Fôr/Fôring

Godt vommiljø legg til rette for høg feittprosent

Det ser dessverre ut som at behovet for mjølk går ned, og for å kompensera for mindre inntekt frå å levera volum, kan ein prøva å leggja til rette for høgare mjølkepris gjennom å auka feittprosenten i mjølkeleveransen.

Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Da salet av drikkemjølk synker, mens salet av fete meieriprodukt aukar blir det behov for høgare fettinnhold i mjølka. Bortfall av osteeksport er også ein faktor som bidrar til økt feittbehov i meieriindustrien.

Foto: Jumpstory

Harald Volden som er professor i drøvtyggarfysiologi og ernæring ved NMBU, gir gode råd for kva tiltak ein kan setja inn for å få opp feittinnhaldet i mjølka. Han meiner at med godt og nok grovfôr, kan det vera eit realistisk mål å klara 4,6 som gjennomsnitt for feittprosenten gjennom året.

Rask respons

Høgt tørrstoffinnhald er gunstig for mjølkeprisen, og dei siste åra har det vore mest gunstig å ha fokus på å auka feittinnhaldet i mjølka. For kvar tidel over eller under 4 prosent, så vert det tillegg eller trekk på 9 øre per liter mjølk. Med ein mjølkekvote på 100 000 liter mjølk, vil gjennomsnittleg feittprosent på 4,6 gi ei meirutbetaling på 54 000 kroner per år i høve til å liggja på 4,0 prosent. – Viss det er fôringa som er utfordringa for feittprosenten, så kan ein få resultat av endra fôringsstrategi på 4–5 dagar, seier den erfarne fôringseksperten.

Godt vommiljø

Det aller viktigaste for god feittprosent i mjølka, er å ha eit godt vommiljø. – Sørg for at det er appetittfôring med grovfôr og gi grovfôr før kraftfôr. Ha eitt fôringsopplegg som sikrar høgt grovfôropptak, seier professoren. Ein må hele tida ha fokus på magane til dyra; Laus avføring tyder på at vommiljøet ikkje er optimalt, og då går ofte feittprosenten i mjølka ned. Lause magar er også ein stressfaktor for dyra, og det disponerer for andre sjukdommar som mellom anna mastitt, løpedreining og ketose. For å unngå «sure» magar i tida rundt kalving, er opptrappinga av kraftfôr rundt kalving ein kritisk fase. – Ved godt og rikeleg grovfôr kan ein trappa opp med 250 gram per dag. Dersom ein har lite og/eller dårleg grovfôrkvalitet, kan ein måtta gå opp i 500 gram for dagen for å tilfredsstilla det auka energibehovet til kua, men då bør ein bruka kraftfôr med høgt innhald av fordøyeleg fiber.

Variasjon i feitt gjennom laktasjonen

Feittinnhaldet i mjølka varierer også gjennom laktasjonen. Det er som regel høgt dei to fyrste vekene etter kalving, for deretter å gå ned i takt med at ytinga aukar. Etter om lag 60–100 dagar etter kalving, går feittprosenten oppover att. – For produsentar som har konsentrert kalving, kan det derfor vera utfordrande å levera mjølk med høgt feittinnhald i tida rett etter kalving, men alle kan ha ei målsetjing om å unngå trekk for låg feittprosent, og prøva å leggja forholda til rette for at denne skal stiga etter kvart som ein kjem lenger bort frå kalvingstidspunktet, seier Harald.

Ta fôrprøvar og lag ein plan

For å setja opp ein fôrplan, og vita kvaliteten på grovfôret, er det alltid lurt å ta fôrprøvar. Utifrå fôrprøvane og mengd på grovfôret sitt, kan ein gjera gode val med tanke på kva kraftfôrstrategi ein skal velja. – Har ein rikeleg og godt grovfôr, kan ein gjerne setja eit tak på 10 -12 kg kraftfôr, for høgt grovfôropptak er gunstig for feittinnhaldet i mjølka, sler professoren fast. I motsett tilfelle, viss ein har lite og/eller dårleg grovfôr, bør ein gi mykje kraftfôr, og då bør ein velja kraftfôr med høgt innhald av fordøyeleg fiber. Harald seier også at ein ikkje bør kjøpa halm som grovfôrerstattar til høgtytande mjølkekyr, men heller satsa på høg andel kraftfôr med mykje fordøyeleg fiber. Det er vanskelegare å oppnå høg feittprosent med høg andel kraftfôr, men ein lyt gjera det beste ut av det fôret ein har og leggja ein god plan for korleis dette bør brukast utover sesongen. – Drøvtyggarar bør få mest mogleg jamn fôring for at vomma skal fungera optimalt, så ein bør også leggja opp fôringa slik at ein vekslar mellom dei ulike slåttane ved morgon- og kveldsstellet, eller for dei som har fôrmiksar, blanda ulike kvalitetar i kvar miks, seier den erfarne fôringseksperten.

Redusert avdrått

For å få høgare tørrstoffinnhald i mjølka, er det også lurt å bremsa produksjonen noko. Kyr med høg avdrått, har ofte lågare feitt–og proteinprosent i mjølka. Viss ein fyller kvoten, kan ein gjerne trappa raskare ned på kraftfôret 60 -100 dagar ut i laktasjonen når ein har fått kalv i kua. Det er uansett smart å starta nedtrapping på kraftfôret når ytinga har stabilisert seg og grovfôropptaket er godt. Slik unngår ein «sløsing» med kraftfôr og at kua vert feit i tillegg til at nedtrappinga er bra for feittinnhaldet i mjølka.

Set mål å jobba mot

Mykje tyder på at forholdstalet for mjølk går ned for 2023, men meieriindustrien spør etter og betalar ekstra for mjølkefeitt, så då kan det vera strategisk å setja seg inn i kva ein kan gjera for å auka feittinnhaldet i mjølka. Viss det er små justeringar i fôringa som skal til, kan ein gjera smarte val her. Både fôringsrådgivarar, dyrlegar og kraftfôrkonsulentar kan vera gode diskusjonspartnarar, og av og til kan det vera bra å ha nokon utanfrå å rådføra seg med. Det er i alle fall ikkje tvil om at det er lurt å ha fokus på feittprosenten framover, og ein kan gjerne setja seg realistiske mål å jobba fram mot.