Reportasje

Mercedesversjon av båsfjøs

I Vik i Sogn er det framleis mange velfungerande båsfjøs i full drift, og ein av desse er fjøsen til Johan Midlang. Johan har nettopp passert 60 år, er utdanna agronom, og har drive garden sidan 1991. Planen er å driva i to år til, før eldstesonen Eivind tek over drifta.

Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Tekst og foto

Midlang, Vik i Sogn, Sogn og Fjordane

  • Johan Midlang, gift med Hilde, har borna Eivind, Elisabeth, Marianne og Rebekka

  • Mjølkekvote: 218 000 liter (eig sjølv 160 000 liter, leiger 58 000 liter)

  • Dyretal: 32 mjølkekyr, kvigeoppdrett på om lag 18 kviger

  • Fulldyrka areal: 190 mål, leiger 25 mål i tillegg

  • Aktuell fordi han har god drift i funksjonell og flott båsfjøs

Garden til Johan Midlang desember 2015. Fjøsen var ny i 1995 og har gode og gjennomtenkte løysingar.

Gardane på Midlang i Vik i Sogn ligg flott plassert på Bødalen i ei av dei beste jordbruksbygdene ved Sognefjorden. Bødalen er vid og open med store slåttemarker og er derfor svært godt eigna for grasproduksjon med tilhøyrande mjølkeproduksjon. Fjøsen til Johan Midlang var ny i 1995, han er romsleg og løysingane her er gode og gjennomtenkte. Fjøsen fungerer veldig godt, og når bonden er dyktig, kjem resultata i form av både god dyrehelse og økonomi i tillegg til auka trivsel for dei som steller med dyra.

Flyterenner og godt dimensjonert gjødselkjellar

Før Johan gjekk i gong med fjøsbygging, var han rundt og såg på mange fjøsar, og på desse turane la Johan godt merke til kva som fungerte, og ikkje minst kva som ikkje fungerte. Han såg at mange bala mykje med gjødseltrekka, og dette systemet ville han unngå. Eitt godt alternativ til gjødseltrekk var flyterenner, og sjølv om denne løysinga var mellom 50 – 60 000 kroner dyrare i byggekostnader, er bonden sikker på at denne løysinga har betalt seg godt.

– For å få dette til å fungera, må bygget vera stort, og dette er ein av grunnane til at fjøsen er romsleg. Eg vil heller ikkje bekymra meg om at eg har plass nok til all gjødsla i løpet av vinteren, slik at gjødselkjellaren vår er rikeleg dimensjonert til å takla dyretalet, seier Johan.

Fekk ikkje støtte

Sidan Johan valde eit større fjøs med dyrare løysingar enn kva dei som teikna fjøsar anbefalte, fekk ikkje bonden frå Vik noko i tilskot til å byggja fjøsen.

– Dette ergrar meg framleis litt, seier Johan. Dette kjennest urettvist, men eg er glad me har dei løysingane me har, og i ettertid har også anbefalingane endra seg, slik at det har vore tidsriktig å ha større fjøs. – Me brukte eigne midlar, og i tillegg tok me opp eit lån på 700 000 kroner i 1993, og dette var nedbetalt i 2000.

Fôring

Fôrbrettet er to meter breitt, og grovfôrtildelinga skjer ved hjelp av fôrutleggjar som Johan køyrer ut morgon og kveld.

– Når fôrbrettet er så romsleg, og det er god plass til fôrutleggjaren. Grovfôret vert for det meste lagt i silo og noko i rundballar. Johan tek fôrprøvar og bestiller kraftfôr etter korleis grovfôrkvaliteten er. No brukar han Elite 80. Kraftfôret vert tildelt seks gonger for dagen ved hjelp av kraftfôrautomat.

– Dei som mjølkar best får 12 – 13 kilo kraftfôr for dagen, og då er det godt å kunna dela dette opp i mange små porsjonar for å gjera seg best mogeleg nytte av kraftfôret, seier den flinke bonden.

Kyrne har fri tilgang på grovfôr av god kvalitet. Kjemien i mjølka viser at fôringa er god. Johan ligg an til å få utbetalt om lag 90 000 kroner for ekstra feitt – og proteininnhald i mjølka i 2015.

Mjølking

Mjølkingsarbeidet går lett og raskt unna. Her er skinnebane og fem sett med mjølkeorgan med automatiske avtakarar.

– Eg mjølkar 32 kyr på ein time og eitt kvarter, så mjølkinga og fjøsstellet elles er lettvint og går relativt raskt, smiler Johan.

Ein av fordelane med båsfjøs i høve til lausdrift, er at ein kan bestemma mjølkingsrekkjefølgja, slik at kviger og dyr med lågt celletal vert mjølka fyrst, og kyr som står med høgt celletal vert mjølka til slutt. På denne måten minskar ein risikoen for å dra med seg smittestoff frå «risikojur» til friske jur.

Johan har levert elitemjølk 11 år på rad, så jurhelsa er god. Kjemien i mjølka er det heller ingenting å sei på, så fôringa ser også ut til å fungera godt. Ved siste prøvetaking hadde dei celletal på 70 000, proteinprosent på 3,24, feittprosent på 4,23 og urea på 5,9.

– I år ligg me an til å få utbetalt om lag 90 000 kroner for ekstra feitt og proteininnhald i mjølka vår, så det er eg nøgd med, smiler Johan.

Konsentrert haustkalving

I Vik i Sogn er det sterk tradisjon for å avsina kyrne i juni/juli for deretter å gi dei ein skikkeleg sommarferie på fjellbeite - før dei kjem heim i fyrste halvdel av september for å kalva og å setja i gong att med mjølking. Slik er det hjå Johan også. I kalvingssesongen er det skikkeleg travelt med om lag 35 kalvingar på to månader.

– Kalvane får stå ein til to dagar i enkeltboks før dei må over i fellesbinge, og dette fungerer veldig greitt, seier Johan. Han sel alle oksekalvane til ein sambygding som fôrar dei fram til oksar. I tillegg til denne fjøsen har også Johan tatt i bruk gamlefjøsen frå 1960 til kvigeoppdrett. – Når bygningane og innreiinga vert halde ved like, kan dette brukast og auka avkastninga som garden gir, og dette kan me dra nytte av, seier Johan. Alle kvigekalvane tek han hand om sjølv, og han driv kvigeoppdrett og sel ein del drektige kviger om hausten.

God dyrevelferd i flott båsfjøs. Mange av kyrne ligg og tygg drøv, og dette tyder på at dyra er fornøgde og har det godt. Om sommaren er alle dyra på fjellbeite.

Faste rutinar ved inseminering er viktig

For å lukkast med konsentrert haustkalving, er ein heilt avhengig å ha kontroll over insemineringa. Dette har Johan stålkontroll på, og her er stikkordet faste rutinar.

– Eg brukar mykje tid i fjøsen i insemineringssesongen, og har faste rundar der eg ikkje gjer anna enn å sjekka brunsten, fortel Johan. I tillegg koplar han ut kutrenarane i denne perioden for at desse ikkje skal hindra dyra i å visa brunstadferd. På garden vert det kun nytta inseminering med NRF for å få kalv i kyrne.

God dyrevelferd

Denne velfungerande fjøsen er 12 meter brei og 29 meter lang. Her er 39 båsplassar og 4 bingar til kalvar og ungdyr. Båsane er romslege, og ingen dyr vert mobba ved denne oppstallinga. Båsfjøsen frå 1995 er også så ny at den kjem inn under overgangsreglane om at dei som har nybygg eller gjort omfattande endringar mellom 1995 og 2004, har løyve til å driva fram til 2035. Her har dyra det godt på båsen i vinterhalvåret, og med ein lang sommarferie i fjellet er dyrevelferda godt ivareteken, også etter 2035.

Mjølking av 32 kyr går unna på ein time og eitt kvarter med fem mjølkeorgan med automatiske avtakarar.

Vik i Sogn er ei av dei beste jordbruksbygdene ved Sognefjorden. Bødalen er vid og open med gode slåttemarker som er svært godt eigna til grasproduksjon med tilhøyrande mjølkeproduksjon.

Råd om jurhelse i båsfjøs

  • Mjølkingsrekkjefølgje: Mjølk kviger og kyr med lågt celletal fyrst, og kyr med høgt celletal til slutt. Må denne måten unngår du å trekkja med deg eventuelle smittestoff frå «risikojur» til friske jur.

  • Ein rein maskinvaska klut til kvar ku: Det er smart å vaska jurklutane i vaskemaskin på minst 60 grader celsius mellom kvar mjølking. Ha gjerne fleire sett jurklutar, slik at du slepp bruka vaskemaskina mellom kvar mjølking. Maskinvask på høg temperatur drep smittsame mastittbakteriar og gjer godt godt for jurhelsa.

  • Rein og tørr liggjebås: Båsen bør vera så rein og tørr som mogeleg, for då kan ein hindra mastittar og celletal på grunn av vanlege miljøbakteriar.

  • God fôring utan for lause magar. Kyr med laus avføring kan vera meir «stressa» enn andre, og på det viset vera meir mottakeleg for mastittar. I tillegg gir laus avføring også skitnare miljø og på det viset større smitte­press frå miljøbakteriar. Laus avføring kan også gi problem med sporedannande bakteriar i mjølka.

  • Unngå for mykje propping av spenekoppar. Luftinnslepp ved propping av spenekoppar under mjølking kan påverka vakuumet for andre dyr som vert mjølka og føra til at bakteriar vert «kasta» opp i elles friske jur.

  • Ta alltid speneprøver ved behandlinga av mastitt for å holde oversikt over kva bakteriar som finst i besetningen. Ta speneprøver av kyr som har over 100 000 i celletal og gi sinbehandling til «suksesskyr» som er infiserte med S.aureus, Str. dysgalactiae eller Str.agalactiae.