Tema: fjøsbygg

Kalvingsbingar i båsfjøs

Det er krav om at også alle båsfjøs skal ha kalvings-/sjukebinge frå 01.01.2024. I dei fleste båsfjøs kan dette løysast på ulike måter utan større investeringar, men det vil sjølvsagt ta litt plass i fjøset.

Torfinn Nærland

Rådgjevar bygningsplanlegging

torfinn.narland@tine.no

Kay Arne Aarset

Veterinær

Begge Tine Rådgiving Jæren og Agder

Svein-Åge Vangdal

Bygningsrådgivar

Helene Sejersted Bødtker

Begge Tine Rådgiving Hordaland og Ryfylke

Kalvinga er ei stor fysisk påkjenning for kua og kalven. For å lette dette mest mogleg, bør dei ha tilgang til eit område med god plass. Kalvinga går lettast dersom kua kan gå laust i ein romslig binge. Kalv født på eit isolert og drenerande golv i ein kalvingsbinge vil kunne få ein god start på livet, og sikre at kalven bare kan suge råmjølk frå mora som sitt fyrste måltid. 

Figur 1. Moglege kalvingsbingar i båsfjøs, illustrasjon Torfinn Nærland

Litt kalvingsetologi

Vanlegvis vil kyr som skal kalve trekke seg bort frå flokken omtrent eit døgn før kalving. Dei vil ofte søkje eit stille og beskytta område der kalvinga kan skje uforstyrra av andre dyr. Dersom dyr vert sluppet for tidleg inn i kalvingsbingen, eller blir plassert aleine langt og isolert frå resten av kyrne/kvigene, vil dei bli stressa av å bli haldt borte frå flokken. Då kan kalvinga gå i stå. Skal ein bruke bingar der dyra blir isolerte frå flokken, bør ein ha gruppebingar slik at fleire dyr kan gå der samtidig.

Golvet i kalvingsbingen

Kua/kviga vil ofte vera uroleg, reise og legge seg fleire gonger under kalvinga. Dyret er stort og tungt, ledda er svake og toler lite. Golvet må difor vera sklisikkert og utan trinn. På golvet bør det vera gummimatte med godt med strø, eller anna mjukt materiale som halm. Dette vil og hindre at den nyfødte kalven og kua blir nedkjøla. Dette er særleg viktig dersom kua får mjølkefeber, då kua får kroppstemperatur under normalen. Mjølkefeber er den mest utbreidde kalvingsrelaterte sjukdomen vi har, og kua kan kome til å ligge i fleire dager. Mjukt underlag hindrar liggeskader. For å halde golvet i bingen mest mogleg hygienisk og reint frå fostervatn, mjølkesøl og urin, må dette drenerast bort. Halm som underlag er bra. Er ikkje dette ei aktuell løysing, bør det strødde golvet ovanpå gummimatte i bingen ha 2-4 prosent fall slik at det blir drenert til sluk, rist eller spaltegolv. Golv med svakt fall vil også hjelpe når bingen vert vaska og skal tørke opp fram til neste bruk.

Utforming av bingen

Bingen bør leggast slik at det er så fri adkomst som mogleg til den. Kua vil ha oversikt mot moglege farer under kalvinga. Ho vil legge seg med utsikt til bingen og arealet rundt, og bakenden vil bli pressa mot vegg i kalvingsbingen og kalven kan ikkje kome ut. Ideelt sett bør det difor vera eit opent areal rundt bingen, slik at bingesidene kan opnast for å enklare kunne hjelpe til under kalving, sjå binge 4 i figuren. Dersom kortaste vegg er på minimumsmålet 2,3 meter, er det ofte vanskeleg å kome til. Kortaste vegg bør helst vera 3 meter. Høgde på bingevegg bør vera 1,3 - 1,6 meter, der nederste halvpart bør vera tett for å hindre trekk og fordi kua ønsker å vera avskjerma. Av og til må dyret bindast opp eller settast fast, så det bør vera minst ein opning med fangfront, som kan løsne kua både oppe og nede. Det er ikkje uvanleg at kyr som står i fangfront under kalving, får heil eller delvis krysslammelse på grunn av ein stor kalv. Dei vil då legge seg raskt. Då er det viktig å få løsna kua fort, noko som kan vera svært vanskelig dersom fangfronten bare har åpning oppe. Enkelte kyr er meir aktive til å passe på kalven sin, tenk HMS og rømmingsvegar i form av smal passasje eller grind som vi kan kome oss ut av bingen gjennom. Bingen må vera lett å gjere rein mellom kvar kalving. Spanderer vi på uttak for vatn og straum til høytrykksvasker ved bingen, vil vaskinga verte enkel å gjennomføre.

Plassering av bingen i fjøset

Bingen bør plasserast sentralt i fjøset, slik at vi ofte kjem forbi kua. Eit overvåkingskamera kan avlaste oss, og godt lys i bingen gjer gode arbeidsforhold. Bingen bør vera plassert nær ei ytterdør. Då vil det vera enkelt å få kua ut av bingen, dersom den stryk med eller må avlivast. Ved å legge bingen nær utgangsdør vil det og vera enklare å fjerne strø og halm.

Mjølking av nykalva dyr

Vi bør kunne mjølke fyrste målet på spann i bingen, utan å flytte den nykalva kua/kviga. Dette er mest skånsomt for eit sårbart dyr. Vi må ha eit vakuumuttak til spannmaskin i bingen. Dersom kua kan slikke kalven medan ho vert mjølka, vil kua/kviga verte mindre stressa og lettare gje ned mjølka. Ein boks eller flyttbar tralle til å ha kalven i framfor kua vil halde kalven på plass, medan vi fikserer kua i fangfronten og låser av dyret sidevegs med ei svingbar grind. Då kan vi mjølke kua sikkert i bingen.

Framtidig forbrukarkrav til kalv-ku-binge?

Forbrukarane stiller stadig nye krav til dyrevelferd og utforming av bygg til husdyr. Vi bør difor tenke gjennom korleis kalvingsbingen kan tilfredsstille eit eventuelt framtidig (forbrukar) krav til at kalven skal gå nokre dagar med kua. Det er sett i gang forsking, som etter kvart kan gje oss meir kunnskap og tips til korleis dette kan løysast.

Dømer på kalvings- og sjukebingar

I figuren er det fem ulike døme på utforming og plassering av ein kalvings- og sjukebinge i eit båsfjøs. Vi håper at du kan finne inspirasjon blant desse eigna til ditt bruk.

Binge 1 er lagt i eksisterande fôrrom. I mange fôrrom vil ofte kortaste vegg bli mindre enn kravet til minimum 2,3 meter. Det bør vera mest mogleg opent inn til husdyrrommet for at kua ikkje skal oppleve å bli isolert. Deler av veggen er teke bort, og det er sett inn fangfront, som vert brukt som opning inn til bingen. For å sikre bingen mot trekk frå fôrluka i taket opp til løa, er det sett opp ny vegg. Skulle kua måtte avlivast eller stryke med, må me kunne heise kua opp via fôrluka, eller ei anna dør inn til bingen.

Binge 2 er ei enkel løysing ved at to kubåsar vert gjort om til ein kalvingsbinge. Det vert sett opp bingeskiller, som er hengsla slik at dei kan svingast. Dei korte skillene hengsla på dei lange skillene vert slått saman når bingen ikkje er i bruk, slik at det er fri passasje til dømes når kyrne skal ut på beite. Bingeskillene kan opnast for å kome betre til når kua skal hjelpast. Det vert lagt gummimatter i bingen som drenerer til ei 5-10 centimeter opning midt over stålrista. Det er enkelt å få ut dyr via dør ut til beite. Ulempa her er at me brukar to båsar til mjølkekyr, som vil redusere produksjonen.

Binge 3 er ein fullspaltebinge som vert gjort om til kalvingsbinge. Det er laga tett bingeareal av ein treplatting med svakt fall mot spaltene i bakkant, eller mot spaltearealet i nabobingen. Her vil me redusere produksjonen tilsvarande det bingen vert nytta til i dag.

Binge 4 er eit nytt tilbygg på langsida av fjøset ved dagens dør ut til beite/utlasting slakt. Tak over tilbygget er trukket ut frå langveggen. Ved å fjerne døra og vindauget mellom båsfjøset og bingen vil dyret bli noko mindre isolert. Det er gangareal rundt heile bingen. Dersom kua legg seg med bakenden mot bingeskillet, kan vi ta bort/svinge ut bingeskillene mellom bingeareal og gang når kua kalver og vi skal hjelpe. Golvet i bingen kan drenere inn til gjødsellageret i båsfjøset, gjennom ei luke til å måke gjødsla dit, eller vi kan ha halm som underlag i bingen.

Binge 5 viser korleis ein kan nytte bygningsareal som er gått ut av bruk. Dette kan vera ein kondemnert tårnsilo, eit tilbygg eller del av eit saue- eller grisehus. Ligg dette arealet noko isolert frå båsfjøset, bør det flyttast inn to eller fleire dyr saman. Her er det plass til to kyr samtidig, og bingen kan delast i to ved ei hev- og senkegrind ved behov.

Krav til kalvings- og sjukebinge

  • Det skal vera eigne bingar til dette føremålet. Bingane kan nyttast til både sjuke-/behandlingsbinge og som kalvingsbinge. Bingane skal ikkje nyttast til midlertidig oppstalling av dyr i andre situasjonar

  • Det er vanlegvis ikkje nok å sette av plass til midlertidige sjuke-/kalvingsbingar, som raskt og enkelt kan settast opp av grindar eller liknande

  • Bingane bør plasserast i områder der dei fleste av dyra elles står

  • Enkeltbinge for ku og kalv bør ha eit areal på 8-10 kvadratmeter, kortaste vegg minimum 2,3 meter

  • For gruppebingar (når fleire dyr skal bruke bingen samtidig) bør det vera minimum 8 kvadratmeter pr. dyr. Kortaste vegg bør då vera minimum 3 meter i binger for grupper opp til 3 dyr, og minimum 5 meter for binger for grupper på over 3 dyr

  • Det skal vera ein kalvings-/sjukebinge pr. 25 påbegynte kyr i fjøset. Ved konsentrert kalving bør det ikkje vera meir enn 12-15 kyr pr. kalvingsbinge.

  • Minst 50 prosent av arealet i bingen skal vera tett golv. Liggearealet skal vera minst like mjukt som liggeplasser for øvrig. Kalvingsbingar skal ha eit tjukt strøbedd for kua

  • Må vera mogleg å fiksere dyra i bingen

  • Behandlings-/sjukebinge skal nyttast ved behandling av sjuke dyr