HELSE/FRUKTBARHET/DYREVELFERD

Kalvevettreglar

Kari Margrete Sølvberg

Rådgiver fôring og grovfôr i Tine

Randi Therese Garmo

Spesialrådgiver/Veterinær i Tine

Ha oversikt over når kua/kviga skal kalve og sikt mot at kalvinga skjer i ein kalvingsbinge.

Spray alltid navlestrengen, spesielt om du har mykje sjukdom og død hjå kalv.

Automat: Sørg for mette kalvar. Ofte for liten porsjonsstorleik i utgangspunktet. Kalven bør få minst 2 liter om gongen. Ikkje gå ned i for små mengder drikke ved avvenning. Det kan føre til stress og suging på andre kalvar.

Råmjølkslager: Frys ned råmjølk av god kvalitet frå første mål. Skriv på dato, den held seg i ett år.

Tine-veterinærar tilrår 3 veker med mjølk før overgang til mjølkeerstatning. Særleg viktig ved problem med kalvane.

Oppstalling kalv: Tørt, mjukt og trekkfritt og med god luftkvalitet. Det beste er å ikkje ha fleire enn 6-8 kalvar saman i bingen. Der skal vere tilgong på vatn, kalvekraftfôr og høy/silo.

Mjølkeerstatning må blandast likt frå gong til gong. Dobbeltsjekk at pulvermengda er rett i forhold til mengde vatn. Helst ein person som har jobben. Bruk gjerne tavler for oversikt. Ikkje gå frå mjølkeerstatning til heilmjølk att. Følg instruksane for blanding på sekken til punkt og prikke.

Gje råmjølk så fort som råd og innan 2 timar. Den bør drikke minst 2 liter råmjølk ved fyrste servering, og la kalven drikke så mykje han vil. Tilby råmjølk att om nokre timar om kalven drikk lite. Sondefôring kan vera til hjelp, men skal ikkje brukast rutinemessig. Greier kalven å drikke så bør han drikke sjølv. Sørg for å måle kvaliteten på råmjølka og suppler med betre råmjølk om den ikkje held mål.

Mjølkeforing: Tilby minst 8 liter dagleg, kor mykje kalven drikk varierer mellom anna med storleik på kalven. Nedtrapping i mengde frå rundt 4 veker. Ha same temperatur på mjølka kvar gong.

Reinhald: God hygiene på mjølkefôringsutstyr og automat er veldig viktig! Skyll i kaldt/lunka vatn og vask med varmt vatn og såpe.

Søk råd hjå dyrlegen ved sjukdom og hjå rådgjevar i Tine ved problem.

Foto: Peter Reppen-Gjelseth