HELSE/FRUKTBARHET/DYREVELFERD
Frå dyrlegens kvardag

Klauvspalteflegmone

I sommar vart eg tilkalla til ei ku som hadde nedsett matlyst, fall i mjølkeyting og halt på eine bakfoten. Dette hadde skjedd over natta, for kua var tilsynelatande frisk kvelden før. Dyra var ute på beite om dagen, men inne om natta, og for å komma til beite måtte dei gå 200 meter på grusveg.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Tidlegare var det mest vanleg med klauvspalteflegmone i beiteperioden, men no er den vel så vanleg i lausdriftsfjøs. For å redusera risikoen for sjukdomen kan ein holda underlaget fritt for kvasse kantar, tørt og unngå innkjøp av dyr. Dette bilete er frå fellesstølen Bersetno på Hafslo i Luster kommune, og det har ingenting med sjukdommen å gjera.

Ved undersøking hadde kua feber, 40,5 grader celsius i kroppstemperatur, og venstre bakbein hadde hevelse frå kronranda (der klauvkapselen går over til hud) og opp til over kodeleddet. Dette beinet var også varmare enn dei andre, men eg klarte ikkje å sjå noko sår.

Infeksjon

Eg stilte diagnosen klauvspalteflegmone, og dette er ein infeksjonssjukdom der bakteriar kjem inn under huda i klauvspalta og lagar betennelse i vevet. Ofte er det sår som er innfallsporten for bakteriar som gir betennelse, men bakteriane kan også trengja gjennom heil hud. Dette er smertefullt og gir allmennpåkjenning, slik at dyr med klauvspalteflegmone vanlegvis får nedsett allmenntilstand med feber, nedsett matlyst og dropp i mjølkeyting. Sjukdommen er ofte grei å behandla med smertestillande og febernedsetjande medisin i tillegg til penicillin når ein kjem inn tidleg i forløpet.

Kvasse kantar og fuktig underlag disponerer

I dette tilfellet vart kua sjuk i beiteperioden, men sjukdommen er også relativt vanleg i lausdriftsfjøs. Viss underlaget har kvasse kantar og/eller er fuktig, så kan det disponera for sjukdommen. Førebyggande tiltak er derfor å prøva å holda underlaget tørt og utan kvasse kantar som kan gi sår i klauvspalten. Denne sjukdommen kan også vera smittsam, og viss det vert fleire dyr som vert ramma, kan det vera aktuelt å setja inn fotbad for å redusera risikoen for at fleire vert sjuke.

Unngå innkjøp av dyr

Klauvspalteflegmone kan også blussa opp etter innkjøp av dyr, og produsentar som har hatt to eller fleire tilfelle av sjukdommen, vert raude på klauvstatus på helseattesten i seks månader etter utbrotet. Dette er nok ein god grunn til å sjekka helseattest og seljarbesetning grundig før ein går til det steg å kjøpa livdyr. Eitt stort utbrot med klauvspalteflegmone kan fort bli arbeidskrevjande og kostbart i tillegg til at det er negativt for dyrevelferda.

Godt utfall

I dette tilfelle stoppa det med eitt enkelttilfelle og denne kua stod inne nokre dagar medan ho var under behandling. Betennelsen responderte fint på behandlinga, og kua var frisk nokre dagar etterpå.