Tema: gras

Fornying av enga er viktig – med ­eller utan plogen

Dersom grovfôrkostandane skal haldast låge må grasavlingane vera høge. Dette visste vi kanskje frå før, men det går veldig klart fram av resultata frå bruka som har fått køyrt programmet Grovfôrøkonomi gjennom prosjektet Grovfôr 2020.

Tekst og foto
Geir Paulsen

Avdelingssjef såvarer i Felleskjøpet Rogaland Agder

geir.paulsen@fkra.no

I tett eng trengst det ofte ein form for lett jordarbeiding eller riving i grassvoren med ein Einbøck eller lignende.

Skal vi klare å halde oppe eit høgt avlingsnivå, må enga fornyast med jamne ­mellomrom Etter kvart som enga blir eldre vil avling og kvalitet gå ned. Forsøk viser at i 6.engår er avlingsnivået halvert i forhold til 1.engår. Tradisjonell fornying med brakking og jordarbeiding er både dyrt og arbeidskrevjande, noko som gjer at mange prøver seg med enklare metodar. Direkte­såing/vedlikehaldssåing vil alltid vera meir usikkert enn eit tradi­sjonelt gjenlegg. Dei siste åra har likevel gitt oss erfaringar både frå forsøk og praksis som gjer dette litt sikrare.

I sjette engår er avlingsnivået halvert i forhold til 1.engår.

Resultat frå forsøk

Dei siste tre åra har Felleskjøpet Rogaland Agder i samarbeid med Nibio og NLR Rogaland gjennomført eit forsøk med direktesåing av to ulike grasartar, raigras og ­timotei, til to ulike tider, vår og etter 2. slått.

Forsøka viser så langt at vi har klart å endre engas samansetning, slik at det nå er eit større innhald av raigras i enga. Men såinga har i liten grad påverka avlingsnivået. Vi ser at vi ikkje kan forvente stor effekt på avling i første engåra, uansett om vi brukar timotei, eller fleirårig raigras.

Både timotei og fleirårig raigras spirer godt om forholda ligg til rette for det (kontakt jord/såfrø og jordfuktighet), men det er berre fleirårig raigras som veks raskt nok til å ikkje bli utkonkurrert av dei eldre engplantene. Andre ­forsøk viser at direkte isåing med kløver også har vore vellukka.

Vedlikeholdssåing kan gjøres etter 2.slått

Vedlikehaldsåing har tradisjonelt lukkast best tidleg om våren, men forsøka viser at det kan bli gode resultat også etter 2.slått. I dette forsøket vart første innsåing gjort alt i første engår, men det er først etter 5-6 år at engavlingane ­verkeleg går nedover. Nå er det bestemt at dette forsøket blir forlenga med 3 år til, då vil det verkeleg bli interessante resultat etter kvart.

«Kostnadseffektiv grovfôrproduksjon»

I Nibio-prosjektet «Kostnads­effektiv grovfôrproduksjon» er også direktesåing eit tema. Førebels resultat tyder på at tettheten i enga er svært avgjerande for om direktesåing skal lukkast eller ikkje. I praksis ser vi at særleg i eldre eng med tett svor er det vanskeleg å oppnå god kontakt mellom frø og jord. Det også ein utfordring at nye frøspirer blir utkonkurrert av eldre engplanter. Ung eng er ikkje like tett, og dette har ført til utvikling av konseptet «Planmessig vedlikehaldsåing», med årlig isåing allereie frå andre eller tredje engår.

Ulik eng krev ulike metodar

Så langt viser erfaringar at vi kan dele eng inn i tre nivå eller til­standar, alt etter kva fornyings­metode som passar best:

  1. I ny eng som er open/glissen, eller eng med vinterutgang eller andre skader, vil det ofte kunne gå bra å så direkte med ein enkel labbemasnin, skåle­maskin e.l.

  2. Dersom enga derimot er ­ganske tett, så trengst det ofte ein form for lett jordarbeiding eller riving i grassvoren med ein Einbøck eller lignende.

  3. Gammal tett eng må i dei fleste tilfelle brakkast med glyfosat eller liknande før eventuell direktesåing.

Dersom vi skal kunne gje gode råd om direktesåing, må vi få på plass enkle metodar for å måle tetthet i enga, og finne dei rette grenseverdiane for kor tett enga kan vera før ein med (større) ­sikkerhet kan seia at direkte innsåing vil bli vellukka eller mislukka. Dette er blant anna eit tema i Nibio-prosjektet.

Vanskeleg å oppnå avlingsauke

I Nibio-rapporten «Fornying av eng utan pløying» summerer Lars Nesheim og Mats Høglind opp mykje av det som er gjort av forsøk på direktesåing/vedlikehaldssåing i Norge. I berre eit fåtal av forsøka har direktesåing gitt vesentleg avlingsauke. Det er vanskeleg å lukkast, særleg når enga er tett.

Trass i desse forsøksresultata er det mange som likevel prøver seg med forenkla engdyrkinga. Og vi ser at enkelte som har drive med direktesåing som hovedmetode i mange år, framleis har gode ­avlingar. Blant dei som fekk køyrt Grovfôrøkonomi- programmet i Grovfôr 2020-prosjektet, såg vi at bruk med direktesåing kom ut med svært låg grovfôrkostnad. I dei fleste tilfelle blir direktesåing likevel ikkje brukt som einaste metode, men som eit supplement til vanleg jordarbeiding, for å ­forlenge levetida til enga.

Sprøyting når forholda er vanskelege

I Norge har vi hatt gode erfaringar med direktesåing etter sprøyting med glyfosat, til dømes når graset har vakse opp etter 2.slått. Avpussing av det visne graset er då naudsynt, såing enten direkte i svoren eller eventuelt i kombinasjon med skålharv, vanleg harv eller rotorharv. I forsøk på Finnøy blei det våtsådd med Spire Surfôr Pluss 10 på denne måten, og resultatet vart veldig bra.

Utstyr

I utlandet er det mykje brukt med oversåing/breispreiing av frøet, til dømes med kunstgjødselspreiar. Dette er den billigaste og enklaste måten, men også den mest usikre. Erfaringane tilseier at ein eller anna form for labb/skål /skjær som lagar eit spor med bar jord som frøet kan spira i, gir best resultat. Våtsåing der frøet blir blanda med husdyrgjødsel har også vist seg å vera ein effektiv måte for vedlikehaldsåing.

Både forsøk og erfaringar viser likevel at forholda under og etter såinga ofte er viktigare enn utstyret som blir brukt. Jorda må helst vera fuktig og mjuk, slik at du gjerne får eit svart spor etter såmaskinen der frøet får god jordkontakt. Regn etter såing er også positivt.