Fôr/Fôring

Løner det seg alltid med god grovfôrkvalitet?

Ved å studere 23 bruk i Tine Lønsemdanalyse (TLA) i 2024 i Trøndelag fann vi at svaret på spørsmålet i overskrifta ikkje er beint fram.

Bjørn Gunnar Hansen

Spesialrettleiar Tine

Rasmus Bang

Forsker Nibio

Vi delte bruka i to grupper etter kor mykje grovfôr dei hadde i høve til mjølkekvoten. Ut frå dei to gruppene laga vi to typebruk. Bruket med mest grovfôr hadde 5.48 MJ NEL grovfôr til disposisjon pr liter mjølkekvote, medan gruppa med minst grovfôr hadde berre 3.71 MJ pr liter. Mjølkekvoten var om lag lik på begge bruka med 277 845 liter, og fjøset hadde plass til 38 kyr og 39 kviger. Skilnaden mellom enkeltbruk i heile datasettet varierte frå 2.33 til 7.36 MJ NEL pr liter kvote. Til å samanlikne dei to bruka brukte vi Optinorfarm-modellen, ein gardsmodell som tidlegare har vore omtalt i Buskap. I det første eksperimentet sette vi grovfôrkvaliteten relativt låg på båe bruka, 5.87 MJ pr kg tørrstoff, som er litt under middelen av grovfôranalysene. Målet var å studere effekten av å auke kvaliteten til 6.3 MJ pr kg tørrstoff på båe bruka ved å gå frå to til tre haustingar. 6.3 er noko høgare enn landsmiddelen, sjå Buskap nr 2 i 2025. I alternativet med tre haustingar auka vi N-gjødslinga med 4 kg pr dekar.

Ikkje uventa viste resultata at effekten av auka grovfôrkvalitet var heilt avhengig av tilgangen på grovfôr i høve til mjølkekvote og fjøsplass. Bruket med mest grovfôr hadde tilstrekkeleg grovfôr til å dekke meir-opptaket av grovfôr når kvaliteten auka. Kvoten vart framleis fylt, kraftfôrbruken vesentleg redusert, og dekningsbidraget auka med om lag 81.000 kroner. På bruket med lite grovfôr pr liter kvote derimot, vart dekningsbidraget redusert med om lag 108 000 kr. Behovet for grovfôr vart langt større enn tilgangen, og dermed vart kvotefyllinga vesentleg redusert. Nedgangen i kraftfôrbruk vog ikkje opp for inntektstapet grunna redusert kvotefylling, færre kyr, tapte kjøtinntekter og reduserte tilskott. For båe bruka auka utsleppa av klimagassar litt på grunn av auka N- tilførsle og litt høgare dieselforbruk ved tre haustingar. Vi legg til at i dette eksperimentet opna vi ikkje for kjøp av grovfôr, og vi heldt avdråtten pr ku og levetida på kyrne uendra i høve til utgangspunktet.

«om at auka grovfôrkvalitet gjev betre økonomi må nyanserast»

I det andre eksperimentet brukte vi dei same føresetnadene, bortsett frå at no opna vi for at modellen kunne velje å auke avdråtten og levetida på kyrne. Modellen valde akkurat dèt. Dermed minka talet på kyr og det vart behov for færre kviger, slik at behovet for grovfôr vart redusert. Med desse endringane klarte bruket med minst grovfôr å halde dekningsbidraget om lag uendra i høve til alternativet med to slåttar. Det vart med andre ikkje pengar til overs til å dekke meirarbeidet med ein ekstra slått. På bruket med tilstrekkeleg grovfôr hadde avdrått og levetid mindre å seie. Bruket hadde i utgangspunktet tilstrekkeleg grovfôr til å dekke det auka behovet, og dekningsbidraget vart om lag uendra i høve til det første eksperimentet.

Som oppsummering kan vi seie at den økonomiske gevinsten av auka grovfôrkvalitet er heilt avhengig av kor mykje grovfôr eit bruk har til disposisjon pr liter mjølk. Ekstraarbeid og auka faste kostnader ved fleire haustingar må og vurderast. Det generelle rådet vi ofte høyrer om at auka grovfôrkvalitet gjev betre økonomi må difor nyanserast.