Ammekubesetningar har også suksess med SenseHub
Med aktivitetsmålar tok Ole A Lerfald steget frå bruk av eigen okse til i hovudsak inseminering.
Markedskonsulent i Geno
Lerfald Nordre i Stjørdal kommune i Trøndelag
.png)
Maria og Ole A Lerfald (Maria har også jobb utanom garden)
4 born på 8,14,17 og 20 år.
260 dekar innmark til grasproduksjon (tre slåtter)
Simmentalbesetning, 55 mordyr og 144 dyr totalt
Aktuell for svært gode erfaringer med SenseHub
.jpg)
Då yngste sonen, Brede (8), fekk spørsmålet om han ville bli bonde kom eit kontant «Ja!».
SenseHub, etterfølgjaren til aktivitetsmålaren Heatime, er eit døgnkontinuerleg hjelpemiddel innan helse og reproduksjon. Dersom ein har kontroll på brunst og helse, er det ein solid grunnpilar for suksess med å kunne dra nytte av kapasiteten dyra innehar. Med tanke på bruk av SenseHub for ammeku, vart Ole A Lerfald frå Hegra i Stjørdal avlagt ein visitt i vår.
Gardsoksen redusert til reserveløysing
.jpg)
Oksane blir framfôra til 14 – 16 månaders alder, og dei kjem ofte i R og R+ på oppgjer frå Nortura, seier Ole A. Lerfald.
Ole A Lerfald er ein framifrå flink husdyrbrukar med Simmental som hovudrase. Før 2021 nytta han eigen okse og ingen inseminering. Ole hadde ei stund tenkt å skaffe seg Heatime, men det vart ikkje noko av. Den lokale seminteknikaren, Odd Einar Friheim, framsnakka seinare SenseHub som aktivitetsmålar og eit trygt hjelpemiddel til å finne aktuelle insemineringstidspunkt. Såleis kan ein med stor sikkerheit kunne dra fordel av inseminering, og spreie bruken på fleire godkjende oksar til å rekruttere neste generasjon. Då er det også mogleg å krysse inn med andre rasar. Ved årsskiftet 2020/2021 handla Ole SenseHub Advanced Beef med 60 øyretranspondere. Ved neste periode starta han opp med å inseminere etter aktivitetsmålaren sine brunstvarsel. Gardsoksane vart historie, men har behalde ein som ein slags reserve for «ettersleparar », men målet er å inseminere alle mordyr.
75 prosent tilslag første sesong
.jpg)
Nordre Lerfald ligg vakkert til i Hegra i Stjørdal.
Allereie første sesong vart det gode resultat, der 49 brukte sæddosar ga 37 drektige dyr etter første inseminering. Dette tilsvarar gode 75 prosent tilslag, og deretter har ikkje Ole A Lerfald angra på verken aktivitetsmålaren eller insemineringa. Dette saman med bruk av kameraovervaking, har det skapt betre kontroll både ved hjelp av forventa kalvings-lister og visuell kontroll med dyra.
SenseHub er til å stole på
Før nytta Ole to gardsoksar, men no satsar han på inseminering, og er 100 prosent nøgd med det. Han stoler heilt og fullt på SenseHub. Brunstkalender blir ikkje nytta lenger, då han har full oversikt via aktivitetsmålaren, og spesielt appen på telefonen som alltid er i lomma.
Insemineringssesongen startar i mars, og det er mykje logistikk der aktivitetsmålaren er kjekk å ha. Som ammekuprodusent, er Ole medlem i Storfekjøttkontrollen, der det er integrasjon av data. Det vil seie at data som han legg inn i Storfekjøttkontrollen, blir automatisk oppdatert i SenseHub. Dette har gjort det enno enklare å drifte garden.
Satsar på simmental
Simmental er rasen det blir satsa på. Alle seminoksar frå Simmental er kolla, men det kan også bli hornet avkom sidan fleire er heterosygot kolla. Ole har avhorna berre to kalvar i år. Han velger Aberdeen Angus for å få ein liten kalv til kvigene, istadenfor å gå for ein lettkalvet Simmental seminokse. Angus gjev også berre kolla avkom.
På dyr det ikkje skal avlast vidare etter, nyttar han ein del Charolais på andrekalvs kyr og oppover. Elles følgjer han avlsplanen med Simmental.
Avlsinteressert
.jpg)
Kan ein kalv ha det betre? Her ligg reinrasa Simmental og kryssingsdyr tett i tett i mengder av tørr halm.
Ole er avlsinteressert og synest det er interessant å eksperimentere litt, og er ofte sin eigen rådgjevar. Han vil helst ha ei lett og kolla ku som mjølkar bra. Likevel er det også samarbeid med fagutdanna rådgjevar, samt lokal seminteknikar og avlsrådgjevar på kjøttfe, Odd Einar Friheim. Det var såleis artig å kunne bidra med oksen NOR 502328 Uredd av Lerfald som vart selt på Tyr sin auksjon på Staur i april 2025.
Mål
Målet er å ha 50 mordyr på begge telledatoane. Ole fõrer fram en del oksar som blir slakta ved 14 – 16 månaders alder, men sel også oksar til oppforing, alt etter plass og mengde grovfôr tilgjengeleg på garden.
Stort sett brukar han ungoksar og eliteoksar via Geno og inseminør, men importerer gjerne spesielle Simmentaldoser. I tillegg til nemnde krysningsrutiner med Angus og Charolais, har han også prøvd litt Blonde d’Aquitane og Wagyu. - Litt moro må ein tillate seg, seier Ole, og peikar på interessante kryssingskalvar nede i halmen i den rolige kalveflokken.
Ved utvalg av avlsdyr er Ole elles særs nøyen med bein, klauver og klauvkvalitet. Han nyttar profesjonell klauvskjerar, som rapporterer direkte til Storfekjøttkontrollen.
«helst ha ei lett og kolla ku som mjølkar bra»
Dyra går i kaldfjøs
Dyra går i kaldfjøs, noko som går fint. Sideveggane er 4 m høge, og det er 9 m opp i mønet. Med god lufting i kvar ende og i møne, er det eit godt rom å vere i for dyra. Om vinteren når det er kaldt, koplar Ole til elektrisk varme på vassrøra til drikkekar.
Utandørs har han ein stor vinkelbygd binge med plass til 20 kyr med kalv. Denne er mykje brukt om våren når det begynner å bli fullt inne. Kyrne er inseminerte, og det er ein roleg flokk som «badar seg» i vårsola. Og til skribenten sin glede, går alle mordyr med SenseHub øyretransponder på plass. Bingeområdet har tilgang på heilårsopent kildevatn frå oppkomme lenger oppe på eigendomen, og vatnet held fire grader året rundt. Dette renn med konstant gjennomstrøyming, og det er gullande reint i drikkekaret.
Det skortar heller ikkje på bruk av halm. Dei minste kalvane ligg tørt, lunt og trekkfritt i store flokkar, og rikeleg med halm som underlag. Dei har god tilgang til både kraftfôr og grovfôr, og ser friske og reine ut.
Om sommaren nyttar han først eit inngjerda beite heime på garden, og seinare ein ca 100 dekar stor setervoll eit par mil unna. Der gjer Nofence god nytte med å halde dyra på plass.
«det landet i Europa som har flest slike anlegg i bruk i denne produksjonen»
Integrasjon med storfekjøttkontrollen
.jpg)
Konstant gjennomstrøyming av eige kildevatn som held 4 grader året rundt.
Ammekuprodusentar med SenseHub- anlegg opplever at data dei legg inn i Storfekjøttkontrollen, automatisk blir oppdatert i SenseHub. Denne integreringa er det OS ID/MSD Animal Health som fysisk legg til rette for. Også når heilt nye SenseHub-anlegg blir sende ut og skal startes opp, har OS ID allerede kopiert over aktuelle data/filer frå Stofekjøttkontrollen. Dvs det blir berre å ordne brukarnamn og passord, og så er ein i gang. Denne integreringa sparer gardbrukaren for mykje tid framfor datamaskina.
Tryggjer økonomien
På Lerfald Nordre vart det bygd om frå gris til ammeku i 2008. SenseHub er komen for å bli, og tryggjer økonomien i ein ammekuproduksjon som for tida er ei næring med heller trang økonomi og mange utfordringar.
SenseHub i ammekubuskapar
Noreg er med 400 SenseHub-anlegg i drift i ammekubuskapar, er med dette det landet i Europa som har flest slike anlegg i bruk i denne produksjonen. Dette er ganske imponerande når ein tenkjer på at vi i Noreg har berre om lag 5 000 ammekubuskapar totalt, medan det til dømes i Frankrike er over 50 000. Det store SenseHub- talet i Noreg, er truleg grunna i at norske ammekuprodusentar i større grad ser fordelen med å satse på bruk av semin enn det resten av Europa gjer. I tillegg har vi eit solid utbygd nett av seminteknikarar og veterinærar som alltid har kjøttfesæd i sine nitrogendunkar. Norske ammekuprodusentar inseminerer omlag 20 prosent av mordyra, medan land vi kan samanlikne oss med i resten av Europa ligg ligg tilsvarande tal på ca. 5 prosent. Fire av fem kjøttfesæddosar (80 prosent) i Noreg blir rett nok brukt i kryssingsavl i mjølkekubuskapar, men med eit stadig aukande antal aktivitetsmålarar hjå ammekuprodusentar, er det venteleg at ein enno høgare andel av ammekyrne i framtida kjem til å bli inseminerte.