Forskjellig

Enkel måte å holde oversikt over kalvenes alder

Kor gamal er kalven, slik at mjølkemengda vert trappa ned til rett tid? Det sleit Pål Folkvord med å halde oversikt over. Han klekka ut ein idè, i beste Lean-ånd om stadige forbetringar og bruk av tavle. Les meir om korleis du enkelt kan lage same enkle kalvetavle som Pål har god erfaring med.

Tekst og foto
Torfinn Nærland

Lean-koordinator

torfinn.narland@tine.no

Kalvetavla der Pål kvar måndag flyttar han pvc-markøren som heng på spikeren for å vise kor gamal kalven er.

I fjøset hans er det to rekker med enkeltboksar til kalvane i mjølkefôringsperioden. Deretter går kalvane inn i fellesbingar. Då skal dei vera innkøyrte på kraftfôr og grovfôr. Utfordringa var å hugse kor gamal kvar enkelt kalv var, slik at Pål kunne starte nedtrapping av mjølkefôringa til rett tid. Særleg når det kom mange kalvar på kort tid og det var travelt med utearbeid i tillegg, var dette vanskeleg å halde oversikt over.

To kjøkkenskapdører, spiker og pvc-røyr

Pål Folkvord.

Pål Folkvord har sidan februar 2015 nytta meg som Lean-rådgjevar og sparringspartnar. Han var nysgjerrig på om Lean kunne løfte drifta hans, då han såg eit potensiale i betre organisering og planlegging av arbeidstida. Samt i å få sett enkelte praktiske ting i betre system. Under eit besøk diskuterte vi korleis han kunne nytte tavle til å løyse problemet med å halde oversikt over kalvane. Han grubla på dette, og såg at ei innkjøpt whiteboard-tavle kunne vera vanskeleg å halde rein i den delen av fjøset.

Løysinga vart to kasserte kjøkkenskapdører, ein neve spiker og stumpar av kassert pvc-røyr, og Pål sin eigen gjer-det-sjølv-idè.

Kosta kun eigeninnsatsen

Han streka opp eit rutenett med tal kalveboksar og kor mange veker kalvane får mjølk. Kvar måndag flyttar han pvc-markøren som heng på spikeren for å vise kor gamal kalven er. Tavlene heng rett ved dei to rekkene med kalveboksar, og er eit robust system som ikkje kostar meir enn eigeninnsatsen med å lage tavlene!