alltid kan sendast til slakteri — men det kan nyttast til eige bruk.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Av og til hender det at eg vert kontakta av bønder som har dyr som er så sjuke eller skada at prognosen for å bli frisk att er avventande, dårleg eller slett. Det kan også vera at dyret har så store lidingar at det einaste rette er avliving. Mange gonger er det slik at kjøtet på desse dyra, etter mi meining, er fullt brukanda som menneskemat, men innskjerpa regelverk for kva som kan sendast inn på slakteri som naudslakt, gjer at me ikkje kan få desse inn på anlegga.

Ku med symptom på løpedreining

Torodd Kvam er ein dugande slaktar som ikkje kvir seg for å stilla opp å hjelpa bøndene når uhellet er ute og dei må avliva dyr som ikkje kan sendast som ordinært naudslakt til slakteri. Kjøtet er fullt brukbart til menneskemat til eige bruk.

For ei tid tilbake vart eg kontakta av ein bonde som mistenkte at kua hadde fått mjølkefeber sjølv om det var nokre veker sidan kalving. Denne diagnosen er mest vanleg i tida rundt kalving, men den kan oppstå lenger ut i laktasjonen også. Kua var kald å ta på, hadde opphøyrt matlyst og var treg med å reisa seg.

Eg syntest ikkje ho likna på klassisk mjølkefeber då eg såg på ho, for kua verka smertepåvirka, ho hadde mellom anna rask puls og pust og slimhinnene var noko misfarga. I tillegg så fann eg tydelege “spannlydar” i høgre flanke, noko som tyder på løpedreining.

Heldige som har tilgang på erfaren slaktar

Når symptoma på høgresidig løpedreining var så tydelege og kua såg ut til å ha det vondt, bestemte eg i samråd med bonden at det beste for alle partar var å slakta kua. Høgresidig løpedreining kan vera veldig alvorleg, og i tillegg til at løpen er utspilt, kan den også ofte vera snudd rundt sin eigen akse, og då er prognosen dårleg. Her i Sogndal og Luster er me så heldige at det er råd å få hjelp av erfarne slaktarar, og no fekk me tak i den pensjonerte slaktaren Torodd Kvam som stilte raskt opp og slakta kua. Tidlegare kunne denne vorte send som nødslakt, men no er det heilt uaktuelt å senda dyr med symptom frå mage-tarmkanalen inn på anlegga.

«for gale å senda fullt brukbart kjøt rett til destruksjon»

Får fasiten når vi opnar kua

Ved slike spesielle tilfelle synest eg det er spennande å vera med å sjå inni dyret når det vert opna, og denne gongen såg me tydeleg at avgjerda om å avliva kua var det einaste rette. Då Torodd opna buken og tok ut innvollane, såg me tydeleg at fargen på løpemagen var misfarga og i tillegg var den svært utspilt med tyntflytande innhald. Her var den både komme ut av posisjon, den var dilatert (utvida) og dreidd rundt seg sjølv. Ved løpedreining så er det i nokre tilfelle råd å operera den på plass att, men i dette tilfelle hadde det ikkje vore gjennomførbart når løpen såg slik ut.

Reduserer matsvinn

Sjølv er eg oppvaksen med at me skal ta godt vare på maten, og både bonden, slaktaren og meg synest at det er for gale å senda fullt brukbart kjøt rett til destruksjon når det kan brukast til folkemat. Det er viktig å merka seg at det ikkje er lov å selja kjøt som ikkje har vore gjennom ordinær kjøtkontroll, men det er fullt lovleg å bruka kjøtet sjølv.