God drift og frisk satsing på ammeku
På Indre Hafslo i Luster kommune driv Erlend Kjørlaug Larsen og Thea Meisingset med kjøtproduksjon på ammeku. Kårfolka er også aktivt med i drifta, og dei har satsa friskt med full ombygging av båsfjøs til moderne lausdrift. Familien legg stor vekt på å få fram rolige og handterbare dyr, og dei baserer drifta på kun inseminering, noko dei lukkast godt med.
Frilansar Buskap
Kjørlog gard, Luster kommune, Vestland fylke

Erlend Kjørlaug Larsen og Thea Aas Meisingset, barn Sigmund 1 år
Buskap: 24 mordyr. Om lag 35 dyr på beite gjennom sommaren og om lag 60 dyr på det meste i kalvingssesongen.
Areal: Disponerer 144 mål full- og overflatedyrka, eig 72 mål sjølv, disponerer 112 mål innmarksbeite, eig 93 mål sjølv, disponerer store utmarksressursar
Aktuell fordi satsar på ammekyr og lukkast med kun inseminering

Fjøsen er romsleg og lys, og dyra har god plass rundt kubørsten og liggjebåsane som er i nye delen av fjøsen frå 2021.
Erlend tok over drifta av garden i 2017, der dei dreiv med tradisjonell mjølkeproduksjon fram til mars 2021. Mjølkekvoten vart selt i den nasjonale utkjøpsordninga i 2020, og pengane som kom inn, vart brukt til ombygging av båsfjøsen frå 1983 til topp moderne lausdrift for ammeku i 2021. Familien brukte NRF-mjølkekyrne til å byggja opp ammekubesetninga med rasen Hereford. - Siste mjølkekua reiste i vår, så dette gjekk fint, smiler Erlend fornøgd. -Valet fall på rasen Hereford fordi dei er kjend for godt lynne, er nøysomme, utnyttar grovfôr og beiteressursar godt og er fine dyr, seier Erlend vidare.
Konsentrert haustkalving og mykje handtering
På garden var det konsentrert haustkalving frå tida med mjølkeproduksjon, og dette har Erlend vidareført til ammekuproduksjonen. - Med å ha kalving om hausten, får me handtert kalvane gjennom heile vinteren, og dei vert veldig fine å ha med å gjera, seier Erlend. Familien er godt fornøgd med dette opplegget, og dei får ei god samhandling med dyra. - Hovudmantraen vår er at dyra skal vera greie å handtera, poengterer Erlend. Dette er til stor nytte for alle som er innom fjøsen, slik som inseminør, dyrlege, dyrebilsjåfør og klauvskjerar, for alt går mykje betre med rolige og godt handterbare dyr.
Lukkast med insemineringa

Erlend har god hjelp av far sin, Ivar Birger Kjørlaug Larsen. Fôrbrettet er det same som i gamlefjøsen med nokre modifikasjonar. No er det fanghekk på begge sider, og den vert brukt kvar morgon og kveld under fjøsstellet. Fanghekken er også veldig nyttig når ein skal inseminera, drektigheitssjekka eller gjera andre ting med dyra.

Erlend har valgt tett golv, og han har Lely collector skraperobot som held golvet reint. Dette systemet fungerer godt, og roboten går runden sin kvar time.

Fjøsen har kalvegjømme der kun kalvane kjem inn, og her får dei kraftfôr og ligg og kviler store delar av dagen.

I det gamle mjølkerommet har familien laga ei original og fin smittesluse. Når ein trakkar opp på forhøgninga er ein i rein sone. Det er også varmekablar i golvet i slusa.
Erlend og familien har ikkje okse i besetningen, og dei nyttar seg kun av semin for å få dyra drektige. - Eg brukar nesten utelukkande spermvitalsæd. Det at spermiane er befruktingsdyktige dobbel så lenge som konvensjonell sæd, aukar sjansen for befruktning betydeleg, meiner Erlend. Han har også investert i SenseHub aktivitetsmålar som fangar opp brunstaktivitet, men overvåkar også helsetilstanden til dyra. - Dette er utan tvil den beste investeringa eg har gjort, og denne aktivitetsmålaren har eg tent inn att skikkeleg, seier Erlend fornøgd. I sesongen 2024/2025 brukte han 1,3 insemineringar per drektigheit, men i årets sesong ligg han på landsnittet med 1,7 insemineringar per drektigheit.
– I år er over halvparten drektig med ei inseminering, så det er nokre dyr som dreg opp snittet, seier Erlend. Ein annan stor fordel med å bruka semin i høve til å kjøpa okse, er at semin er mykje tryggare med tanke på å få inn tapsbringande smitte. Kjøp av livdyr er ein av dei største risikofaktorane for å få inn uønska smittestoff.
Hormonbehandling
- Me startar insemineringssesongen med å ha dyrlegen her å sprøyta kyr for å komma i brunst, og på den måten får me mange kalvingar i starten når me fyrst startar opp. Det var slik me gjorde det då me dreiv med mjølk, og dette opplegget har fungert så godt at me har fortsett med det då me gjekk over til ammekyr, fortel Erlend. I tillegg til aktivitetsmålaren SenseHub, noterer dei også ned blodkast, sliming, riding og brunst heilt i frå kalving, og desse notata vert brukt aktivt i insemineringssesongen.
Fokus på fôring
For å få kua i brunst og vidare få ho drektig, er det svært viktig med god og korrekt fôring. - Me følgjer godt med på holdet på dyra, særleg 1.kalvarane er me veldig nøyen med at ikkje må gå for mykje ned i hold etter kalving, seier Erlend. Dei sler graset tidleg og tek alltid fôrprøvar for å vita næringsinnhaldet i fôret. Grovfôret vert lagt i to tårnsiloar som er 9 meter høge og 5 meter i diameter, i tillegg har dei ein del rundballar. Sjølve fôringa skjer ved hjelp av ein TKS fôrutleggjar. Kraftfôret vert gitt manuelt, og dei brukar Formel Biff både til kyr, ungdyr og kalvar. Alle dyra vert låst fast i fronten under fôringa, for då unngår ein at dyr vert stanga vekk, og alle får «matro». Dyra står gjerne fast 2 timar morgon og kveld i samband med fôringa.
Produserer mellomkalv
Kalvane vert fødd i kalvingsbinge og går saman med mødrene i lausdrifta i om lag 5 månader. Dei har eigne kalvegjømme der dei får kraftfôr og ligg og slappar av mykje av dagen. Oksekalvane og kvigekalvar som ikkje vert påsett, vert fôra fram til mellomkalvar, og vert slakta rundt 6 månader gamle. Kvigekalvane som er påsett vert sleppt på eige kalvebeite heime fyrste sommaren, og der får dei kraftfôr og mykje tilsyn og handtering av folk. Mordyra vert sleppt på fjellbeite heile sommaren, og beitesesongen varer om lag frå mai – oktober.
Fleire generasjonar bidreg
Både Erlend og Thea har jobb utanom gardsdrifta, og då er det til uvurderleg hjelp å ha kårfolk heima på garden på dagtid. Ivar Birger, far til Erlend er også fast med morgon og kveld i fjøsen, så det lettar arbeidet mykje for drivarane.



