Forskjellig
Ung i buskap

Blomros – den fyrste kua mi

Kjersti Heringstad

Heidal i Oppland

Tekst og foto

Mor til 1602 Blomros, 1213 Hulda.

1602 Blomros.

Kjersti som rir Blomrosdatter.

Foto: Per Heringstad

Hei, eg heiter Kjersti, og eg bur på en gard som heiter Heringstad. Hering­stad ligg i Heidal i Gudbrandsdalen.

Interessa mi for kyr og landbruk er veldig stor. Eg har mange dyr som eg eig sjølv, den fyrste kua eg fekk var 1602 Blomros. Ho fekk eg når eg var tre år gamal. Eg og Blomros fekk eit heilt spesielt forhold, og eg brukte derfor mykje tid saman med ho. Ho fekk seks kalvar, tre kukalvar og tre oksekalvar. Kukalvane lever fortsatt men ikkje Blomros eller oksane.

Eg har også vore med på kalvemøn­string tre gonger. Dei tre gongene var med to av døtrene til Blomros og ein annan kalv som heiter Hynar. Den eldste av døtrene til Blomros vart uteken som oksemor dei to første åra (2012-2013). Men dei yngste døtrene til Blomros bruker eg til ridekyr. Eg set på dei sal og rir på dei. Eg har også ei anna ku eg rir på, 1795 Hynhild. Ho er heilt spesiell fordi ho er så stor - ho er 1,52 centimeter i rygghøgde.

Nå i 2015 har eg brukt kalven Hynar på kalvemønstring. Hynar er ein flott kalv. Han er ein liten NRF-kalv og han er veldig snill. Han er etter ei stor ku som heite Hynild (nr. 1947).

Mora til Blomros, 1213 Hulda, har vunne andrepremie på vandreutstilling for nokre år sidan. 1213 var ei spesiell ku, ho mjølka best i fleire år og gav mange fine døtrer. Ho fikk seks døtrer, og to år på rad med tvillingar og alle vart gode kyr.

Eg skal kanskje på vandreutstelling i år også, da skal eg ta med meg 1915 Hynhild og 2042 Blomros.

I august 2015 har dottera til Blomros, 2042 Blomros, fått kalv med den gamle eliteoksen 10923 Prestangen. Eg har også andre kalvar på tur. I februar 2016 skal kua 1981 Dagros få kalv med eliteoksen 11033 Reitan 2.