Helse/Fruktbarhet/Dyrevelferd
Frå dyrlegens kvardag

Høgsesong for inseminering, brunstkontroll og hormonbehandling

Når det dreg seg til mot jul, pleier det også å auka på med insemineringar, og når bønder med konsentrert haustkalving fyrst har starta opp med sesongen, likar dei fleste å få inseminert flest mogleg i løpet av dei neste vekene.

Tekst og foto: Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Viss ein skal ha konsentrert kalving, er det viktig å oppdaga flest mogleg brunstar når ein har starta inseminasjonssesongen. Her inseminerer eg medan Stine Sønnesyn held halen.

God brunst hjå dyra er eit veldig godt utgangspunkt for å få kalv i kyrne til rett tid, men det er dessverre ikkje alle som viser seg like godt. Eg vert ofte spurt om å kjenna på dyr som bonden ikkje har sett brunst på, og det er lurt å la dyrlegen sjekka opp dyr som ein ikkje har sett noko på når det har gått om lag seks veker sidan kalving. Når eg likevel er på plassen for å inseminera, så går dette veldig raskt viss dyra er sett fast på førehand. Eg kan mellom anna kjenna om det er aktivitet på eggstokkane, kvar kua er i syklus eller om ho står med eggstokkcyste.

Stovereint med hormonbehandling

Viss kua har eggstokkcyste, så behandlar me dette, men viss alt er normalt, kan ein venta eller ein kan bruka hormon for å framskunda brunsten. Hormonbehandlingane me brukar i Noreg er uskuldige, og eg synest ikkje det er etisk feil å provosera fram ein brunst.

Ved liten aktivitet på eggstokkane, kan me få kua i brunst ved å setja inn ein hormonspiral som «lurer» kua til å tru at ho har hatt ein brunst, og eggstokkfunksjonen kjem i gong. Viss kua er i midtsyklus (mellom dag 6 og 16 etter brunst), så kan me sprøyta ho med prostaglandin, og då kjem kua i brunst etter 2–5 dagar, oftast etter 3–4 dagar. Kyr som er i syklus, men ikkje i midtsyklus, kan ein sjekka opp att etter 11 dagar, og då vil truleg desse vera komme i midtsyklus og klare for prostaglandinbehandling viss ein ynskjer det.

Fleire alternativ etter prostalandinbehandling

Hormonbehandling kan vera eit nyttig hjelpemiddel for å få kalv i kua til rett tid.

Sprøyting av kyr med prostaglandin i midtsyklus er eit enkelt hjelpemiddel som kan hjelpa bøndene å oppdaga brunst fordi ein veit at kua mest truleg kjem i brunst etter 2–5 dagar, og når ein oppdagar brunsten, inseminerer ein som normalt. Mange vel også å dobbelinseminera ho 3. og 4. dagen eller bruka Spermvital på 3. dagen. Ifølgje anbefalingane til Geno, er det like gode resultat etter bruk av Spermvital på 3. dag som med dobbelinseminering 3. og 4. dag.

Bruk tid på brunstkontroll

Uansett om ein vel hormonbehandling eller ikkje, så er det viktig å bruka nok tid i fjøsen for å få med seg brunst på flest mogleg kyr. Enkelte viser berre nokre små teikn, og di meir tid ein brukar på brunstkontroll, di fleire dyr kan ein fanga opp å få inseminert. Sjølv om ein har aktivitetsmålar eller andre hjelpemiddel for å oppdaga brunst, så er det viktig å følgja godt med.