Fôr/Fôring

Enkel og rimeleg fôranalyse av ensilert gras

Ved å sende prøver av ensilert gras med tankbilen kan ein få rimelege fôranalyser på laboratoriet i Molde.

Ingunn Schei
Tilmann Hettasch
Petter Klette
Liv Sølverød

Tine SA

Kjenner ein næringsinnhaldet i grovfôret er det lettare å styre produksjonen mot gode resultat gjennom riktig val av kraftfôr og redusert tap av næringstoff. Det er stor variasjon i næringsinnhaldet både innan og mellom skifte, og fleire prøver gir derfor betre kontroll med fôrpartia og fôringa. Enkelt opplegg med prøveforsending og raske svar til ein rimeleg pris er mogleg gjennom våt-NIRS fôranalyser og er eit godt alternativ for å få betre oversikt over fôret.

Enkel veg frå prøve til svar

Det skal vere enkelt og praktisk for bonden å sende inn fôrprøver til laboratoriet i Molde. For å komme i gang må ein bestille ein pakke med QR-etikettar frå NMR Servicenter Ein tek ut ei representativ fôrprøve (eller fleire) som klippast opp i ca. 2 cm bitar og pressast godt ned i Ola-beger merka med QR-koden. Fôr prøvene sendast med tankbilen på same måten som med mjølkeprøver.

VåtNIRS – nyttig kunnskap om grovfôret

VåtNIRS (nærinfrarød spektroskopi) er ein analysemetode der lys i det nærinfrarøde området brukast til å “lese” den kjemiske samansetjinga i ei prøve. Fordelen med våt-NIRS er at prøva kan analyserast direkte i våt tilstand, og det gir her raskare svar og rimelegare pris. Som med alle typar NIRS-analyser krev det ei kalibrering mot kjente verdiar, og vi brukar NorFor sine anbefalte metodar som er dei same som blir brukt for analyser på tørre prøver. Referanseprøvene analyserer vi hos LabTek på Universitetet i Ås (NMBU). Når det gjeld fordøye legheit (OMD) så er det komplisert å finne gode referansemetodar. I NorFor er fôring av sau i 3 veker referansemetode, men dette er dyrt og tidkrevjande. For kontroll av OMD blir det brukt in vitro metodar (kunstig vom-miljø) som blir rekna om til OMD på sau.

Kva blir analysert?

Våt-NIRS analysene gir informasjon om tørrstoff, råprotein, fiber (NDF), OMD, sukker, aske, mjølkesyre og ammoniakk i surfôr av gras. Foreløpig har vi ikkje analyse for løyseleg råprotein, iNDF, pH, eddiksyre og smørsyre, så for disse blir det brukt verdiar frå fôrtabellen i NorFor eller berekning (iNDF). Dersom det er mistanke om feilgjæring i surfôret så bør slike prøver sendast til andre laboratorium for gjæringsanalyse. Mineral-analyser og hygienisk kvalitet som smørsyresporar blir heller ikkje analysert på våt-NIR.

Godt samsvar med referanseverdiar

Utfordringa med våt-NIRS er at vatn i prøva kan gi mindre nøyaktig svar. Men instrumentet vi brukar, AgriQuant frå Q-Interline, gir godt samsvar med referanseverdiane for dei viktigaste næringsparametrane (tørrstoff, råprotein, NDF, OMD, sukker) og brukbart samsvar for gjærings verdiane (mjølkesyre, ammoniakk). Sjølv om det finst usikkerheit analysen er variasjonen i fôret ofte større enn analysefeilen, så noko av “usikkerheten” ligg dermed i fôret – ikkje i analysen. Metoden er altså presis nok til å gi stor verdi, spesielt når den brukast ofte. Med disse analysene, som er rimelege og enkle å ta, er målet å auke tal prøver for å gi bonden mulegheit for hyppigare innsikt i fôrkvaliteten. Det vil igjen gi betre kontroll på fôrutnyttinga og på produksjonen.

Ha oversikt over fôrpartia

Klippte fôrprøver satt på mjølketanken der dei skal stå for å bli plukka opp av tankbilen for transport mot Molde.

Alle skifte og fôrparti bør analyserast så ein veit kva fôrlager ein har, og det kan vere behov for fleire prøver pr skifte dersom variasjonen i graset er stor. Med informasjon om dei ulike fôrpartia kan ein lettare planlegge for innkjøp av kraftfôrtype og -mengde, og for korleis dei ulike partia skal brukast til ulike dyregrupper. Med god oversikt over grovfôrlageret er det lettare å ha ei stabil fôring og høgare fôreffektivitet. Når dette er gjort anbefalast det å ta prøver frå fôrbrettet for å kontrollere at ein har treffe med den grovfôr strategien ein planla for. Prøver frå fôrbrettet må takast ved utfôring så kyrne ikkje rekk å sortert ut dei beste stråa. Då plukkar ein litt fôr frå 4-5 plassar på fôrbrettet, blandar det godt saman, klipper opp i 2 cm bitar og stappar i Ola-beger. Kor mange prøver og kor ofte ein bør ta frå fôrbrettet er avhengig av utfôringsstrategi og fôrpartia. Får ein blanda fôret godt før utfôring så blir det jamnare fordeling av fôret enn om ein ikkje har blandevogn, og det er ikkje behov for like hyppig kontroll. Men det gir god fôrstyring og effektivitet å kontrollere ved overgang til nytt fôrparti.

Bruk fleire hjelpemiddel

Vurdering av fôringa og om ein skal gjere endringar bør ikkje vere einsidig basert på ei fôrprøve eller om urea i mjølka hoppar litt. Det er viktig å følgje med på dei opplysningane ein har tilgjengeleg. Tanklappen er fasiten på korleis det går i fjøset, og inn haldet av feitt, protein og urea, samt mjølkevolum er gode hjelpemiddel i tillegg til grovfôranalysar og Eana Fôr.

Kva betyr dette i praksis?

Hyppigare prøvetaking gir betre oversikt over variasjonen i fôret, og betre kunnskap om fôret gir meir presis fôring. Med høge fôrkostnader og større krav til kontroll på næringsbalansen lønar det seg å vere tett på fôringa. Analysane kan koplast til eit større konsept med rådgiving og digitale verktøy om ein ønskjer det. Då kan analysane bli ein integrert del av beslutningane på garden med blant anna planlegging av gjødslingsstrategi og ikkje berre ein sporadisk kontroll.

GS-DRYPP

Hanna Retzius Storlien, Avlsforsker i Geno,
hanna.storlien@geno.no

Visste du at du kan se om et dyr er seminokseemne i Geno avlsplan? Klikk på «GS bestilling og Status» i menyen på venstre side i Geno avlsplan. Nye kalver dukker opp i lista dagen etter at de er innmeldt i Kukontrollen. Da står det «Ja» under «Emnestatus» og grønt GS-utstyr er på vei. Når kalven er ferdig vurdert, står det “avvist” eller “innkjøpt”. Du blir ikke fakturert for genotyping av seminokseemner.