Økonomi

Risiko og lønsemd ved bruksutbygging

Berre små endringar i føresetnadene i driftsplanen har stor innverknad på lønsemda ved bruksutbygging.

Bjørn Gunnar Hansen

Spesialrettleiar

Tine Rådgiving

bjorn.gunnar.hansen@tine.no

Rune Aas

Fagleder økonomi

Tine Rådgiving

rune.aas@tine .no

Gode produksjonsresultat og kontroll med kostnadene er heilt avgjerande for lønsemda i utbyggingsprosjekt.

Foto: jumpstory

I denne artikkelen syner vi nokre døme på korleis endringar i krav til avkasting og arbeidsvederlag kan slå ut på lønsemda i utbyggingsprosjekt. Grunnlagsmaterialet er eit utval av driftsplanar frå bruk i Vestland som fekk finansiering i Innovasjon Noreg frå 2016 til 2019. Planane er utarbeidde av rekneskapslag og Tine. Vi hadde tilgang til 10 driftsplanar med 20–24 kyr og 13 planar med 30–34 kyr.

Netto noverdi

For å studere lønsemda nyttar vi netto noverdi av investeringa i nytt fjøs. Vi reknar ut netto noverdi slik:

Sum alle framtidige resultat før avskrivingar over levetida til investeringa, i vårt tilfelle 30 år

- Sum rentekrav og arbeidsvederlag over dei 30 åra

- Nettoinvestering, dvs. totalinvestering med frådrag av investeringstilskot

= Netto noverdi

Netto noverdi fortel oss kor mykje formuen vår aukar, målt i dag, ved å gjennomføre investeringa. Om netto noverdi er positiv er investeringa lønsam, og om den er negativ er investeringa ikkje lønsam.

Levetida for eit fjøs har vi sett til 30 år, som ein vegd sum av levetida for teknisk utstyr i bygningen, 15 år, og levetida for sjølve bygningskroppen, 40 år. Levetida er mellom anna avhengig av val av teknologi og vedlikehald. I alternativa nyttar vi gjeldande satsar for investeringstilskot frå Innovasjon Noreg.

Netto noverdi fortel oss kor mykje formuen vår aukar, målt i dag, ved å gjennomføre investeringa

Krav til avkasting og arbeidsvederlag

Vi reknar eit vegd avkastingskrav eller rentekrav for eigenkapital og lånt kapital. Kravet til avkasting aukar gjerne med risikoen i prosjektet, det vil seie forventa inntekts- og kostnadsutvikling i landbruket, og den samla gjelda investeringa medfører. I driftsplanane er alle tal i faste prisar, og vi nyttar difor ei realrente i døma våre. Realrente svarar om lag til nominell rente, til dømes innskots- renta, minus prisstiging. Det vil seie at ei realrente på to prosent tilsvarar ei innskotsrente på fire prosent dersom prisstiginga er to prosent. Kor høg rente ein reknar, det vil seie kor stort krav ein stiller til avkasting av investeringa, varierer mellom ulike næringar, mellom anna ut frå kor høg risikoen er.

Figur 1a. Netto noverdi ved utbygging til 20–24 kyr med fire prosent rentekrav (svart kurve), og to prosent rentekrav (raud kurve). Netto noverdi i tusen kroner langs den vassrette aksen, og sannsyn langs den loddrette.

Figur 1b. Netto noverdi ved utbygging til 20–24 kyr med ti prosent auka vederlag til arbeid (grøn kurve) og uendra vederlag til arbeid (blå kurve). Rentekravet er to prosent.

Medan kravet til realrente i andre næringar gjerne varierer mellom 5 og 11 prosent, er rentekravet i landbruket oftast lågare. Såleis rekna NIBIO med eit rentekrav på to prosent i driftsgranskingane i 2019. I driftsgranskingane skal rentekravet ligge mellom nivået på langsiktige lån og langsiktige bankinnskot for å spegle av fordelinga mellom lånt og eigen kapital. I døma våre nyttar vi to ulike rentesatsar, to og fire prosent, og syner korleis det slår ut på netto noverdi. Arbeidsvederlaget byggjer på tal frå driftsgranskingane i 2019 og utgjer kr 374 000 pr. år på det minste bruket og kr 449 000 på det største. Vi nyttar to ulike arbeidsvederlag, vederlaget i 2019, og effekten av å auke det med 10 prosent.

Risiko

I driftsplanane er dekningsbidraget vanlegvis eit fast årleg beløp over heile planperioden, etter ein innkøyringsperiode på to til tre år. I praksis varierer derimot dekningsbidraget frå år til år på det enkelte bruk og mellom bruk innan same storleiksgruppe. Denne variasjonen utgjer ein risiko som påverkar lønsemda, og for å studere effekten let vi dekningsbidraget variere innanfor eit intervall. For å rekne ut variasjonen i dekningsbidrag nyttar vi tal frå bruk i driftsgranskingane med om lag same storleik.

Mest sannsynleg ulønsam utbygging

I figur 1a ser vi at mesteparten av den raude kurven ligg på den negative sida av den vassrette aksen. Såleis er det om lag 0,73 eller 73 prosent sannsyn for at ei utbygging til 20–24 kyr gjev negativ netto noverdi (punktet der den raude kurven skjer den loddrette aksen), sjølv med eit rentekrav på to prosent. Ei utbygging til 20–24 kyr er såleis mest sannsynleg ulønsam, gitt dei føresetnadene om levetid og avkastning vi legg til grunn. Med eit rentekrav på fire prosent (svart kurve) er netto noverdi negativ uansett kor mykje dekningsbidraget varierer. Utbygginga er ikkje lønsam. I figur 1b ser vi at jamført med den blå kurven er netto noverdi ved 10 prosent auka arbeidsvederlag negativ nesten uansett nivå på dekningsbidraget (grøn kurve). Utbygginga er ikkje lønsam.

Figur 2a. Netto noverdi ved utbygging til 30–34 kyr med fire prosent rentekrav (svart kurve), og med to prosent rentekrav (raud kurve). Netto noverdi i tusen kroner langs den vassrette aksen, og sannsyn langs den loddrette.

Figur 2b. Netto noverdi ved utbygging til 30–34 kyr med ti prosent auka arbeidsvederlag (grøn kurve) og ved uendra vederlag til arbeid (blå kurve). Rentekravet er to prosent.

Dobla rentekrav gjev negativ netto noverdi

Lønsemda ved å byggje nytt fjøs er sensitiv for relativt små endringar i krav til avkasting og arbeidsvederlag.

Foto: Geno

I figur 2a ser vi at med to prosent rentekrav (raud kurve) er utbygginga lønsam nesten uansett nivå på dekningsbidraget. Utbygging til 30–34 kyr er såleis vesentleg meir lønsamt enn å byggje til 20–24 kyr i vårt døme. Med dobla rentekrav (svart kurve) er netto noverdi nesten alltid negativ, utbygginga er ulønsam. I figur 2b ser vi at ti prosent auka arbeidsvederlag (grøn kurve) gjer at sannsynet for å få positiv netto noverdi vert mellom førti og femti prosent, ein vesentleg reduksjon i lønsemda jamført med den blå kurven. På dette bruket tilsvarar ti prosent auka arbeidsvederlag at ein må auke resultatet før avskrivingar med om lag fem prosent for å oppnå same lønsemd.

Må ha gode produksjonsresultat

Av resultata går det fram at lønsemda ved å byggje nytt fjøs er sensitiv for relativt små endringar i krav til avkasting og arbeidsvederlag. Resultata våre er i samsvar med det driftsplanleggjarane våre opplever i praksis. I materialet vårt er planane henta frå tidsrommet 2014 til 2019. Vi har såleis ikkje fått med effekten av den sterke kostnadsauken for maskiner og byggjearbeid dei siste åra.

Gode produksjonsresultat og kontroll med kostnadene er heilt avgjerande for lønsemda. Særleg viktig er det å ha kontroll på investeringskostnadene inkludert maskiner og buskap, og komme raskt opp i planlagt produksjonsvolum. Til dømes ser vi at dersom fjøset vert dyrare enn planlagt, tek det gjerne lenger tid å auke buskapen. Dermed vert inntektene flytta lenger fram i tid, og lønsemda vert dårlegare. Då kan det vere nødvendig å korrigere produksjonsplanen og driftsplanen, og følgje nøye med på økonomien i høve til planen.

Avgjerande å ha eit likviditetsbudsjett

Sjølv om ei investering gjev positiv netto noverdi er det likevel ikkje sikkert at ein har pengar til å gjennomføre den. Difor er det avgjerande å ha eit likviditetsbudsjett, som syner alle årlege inn- og utbetalingar. I døma våre er levetida sett til 30 år, medan banken gjerne innvilgar lån med inntil 20 år avdragstid. Lånt kapital får dermed avkasting først, medan avkastinga på eigenkapitalen blir skuva fram i tid. Avkastinga på eigenkapitalen blir ofte reinvestert i framtidige prosjekt.