Fôring

Meir klimavenleg fôrrasjon i Optifor-NorFor

Ingunn Schei

Spesialrådgiver i Tine

ingunn.schei@tine.no

Kva kyrne et har effekt på utslepp av klimagassane metan og lystgass. Vi kan sette saman en god fôrrasjon for å redusere kyrne sitt utslepp av klimagassar og gjere mjølka meir miljøvenleg, og samtidig auke effektiviteten i fôringa. Det gir ein vinn-vinn situasjon.

Tidleg hausta grovfôr med lite fiber og høg fordøyelegheit gjev mindre klimaavtrykk enn seint hausta grovfôr med mykje fiber.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Når drøvtyggarane rapar så belastar det klimaet. Rapen har nemleg høgt innhald av drivhusgassen metan CH4 som er med på å auka oppvarming av jorda. Sidan også tarmen inneheld bakteriar som fermenterer (gjærer) næringsstoff vil all promp frå dyr og menneske sleppe ut metan, men mengdemessig er rap frå vomma den desidert viktigaste og står for om lag 70 prosent av det kua slepp ut. Metan frå tarmen står for cirka 10 prosent og lystgass (N2O) frå gjødsel/urin bidreg til cirka 20 prosent av klimagassutsleppet frå kua. Metanproduksjon frå vomma, og nitrogen utskilt i gjødsel og urin som er forløpar for N2O, får vi berekna i Tine Optifor (NorFor). Vi kan dermed optimere for å redusere disse gassane.

Energitap

Metan er i hovudsak eit resultat av fermentering av fôret i vomma. Under den anaerobe gjæringa blir det danna eit overskot av hydrogen som blir omgjort til metan ved hjelp av metanogene bakteriar. Omsetning til metan gir eit energitap for drøvtyggaren, og 2-12 prosent av bruttoenergien i fôret blir omdanna til metan. Kor stort energitapet blir er avhengig av fôropptaket og kva fôrrasjonen inneheld. Det er først og fremst korleis fôringa påverkar aktiviteten til dei ulike mikrobane i vomma som påverkar mengda metan. Tap av energi vil altså gi eit tap av næringsstoff, og det er negativt både for effektiviteten i fôringa og for utslepp av klimagassar.

Overskot av nitrogen

Mengda nitrogen skilt ut i urin og gjødsel gir potensial for utslepp av lystgass. Det er relatert til mengde nitrogen (N) i rasjonen sett i forhold til produksjonen. Overfôring med N i forhold til norm gir unødvendig høge utslepp av spesielt N i urin og dermed potensielt høye utslepp av N2O. Balansert fôring med god utnyttelse av protein i vomma, samt å unngå overfôring med protein er viktige tiltak. I Optifôr kan vi få oppgitt berekna mengde N i urin og gjødsel i tillegg til PBV (proteinbalansen i vomma), og det gir dermed god kontroll på N-forsyninga.

CO2-ekvivalentar i Optifor

Når vi gjer ei optimering i Optifor kan vi velje å få oppgitt mengde metan produsert frå den aktuelle fôrrasjonen. Metanproduksjonen blir oppgitt som gram/dag, MJ/dag, MJ/kg EKM eller som prosent av bruttoenergien. Metan blir omgjort til CO2-ekvivalentar for at den skal vere samanliknbar med andre klimagassar. CO2-ekvivalenten blir i Optifor oppgitt som kg/dag eller kg/kg EKM.

Figur 1. Forventa opptak av kraftfôr og grovfôr i kg tørrstoff når grovfôrkvalitet går frå låg- til høg fordøyelegheit (OMD).

Klimaavtrykk av fôrmidler

Nytt i klimaberekningar i Optifor er at kvart fôrmiddel kan få oppgitt eit klimaavtrykk. Det vil sei at kvart fôrmiddel får ein verdi som seier noko om klimabelastninga for produksjonen av fôret. Her inngår mellom anna produksjon, transport samt gjødselhantering/dieselforbruk for grovfôr. Ved å velje råvarer med låg klimabelastning kan til dømes kraftfôrfirma lage blandingar med lågare klimaavtrykket. Grovfôret vil vi også kunne få gi generelle verdiar under forutsetning at det er lokalprodusert, men i praksis vil det her vere ein del variasjonar frå gard til gard avhengig av køyreavstandar og transport av fôret. I Danmark og Sverige så er det utarbeidd klimabelastningsverdiar for ulike råvarer og i Danmark er disse lagt inn i fôrtabellen i NorFor. I Noreg har vi ein del tal for grovfôrproduksjon, og vi held på med utgreiing for andre råvarer, og det vil bli tatt inn i fôrtabellen når det er klart. Då kan vi rekne på summen av CO2-ekvivalentar frå fôret og frå kua, men foreløpig reknar vi berre på det som kjem direkte frå omsetning i kua.

Figur 2. Mengde metan oppgitt som CO2-ekvivalentar per kg EKM når grovfôrkvaliteten endrast frå låg- til høg fordøyelegheit (OMD).

Verknad av grovfôrkvalitet

Figur 1 viser korleis fôring med ulik grovfôrkvalitet vil påverke opptak av grovfôr og kraftfôr til ei eldre ku som mjølkar 8 000 kg EKM (energikorrigert mjølk), og figur 2 viser resultat på metanproduksjonen per kg EKM. I eksempelet er det brukt eit gras-surfôr med fordøyelegheit av organisk stoff (OMD) på 76,8 prosent (høg OMD, NEL20: 6,51 MJ/kg tørrstoff) og eit med OMD på 67,9 prosent (låg OMD, NEL20: 5,71 MJ/kg tørrstoff), og same kraftfôrtype til begge grovfôrkvalitetane. Generelt er det slik at høgt innhald av fiber (NDF) i seint hausta gras vil fremme bakteriar som bryt ned NDF til eddiksyre, og det vil gi meir hydrogen og metanproduksjon enn ved nedbryting av til dømes tidlegare slått gras som vil endre flyktige feittsyreprofilen mot meir propionsyre. Nedbryting av kraftfôret med mykje stivelse vil typisk gi ein større mengde propionsyre, og det vil normalt gi mindre metan enn med omsetning av grovfôr med mykje fiber. I teorien vil difor store mengder kraftfôr gi mindre klimagassar enn på ein naturleg grovfôrbasert fôrrasjon, men tidleg hausta grovfôr vil altså gi ein profil på dei flyktige feittsyrene som går meir i retning mot omsetning av kraftfôr. Spørsmålet er om reduksjonen i metan ved auka fôrverdi i grovfôret vil gi tilstrekkeleg med reduksjon i metan når grovfôropptaket aukar og kraftfôrmengda går ned. Figur 2 viser at vi reduserer CO2-ekvivalentene med 5,3 prosent ved å gå frå eit fôr med låg OMD til eit fôr med høg OMD. Uttrykt per kg EKM vil det vere lågast metanproduksjon når mjølkeproduksjonen er høgast i tidleg laktasjon og så stig det utover når avdråtten går ned. I gjennomsnitt over laktasjonen vil ein auke grovfôropptaket med 2 kg tørrstoff per ku per dag med høg OMD, medan kraftfôrforbruket vil gå ned med 3,4 kg tørrstoff per ku per dag i forhold til låg OMD. Dette viser at vi først og fremst får ein gevinst i form av sparte kraftfôrkostnader med auka grovfôrkvalitet, men samtidig verkar det positivt på miljøet.

Bærekraft

Det er nødvendig å sjå på klimautslepp frå mjølkekyr i ein større samanheng med matproduksjon og bærekraft. Metanproduksjon er naturlege biologiske prosessar særleg hos drøvtyggarar. Kua utnyttar lokale grasareal som i stor grad ikkje kan nyttast til matproduksjon på anna måte og omset det til verdfull mat for oss menneska. Bærekraft er altså meir enn låge klimagassutslepp. Det handlar også om sjølvforsyningsgrad, bruk av lokale ressursar med meir. Det er likevel viktig for oss å gjere det vi kan for å redusere klimagassutsleppa. Ved å slå graset tidlegare kan vi oppnå eit grovfôr med høgare fôrverdi, og som gir mindre metan.

Om fôr og klimaavtrykk

  • Omsetning til metan gir eit energitap

  • Overfôring med nitrogen kan gje unødig lystgass. Høgt innhald av fiber (NDF) i seint hausta gras gjev størst metanutslepp

  • Kraftfôr med mykje stivelse vil normalt gi mindre metan enn med omsetning av grovfôr med mykje fiber

  • Lågast metanproduksjon per eining mjølk når produksjonen er høgast i tidleg laktasjon

  • Bærekraft er meir enn låge klimagassutslepp (sjølvforsyningsgrad, utnytting av lokale ressursar)

  • Godt balansert fôrrasjon og god utnyttelse av grovfôret er viktigast tiltak for å minimere klimagassutsleppa