Fotosensibilisering
I løpet av dei 20 åra eg har jobba som dyrlege, har eg sett mange sauer bli ramma av fotosensibilisering, men eg trur eg kan telja på ei hand tilfella eg har sett hjå storfe.
Frilansar Buskap
.jpg)
Her ser me tydeleg at det er dei kvite partia på ryggen som er ramma med at huda har blitt kraftig solbrent. Det har blitt store sår som her er i ferd med å bli heilt fine att.
Dette skjer om sommaren ute på beite, og eg har blitt kontakta av eigarar fordi dyra har fått mistenkelege sår, kløe og hevelsar på lyse parti på huda.
«Huldrabrent»
Sidan skadene kun er avgrensa til lyse hudparti, gjerne på rygg, hovud og nakke, har det vore naturleg å tenkja på fotosensibilisering. Ved denne tilstanden vert dyra «solbrende» på kvite eller lyse parti på grunn av at dei har ete planter som inneheld stoff som hopar seg opp i blodet og gjer at dei vert overfølsomme for sollys. «Huldrabrent» er eit gammalt namn på sjukdommen, og det kan vera nærliggjande å tru at namnet antydar at dyra er brent av hulder.
Firkant – og prikkperikum
Dei gongene eg har sett slike tilfelle, har eg også funne ulike perikum-artar i beitet, for både firkantperikum og prikkperikum er det mykje av her i området, og desse plantene inneheld stoffet hypericin som kan gi fotosensibilietet viss dyra et ein del av desse plantene. Det er hovudsakleg ungdyr som vert ramma fordi dei har mindre greie på kva dei skal eta, og det er også større risiko for at dyra et slike planter som dei normalt ikkje vil eta, viss det er lite tilgang på andre gode beiteplanter. Langvarig tørke disponerer derfor for planteforgiftning med påfølgande fotosensibilisering hjå beitedyr.
Sårstell og skjerming for sollys
Det finst ikkje nokon medisin som løyser problemet, men det hjelper å skjerma dyra for sollys og å stella såra. Me har smurt på Optima gel frå Optima Produkter AS for å leggja til rette for god sårheling, men det kan ta lang tid før såra vert hela viss det er store parti som er råka. Prognosen for å bli heilt frisk att er heldigvis god, men det kan ta lang tid viss store hudparti er skada.



