Fôring

God vom-omsetjing sikrar høgt tørrstoff i mjølka

Det er to forhold vi kan påverke gjennom fôringa og som har betydning for næringsforsyninga til juret: 1) mikrobiell omsetjing i vomma og 2) næringsstoff i fôret som går til tarmen utan å bli brote ned i vomma.

Ingunn Schei

Spesialrådgjevar i Tine Rådgiving

ingunn.schei@tine.no

Fôring som gjev eit godt vommiljø, riktig val av kraftfôr og tildeling i små porsjonar er faktorar som vil påverke tørrstoffprosenten positivt.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Mikrobiell omsetjing er definitivt det som betyr mest for kua, og som gjer ho til spesialist til å omsetje gras og andre tungtfordøyeleg fiberkjelder (NDF; neutral detergent fibre) til mjølk og kjøt.

Danning av feitt i mjølk

Kjeldene for danning av feitt i juret er eddiksyre, smørsyre og langkjeda feittsyrer (Figur 1). Dei to første er substrat som kjem frå vomomsetjinga av NDF og sukker, medan langkjeda feittsyrer kjem frå fôret utan å bli brote ned i vomma. Eddiksyre er kvantitativt viktigast og utgjer 50–70 prosent av flyktige syrer i vomma, men både eddik- og smørsyre inngår i oppbygging av korte- og mellomlange feittsyrer i juret (de novo-syntesen). Dersom langkjeda feittsyrer er umetta så blir dei omdanna til metta i vomma, men denne prosessen er ikkje 100 prosent effektiv så ein vil finne igjen ein del av umetta feittsyrer i juret. Langkjeda feittsyrer går inn i fettsyntesen slik dei er, men umetta fettsyrer som til dømes oljesyre (C18:1) blir omdanna til metta fettsyre (stearinsyre; C18:0) i vomma og så tilbake til oljesyre i juret. Av dei umetta feittsyrene går oljesyre for å ha minst negativ effekt på feittprosenten. Palmitinsyre (C16:0) er viktig fordi den verkar positivt på feittproduksjonen. Halvparten av palmitinsyre blir danna frå de novo-syntesen med eddik- eller smørsyre som substrat og halvparten kjem som intakt palmitinsyre frå fôret. Kua, eller vommikrobane, tåler feitt dårleg, særleg umetta feitt. Til meir umetta feittsyrene er til verre er dei for vomma. For mykje feitt vil kunne redusere fiberfordøyinga og fôropptaket. Umetta feittsyrer vil kunne redusere de novo-syntesen i juret, og i verste fall føre til mjølkefeittdepresjon, der feittprosenten i mjølka blir svært låg.

Figur: Omsetning av næringsstoff frå fôret til mjølka.

Danning av protein i mjølk

Protein i mjølk er bygd opp av aminosyrer som er tatt opp i blodet frå tarmen. Kjeldene for aminosyrene er mikrobielt protein frå vomma og protein frå fôret som ikkje blir brote ned i vomma (INP i figuren). Fordelinga av mengda mellom disse kjeldene vil variere, men mikrobielt protein er den desidert viktigaste og utgjer gjerne 80 prosent av proteinforsyninga til ei ku i middels produksjon. Høgtytande kyr vil ha større behov for protein enn det mikrobane greier å produsere, så i tidleg laktasjon vil andelen INP vere større enn seinare i laktasjonen. Det er to forhold som er avgjerande for proteinforsyninga til kua, og begge har med å dekkje behovet til vom-mikrobane: 1) kor mykje av proteinet som er i fôret som brytast ned i vomma og som er tilgjengeleg for den mikrobielle proteinsyntesen, 2) kor mykje mikrobielt protein som kan byggast opp, og dette er avhengig av tilgjengeleg energi. Energien kjem frå karbohydrat i grovfôret eller frå kraftfôret. Dersom grovfôret inneheld lite energi vil kraftfôret vere svært viktig for oppbygging av mikrobeprotein, men ein ønskjer at grovfôret kan ha så høg energiverdi (fordøyeleg NDF) at ein kan spare ein del kraftfôr. Mykje kraftfôr vil redusere fôropptaket av grovfôr (substitusjonseffekt).

Fiber og struktur gir godt vommiljø

For å få ein høg produksjon av eddiksyre er det viktig å ha eit godt vommiljø. Med godt vommiljø meiner ein at pH i vomma ikkje må gå for mykje ned; det bør halde seg over 6,2. Mikrobane som bryt ned NDF er følsomme for pH-svingningar. Ein rasjon med mykje stivelse frå kraftfôr vil vere ugunstig, sidan propionsyra som blir danna under nedbryting av stivelse er surare enn eddiksyre og smørsyre, og kan føre til lågare pH i vomma enn det som er optimalt. Stivelse og sukker blir også brote raskt ned, slik at syremengdene kan bli høge på kort tid. Høgt grovfôropptak er det sikraste for å få eit godt vommiljø, god eddiksyre- og smørsyregjæring og høg feittprosent. Dersom det blir gitt mykje kraftfôr som gir låg pH over tid kan det gi sur vom og mykje trøbbel for kua, redusert fôropptak, mjølkeproduksjon og feittprosent. Det er ikkje så lett å oppdage i starten, så difor er det viktig å optimalisere fôrrasjonane slik at det blir balansert mellom stivelse og fordøyeleg NDF med nok struktur i forhold til behovet. Det vil gi god drøvtygging og mykje spyttproduksjon som kan bidra til å halde oppe pH i vomma. Ein måte å følgje med på er gjødselkonsistensen, den skal ikkje bli for blaut.

Tips for høgt tørrstoff på kort sikt

  • Optimaliser vom-miljøet best mogleg for å få ein effektiv mikrobeproduksjon basert på det grovfôret du har.

  • Riktig type og mengde kraftfôr i forhold til laktasjonsstadium

  • Tildeling i kraftfôr i små porsjonar, særleg dersom mengdene er høge

  • Tilgang på nok strukturfôr (kutta grovfôr) heile døgnet

  • Kan du redusere avdråtten så vil det verke positivt på tørrstoffet

  • Få hjelp av din rådgjevar for disponering og tilpassing av fôr

Tips for høgt tørrstoff på lang sikt

  • Legg vekt på å produsere eit godt grovfôr med høg fôrverdi
    (høg fordøyelegheit) for å auke fôropptaket

  • Slå tidlegare

  • Fortørk graset til 30–35 prosent tørrstoff om mogleg

  • Prøv å få 50–100 gram sukkerinnhald i grovfôret

  • Bruk ensileringsmiddel

  • Vurder å auke avlingsmengdene eller ta ein ekstra slått dersom nødvendig

  • Søk faglege råd i grovfôrproduksjonen

Tilpass kraftfôret

For å påverke feittprosenten i mjølka så har fôrfirma blandingar som er spesialdesigna for dette. Det er basert på type feitt i fôret, type stivelse og fiber, og i tillegg er det tilsatt ein del stoff som skal stimulere vommiljøet. Aktuell råvare er betefiber/roesnitter som har gunstig effekt på vom-miljøet, og på feittprosenten. For å få mest mogleg norske råvarer kan det vere aktuelt å prøve innslag av alkalisk korn; det har også vist positiv effekt på vom-miljøet. Kraftfôret dekkjer også behov for det proteinet som skal til, og tilfører energi slik at effektiviten i mikrobeproduksjonen blir god. Det er viktig at kraftfôret er tilpassa det grovfôret ein har og blir tildelt i riktige mengder. Om ein har behov for høge kraftfôrmengder er det desto viktigare med godt management i fôringa og tilstrekkeleg fiberforsyning.