Fôr/Fôring

Ny teknologi kan redusere mjølkefeber til eit minimum

Norske surfôranalysar viser stor variasjon i mineralinnhaldet, og dermed også i KAD-verdiane. Ein bør derfor analysere sinkuasitt surfôr for mineral før ein bestemmer doseringa av coata kalsiumklorid. Dette for å sikre stabil respons. Det er også best å dosere coata kalsiumklorid som «rein vare» uavhengig av bruken av alminneleg sinkumineral.

Kjell-Rune Vik

Produktsjef drøvtyggarfôr i Fiskå Mølle, sivilagronom husdyrfag

kjell-rune.vik@fiska.no

I Buskap 1/2026 fortalde eg om bruk av coata kalsiumklorid som kan løyse utfordringa omkring mjølkefeber ved kalving gjennom å surgjere blodet til sinkua. Då aukar nivået av Ca i blodet omkring kalv­ing slik at kua ikkje får verken skjult eller synleg mjølkefeber. Parallell måling av urin-pH før kalving er eit praktisk styringsverktøy for å sjekke om ein har gitt tilstrekkeleg kalsiumklorid til å oppnå ein god biologiskeffekt. Vi var også innom fordelane av å dele sinkyrne inn i fjern- og nær-kalvingsgrupper som ein del av strategien før kalving.

Store variasjonar i KAD-verdiar i norsk surfôr

Jord- og planteartane i Norge har variabelt innhald av mineral, og gjødslinga av graset samt responsen av gjødslinga kan gje store variasjonar i mineralinnhaldet i surfôret. Mineralane blir også påverka av utviklingstrinnet: Tid­legare hausta gras gir ofte høgare KAD-verdi, spesielt på førsteslåtten. Det er ikkje berre kalium som varierer, men også natrium, klor og svovel. Alle elementa påverkar KAD-verdien. Sjå tabell 1 for dømer.

I tillegg er det stor skilnad mellom korleis mjølkebønder fôrar sinkyrne sine med grovfôr. Somme gir sinkyrne det same gode surfôret som mjølkekyrne, og dette er ofte godt gjødsla og tidleg hausta. Eventuelt at sinkyrne får «oppsop» av slikt surfôr. Dei flinkaste har imidlertid ei eiga sinkuavdeling der sinkyrne får eit eige surfôr hausta på eit seint utviklingstrinn. Eller endå betre: Ein sinkumiks som inneheld både seint hausta surfôr og snitta halm for å få ned energiverdien i rasjonen, samt for auke både NDF-innhaldet og drøvtygginga. Sjå dømet i tabell 2.

Flat og ukritisk dosering av kalsiumklorid er feil metode

Vår franske leverandør av coata kalsiumklorid har gjort eigne ­erfaringer med dette unike coata produktet, og uttaler: «Erfaringa er at 100-150 gram per dag er høveleg dosering til å oppnå god effekt, avhengig av KAD i sinkufôret.»

Men våre berekningar i vinter har fleire gongar vist at denne tilrådde doseringa ikkje er optimal i norske sinkurasjonar.

Tabell 1. Dømer på typisk surfôr til sinkyr, samt halm. Surfôr A er ekstra seint hausta. Surfôr B, C og D er noko seint hausta og har like protein- og energiverdiar, men har likevel ulike mineral- og KAD-verdiar

NDFg/kg TS

Råprotein g/kg TS

NEL20 MJ/kg TS

Kalium g/kg TS

KAD meq/kg TS

Surfôr A:

Ekstra låg OMD

567

140

5.32

19.4

187

Surfôr B: Låg OMD,

låg KAD

538

150

5.78

17,0

9

Surfôr C: Låg OMD,medium KAD

538

150

5.78

21,7

204

Surfôr D: Låg OMD,

høg KAD

538

150

5.78

35.0

300

Halm, ubehandla

767

38

3.3

16.3

131

Døme på moderne sinkurasjon med kalsiumklorid

Vi tek utgangspunkt i den klassiske sinkumiksen i tabell 2, og gir denne til fjern-kalvingsgruppa. Nær-kalvingsgruppa får ein oppgradert versjon av same miksen der ein blandar inn coata kalsiumklorid og kraftfôr som vist i tabell 3. Vi stiller krav til negativ KAD i nær-kalvingsgruppa etter NorFor, og får då fôrrasjonane som vist i tabell 4.

Vi ser at doseringa av coata ­kalsiumklorid må opp i 210 gram for å få KAD-verdien i rasjonen ned i -75 meq/kg TS!

Om ein nyttar surfôr D i tabell 1 (KAD = 300), samt litt meir halm så må doseringa opp heile 272 gram for å få DCAD ned i -75 meq/kg TS!

Kun om ein nyttar surfôr B (KAD = 9) så får ein akseptabel KAD-verdi i rasjonen til nær-kalvingsgruppa om ein doserer beskytta kalsiumklorid i mengdene som tilrådd av leverandøren.

Konsekvensar av variabelt høge KAD-verdiar i sinkufôret

Det er i utgangspunktet ønskeleg å lage eit sinkumineral som inneheld både vitamin, mineral og coata kalsiumklorid. Men det er vanskeleg å lage ideelle sinku­rasjonar med korrekt vitamin og mineralinnhald dersom doseringa av det kombinerte tilskotsfôret varierer sterkt på grunn av KAD-verdien.

Konsekvensen av denne kunnskapen er at bonden bør analysere surfôret til sinkyrne for mineral i tillegg til vanlege næringsverdiar. Coatakalsiumklorid doserast til nær-kalvingsgruppa slik at KAD-verdien blir -75 til -100 meq/kg TS. Optimal dosering skal gje ein urin-pH på ca. 5,5 til 6,0.

Sinkumineral gjevast uavhengig av KAD-verdien av surfôret. Ofte er 100 gram per ku passe i heile sinkuperioden.

Tabell 2. Døme på sinku-miks som skal brukast til både fjern- og nær-kalvingsgruppa

Kg/ku/dag

% av TS

Surfôr A, ekstra låg fordøyelegheit

30,3

89,5

Halm. Snitta, ubehandla

1,1

9,6

Klassisk sinkumineral

0,10

0,92

Næringsverdiar i sinku-miksen i tabell 2:

KAD: +152 meq/kg TS, råprotein: 129 g/kg TS, NDF: 581 g/kg TS, NEL20: 5,1 MJ/kg TS

Tabell 3. Typisk innhald av KAD i kraftfôr og tilskotsfôr til sinku

KAD meq/kg TS

Kraftfôr A (for høglaktasjon)

82

Klassisk sinkumineral

-3.018

Sinkumineral inkl.coata kalsiumklorid

-9.381

Coata kalsiumklorid

-12.468

Tabell 4. Sinkurasjon med coata kalsiumklorid (CaCl2)

Sinkumiks (tabell 1) kg/dag

Coata CaCl2 gram/dag

Kraftfôr A kg/dag

KAD Meq/kg TS

Råprotein g/kg TS

Fjernkalvingsgruppa,

600 kg lev.vekt

31,5

-

-

152

129

Nærkalvingsgruppa,

600 kg lev.vekt

28,8

210

2,8

-75

141