HELSE/FRUKTBARHET/DYREVELFERD
Frå dyrlegens kvardag

Mykje å velja i når ein planlegg insemineringa

Her i Sogn er det mykje haustkalving, og det betyr at no er det mange kyr og kviger som vert inseminert. Dei siste åra har valet innan ulike kategoriar sæd verkeleg skote fart, og no er det mange mogelegheiter for dei som ynskjer å ta avlsarbeidet til nye høgder.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Tidlegare var det kun vanleg sæd og SpermVital som var i insemineringsdunkane, no har kjønnsseparert sæd komme for fullt, og bøndene kan i teorien velja kjønnet på kalven ved inseminering. Denne sesongen merkar eg at bøndene i Sogn er meir «på», og fleire nyttar seg av denne mogelegheita.

Sikra rekruttering av gode kviger

Når ein lukkast med godt tilslag med inseminering med kjønnsseparert sæd, så gir det auka lønnsemd. No finnst det både kjønnseparert x (ho)- og y-(hann) sæd, og det er smart å setja seg inn i kva mogelegheiter dette gir på garden.

Det er viktig å sikra seg god rekruttering av kviger, så ein må i fyrste omgang tenkja på korleis dette skal gjerast. Viss ein har GS-testa dyra sine, så veit ein kven som har best arvemateriale, og det bør vera slike dyr ein rekrutterer vidare ifrå. No har Geno sin REDX-sæd blitt god, det er fleire eliteoksar det vert laga REDX-sæd av, og følgeleg kan ein sikra rekrutteringa på færre dyr. Dette gir mogelegheit til å bruka kjøtfesæd på ein større del av besetningen, noko som er lønnsamt i kjøtproduksjonen.

Det som er viktig når me inseminerer med kjønnsseparert sæd, er at me ikkje inseminerer for tidleg i brunsten, brunsten bør vera god, og me bør vita at me er på slutten for å få godt tilslag. Kjønnsseparert sæd er meir behandla enn vanleg sæd, slik at desse cellene kan befrukta nesten umiddelbart etter at dei er deponert, medan vanleg sæd må vera inne i kua i om lag 4 - 6 timar før dei kan befrukta egget (kapasitasjon). Kviger tek også lettare kalv enn eldre kyr, og dei har ofte høgare avlsverdiar, så ein kan med fordel bruka REDX på kviger. Ein bør ikkje bruka REDX på dyr med dårleg fruktbarheit eller dyr som viser dårleg brunst.

Lønnsamt med kjøtfe på mjølkebruket

Når ein veit at ein greier å rekruttera nok hodyr av NRF, så er det lurt å inseminera resten av dyra med kjøtfe. Bønder som sel oksekalvar til liv opplever at det er lettare å selja krysningskalvar enn reine NRF – kalvar til oppfôring, og dei som driv med oksar og mellomkalvproduksjon, ser at kjøtkrysningane veks raskare og klassar seg betre enn reine NRF – dyr. Eg likar å anbefala limousinsæd, gjerne kjønnsseparert sæd som gir oksekalvar til vaksne kyr og angussæd til kviger, men her er det mange mogelegheiter. Fordelen med Angus er at den som regel kan brukast på kviger, og Limousin har relativt låg fødselsvekt til å vera tung rase.

«ser at kjøtkrysningane veks raskare og klassar seg betre enn reine NRF – dyr»

Oksen bestemmer drektigheitstida

Ein kan også merka seg at det er faren som bestemmer drektigheitstida til avkommet, og at Angus har to dagar kortare og Limousin ti dagar lenger drektigheitstid enn NRF. Dette kan vera greit å vita når ein planlegg konsentrert kalving. Viss ei eldre ku med låg avlsverdi kjem i god brunst litt før ein har tenkt å starta insemineringssesongen, så er det lurt å starta sesongen med å inseminera med til dømes Limousin, som har 10 dagar lengre drektigheitstid enn NRF, rundt 10 dagar tidlegare enn ein normalt ville ha begynt.

God økonomi når ein lukkast med kjønnsseparert sæd

Avlsarbeid er langsiktig og spennande arbeid. No har me mange verktøy for å velja ut kva dyr som skal satsast på ved hjelp av både vanlege avlsverdiar, GS – testar og ikkje minst korleis dyret er sjølv og korleis det presterer. Desse hjelpemidla bør vera med å bestemma kva oksar me inseminerer med, og eg trur at fleire kan byrja å ta i bruk mogelegheitene som kjønnsseparert sæd gir oss. Når me lukkast her, så gir det auka lønnsemd med at me rekrutterer hodyr frå dei beste dyra, og kan få ut meir kjøt på kortare tid med meir inseminering med kjøtfesæd, gjerne kjønnsseparert sæd som gir oksekalvar.