Helse/Fruktbarhet/Dyrevelferd

Dyrlegens kvardag

Jurbetennelse utan bruk av antibiotika

Mange tenkjer at ved alle former for jurbetennelse, så er antibiotika løysinga, men det finnst unntak. Dette kan det vera greit å vera klar over viss kua er planlagt utrangert innan kort tid, eller ein ynskjer å unngå kassering av mjølk. Det er også med på å få ned antibiotikabruken, noko som er bra både for miljøet og folkehelsa.

Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

For nokre dagar sidan var eg utkalla til ein bonde som hadde ei sjuk ku. Denne kua hadde hatt spenetrakk i vinter, og bonden hadde då berre sett bort spenen og mjølka dei andre tre spenane som normalt.

No har denne kjertelen hovna opp, og kua har redusert allmenntilstand med feber og nedsett matlyst.

Hoven jurkjertel

Eg reiser ut og ser på kua, og det er tydeleg at det er denne kjertlen som no lagar problem. Bonden har ikkje fått opna den, for spenekanalen er tett i tuppen på grunn av gammal speneskade. Viss den hadde vore open, så hadde det vore lurt å tømt kjertelen med ein gong bonden såg at den hovna opp og vart større, for då hadde han kanskje unngått dyrlegebesøk og at kua vart sjuk.

Evakuerer puss

Med denne forhistoria til kua og den hovne kjertelen, antek me at det er mykje puss som må ut, og eg opnar lett spenen ved hjelp av spenekniv. Det viser seg at mistanken stemmer, og eg mjølkar ut over ein liter med puss. Denne kjertelen er utan tvil øydelagt for all framtid, så det er heilt uaktuelt å prøva å berga mjølkeproduksjonen på denne kjertelen, men målet vårt er å få kua frisk att, og at ho skal mjølka godt på dei tre andre spenane.

Spenekniv og NSAID: Spenekniven er ikkje mykje i bruk lenger, men den er god å ha når me må opna spenar for utmjølking. Comforion og Dolovet er smertestillande, febernedsetjande og betennelsesdempande medisin utan tilbakehaldingsfrist på mjølk. Eg synest at Dolovet er fint å ha liggjande for bøndene, og det kan gjerne brukast i samråd med dyrlege på telefon i fleire tilfelle der dei ikkje treng dyrlege fysisk på garden.

Ingen tilbakehalding på mjølk

Kjertelen mjuknar veldig når alt pusset er komme ut, og eg gir kua kun Comforion som er smertestillande, febernedsetjande og betennelsesdempande. Det som også er fint med denne medisinen, er at det ikkje er tilbakehalding på mjølk, slik at bonden kan fortsetja å levera mjølk på dei tre andre spenane. I tillegg skriv eg ut resept på Dolovet som har same indikasjon som Comforion, som bonden kan gi ved behov nokre dagar til viss kua får feber eller nedsett appetitt. Det er også svært viktig å få ut alt pusset i spenen, så den må tømmast for hand så lenge det er puss der. Det finnst fleire andre alternativ til medisin med same funksjon, men det var desse typane eg brukte.

Redusert antibiotikabruk

I dette tilfelle klarte me oss godt utan antibiotika, og det er greit å vera klar over at det ikkje alltid er antibiotika som skal til for å få dyr friske att. Her fekk me ut pusset og gitt smertestillande og febernedsetjande medisin, og dette var nok til at kua vart frisk att. No slapp bonden å holda tilbake mjølk og samstundes reduserer me antibiotikabruken, så dette er vinn – vinn for alle partar.