Forskjellig

Start kvote­tilpassinga no

Mjølkeinngangen vart god i 2018 etter at forholdstalet vart sett opp til 1,04. Mange går difor inn i 2019 med høg produksjon, og redusert forholdstal til 0,98 i 2019 tilseier at bremsene bør settast på.

Ingunn Schei

Spesialrådgjevar fôring og prognose i Tine Rådgiving

ingunn.schei@tine.no

God planlegging og iverksetting av ulike strategiar bør vurderast allereie no for å unngå raske og ulønsame kvotetilpassingar til hausten.

Redusert behov for mjølk

Viktig å starte planlegginga for å treffe kvota best mogleg no, og vere førebudd på at produksjonen må ytterlegare ned i 2020. Foto:Rasmus Lang-Ree

Trass tørkesommaren i Sør- og Midt-Norge og låge grovfôravlingar; evna til å tilpasse seg situasjonen har vore stor og mange nytta høvet til å levere ekstra mjølk i haust då forholdstalet auka. Det resulterte i ein overproduksjon i forhold til meieriindustrien sitt behov på ca. 15 millionar liter. Overproduksjon av mjølk gjev auka kostnader for industrien, og det kan påverke mjølkeprisen negativt. I tillegg vil overproduksjon hos den enkelte bonde vere dyrt. Utsiktene framover tilseier også mindre behov for mjølk til industrien når eksportstøtta til Jarlsberg forsvinn i 2020. Det er dermed føringar for at det blir ein merkbar reduksjon i ­kvotene også i 2020, men kor mykje er foreløpig usikkert. Difor er det viktig å starte planlegginga for å treffe kvota best mogleg no, og vere førebudd på at produk­sjonen må ytterlegare ned i 2020.

Mykje kraftfôr og høg avdrått

Tilbakemeldingane Tine har fått frå rådgjevarane og via spørjeskjema viser at mange har kontroll over grovfôrsituasjonen, sjølv om enkelte nok håpar på ein tidleg vår. Dei som har hatt for lite ­grovfôr har anten skaffa seg halm, kjøpt grassurfôr lokalt eller frå andre kantar av landet, eller importert grovfôr. I tillegg har mange nytta tilrådingane om å spare på grovfôret og auke kraftfôrmengdene. Det ser vi att i Kukontrollen der kraftfôrmengdene har auka kraftig i haust og vinter. I januar var mengde kraftfôr 0,6 kg høgare per ku per dag enn i januar 2018. Dette har ført til at avdråtten også er høgare enn nokon gong, og i januar var avdråtten 0,9 kg høgare per ku per dag enn året før. Foreløpige tal for februar viser same trenden. Det går med andre ord så det susar. Mykje innkjøp av fôr har derimot resultert i ei dyrare fôring enn normalt. Det må no gjerast grep for å få ned produksjonen så det ikkje går ut over mjølkeprisen framover, for å greie å treffe kvota og for å unngå unødige fôrkost­nader.

Kunsten å starte i tide

Nedanfor følgjer nokre tiltak som er aktuelle å iverksett for å justere på kvotefyllinga. Kva som passar for den enkelte vil variere i forhold til mjølkevolum og situasjon.

  • 1) Utranger problemkyr

  • 2) Avsin kyrne tidlegare

  • 3) Gje meir mjølk til kalvane

  • 4) Reduser avdråtten

Alle punkta har negative sider i overdriven dose, og kanskje må ein gjere fleire av tiltaka. Uansett er det lettare å tilpasse til tidlegare ein kjem i gang, og tilpassinga bør sjekkast med jamne mellomrom.

Færre kyr

I ein situasjon der kvota ser ut til å overfyllast er utrangering av kyr eit naturleg val for å unngå overproduksjon. Tidleg utrangering av få dyr er bedre enn å slakte flere kyr på slutten av året. Med Tine si Mjølkeprognose er det mogleg å simulere kvotetilpassinga òg for neste kvoteår, og dermed få eit bilete på kor lågt kutal det er forsvarleg å ha ved årsskiftet. Om kvota blir fylt er det god grunn til å kvitte seg med problemkyrne. Vurder kva kyr som kan slaktast eller seljast ut frå produksjon, fruktbarheit, jurhelse, bein og lynne. Utrangering av kyr føreset god fruktbarheitsstatus i buskapen. God rekruttering vil alltid vere lønsamt så ein ikkje fôrar på tomme kyr og kviger. Endar ein med overskot av kyr i forhold til fôrmengde og kvote er livdyrsal ofte gunstig økonomisk. Etterspørselen etter livdyr varierer gjennom året. Ta difor kontakt med livdyrforhandlar.

Avsine kyrne tidlegare

Dette er nok ei svært vanleg tilpassing – det blir mindre mjølk og ein unngår å redusere kutalet før neste kvoteår. Pass på at kyrne ikkje blir feite fram mot neste ­kalving for å unngå problem med helse og avdrått i neste laktasjon. Godt tilpassa sinkufôring er difor ein føresetnad for å kunne nytte dette tiltaket, sjå brosjyra «Sinku­fôring».

Meir tankmjølk til kalvene

Mjølk er hovudfôret til kalven dei tre-fire første vekene. Kalven kan då trygt drikke eit mjølkevolum ­tilsvarande 20 prosent av eiga kroppsvekt. Det er god dyrevelferd at kalven får drikke seg mett i denne perioden. Deretter er det viktig å fôre slik at vomutviklinga kjem i gang. Det inneber ei nedtrapping av mjølkefôring over tid samtidig som tilstrekkeleg med kraftfôr og grovfôr er lett tilgjengeleg for kalven. I kalvebrosjyra er det satt opp ulike fôrplanar til kalv. Det er god økonomi å gje tankmjølk som elles ville utløyst overproduksjonsavgift til å fôre ­kalvane raskare fram. Det vil òg vere billegare enn å gi dei mjølkeerstatning.

Redusere avdråtten

Med så høge kraftfôrmengder som det er no så bør mange tenke på å redusere kraftfôret for å senke avdråtten, og for å spare ein del av utgiftene til kraftfôr. Dette gjeld særleg dei som har kontroll på grovfôrsituasjonen. Å senke avdråtten kan vere ønskeleg når det er lite grovfôr, men det er viktig at kyrne kjenner seg mette. Redusert kraftfôrmengde til kyr i tidleg laktasjon kan lett føre til for stor feittmobilisering og ­problem med fruktbarheit og sjukdom. Difor bør ein vente med å redusere kraftfôret til kyrne har passert maksimal avdrått. Kva respons ein får av å redusere kraftfôrmengdene er avhengig av grovfôrkvaliteten, kua sitt laktasjonsstadium og holdet. På grovfôr med låg energiverdi (NEL20 5,7 MJ) vil ein reduksjon frå 18,0 til 13,4 kg kraftfôr (fiber-rik) til ei ku som i utgangspunktet mjølkar 36 kg redusere avdråtten med 5-6 kg. Opptaket av grovfôr forventar ein vil auke med cirka 0,5 kg tørrstoff. Ein slik reduksjon i kraftfôret bør gå over 2-3 dagar. Med 25 kyr vil ein med dette kunne redusere leveransen med cirka 4 000 kg per månad, og ein vil spare kraftfôrkostnader. Dersom grovfôret er godt og kyrne ikkje responderer som forventa på redusert kraftfôrmengde, kan grunnen vere at grovfôret har høgare energiverdi og at kyrne difor et meir enn venta.

Køyr Tine Mjølkeprognose no

Tine tilrår å køyre Mjølkeprognose no for å få ei god vurdering av kva tiltak som eignar seg best i din buskap. Med tanke på kvotefylling bør optimalt tal kyr og avdråttsnivå sjåast i forhold til gardens forutsetningar, som eksempel fjøsutforming, grovfôrtilgang, grovfôrkvalitet og driftsopplegg.