Fôring

Fôring for auka feittprosent
i mjølka

Tine auka betalinga for mjølkefeitt med eitt øre per tidels prosent frå 1.januar. Med tøffe forhold for mjølkeproduksjonen i år så bør auke i feittprosent vere eit aktuelt tiltak for å få inn ekstra kroner.

Ingunn Schei

Spesialrådgiver i Tine

Høgt grovfôropptak er det sikraste for å få eit godt vommiljø, god eddiksyre- og smørsyregjæring og høg feittprosent. Foto: Tine Mediebank

Feittbetalinga er no oppe i 9 øre per liter, medan betalinga for protein gjekk ned til 5 øre per liter. Basisprisen gjekk ned med 2 øre per liter. Sjølv om mjølkevolumet skal ned vil det altså vere behov for mjølkefeitt. Berre ein liten del av mjølka som blir produsert blir vidareseld som heil mjølk. For få best mogleg ­lønsemd i meieriproduksjonen er det viktig at samansetjinga av mjølka samsvarar med etter­spørselen etter ulike fraksjoner som feitt og protein. Gjennom ­fôringa er det mange som har potensial for å auke feittprosenten i mjølka både på kort og lang sikt. Med 9 øre tillegg per liter mjølk vil ein kunne «investere» inntil 27 000 kr per 100 000 liter levert mjølk for å få 4,30 prosent feitt i staden for 4,00 prosent, dersom mjølkeleveransen og ­proteinprosenten ikkje blir negativt påverka.

Frå fôr til mjølkefeitt

Sidan berre ein liten del av mjølka blir seld som heil mjølk er det viktig at innhaldet samsvarar med etterspørselen etter ulike fraksjoner som feitt og protein. Foto. Tine Mediabank

Ser vi vekk frå mobilisering av kroppsfeitt i denne omgang så er det to fôringsmessige kjelder for feittet i mjølka (figur 1 på side 25): 1. eddiksyre og smørsyre frå mikrobiell nedbryting av karbo­hydrat i vomma, 2. feitt frå fôret. Innhaldet av feitt i fôret til drøvtyggar er svært avgrensa fordi mikrobane toler feitt dårleg. For mykje feitt i fôret, særleg umetta feitt, vil redusere fordøyinga av fiber (NDF) og fôropptaket. Generelt inneheld gras og grassurfôr lite feitt, men fordi feitt har høg energiverdi så blir feitt tilsett i kraftfôret til høgtytande mjølkekyr. I tillegg vil feitt i fôret, dersom det er av riktig type (til dømes palmitinsyre), kunne auke feittprosenten i mjølka. Det er dermed det første punktet som er viktigast for feittprosenten. I vomma blir karbohydrata i fôret (NDF, stivelse og sukker) omdanna til eddiksyre, smørsyre og propionsyre (flyktige feittsyrer). Generelt blir gjæringa dominert av eddiksyre, som utgjer 50-70 ­prosent av dei flyktige feittsyrene . Eddiksyre kjem i hovudsak frå nedbrytinga av fiber (NDF). ­Propionsyre kjem frå nedbryting av stivelse, og utgjer 15-40 prosent, medan sukker blir brote ned til smørsyre som utgjer 5-20 ­prosent av dei flyktige feittsyrene. Fordelinga mellom syrene blir endra når fôrrasjonen blir endra. Eddik- og smørsyre går over i juret og inngår der i feittsyntesen medan propionsyra går til laktoseproduksjon og er mjølkedrivande.

Fiber og struktur er viktigast

For å få ein høg produksjon av eddiksyre er det viktig å ha eit godt vommiljø. Med godt vommiljø meiner ein at pH i vomma ikkje må gå for mykje ned; det bør halde seg over 6,2. Mikrobane som bryt ned NDF er følsomme for pH-svingningar. Ein rasjon med mykje stivelse frå kraftfôr vil vere ugunstig, sidan propionsyra som blir danna under nedbryting av stivelse er surare enn eddiksyre og smørsyre, og kan føre til lågare pH i vomma enn det som er optimalt. Stivelse og sukker blir også brote raskt ned, slik at syremengdene kan bli høge på kort tid.

Bruk ensileringsmiddel for å ta vare på sukkeret i graset. Sukker gir auka fôropptak og auka smørsyreproduksjon som bidreg direkte til auka feittsyntese i juret. Foto: Rasmus Lang-Ree

For å få ein høg produksjon av eddiksyre er det viktig å ha eit godt vommiljø

Unngå sur vom

Dersom pH blir verande låg over tid vil det føre til sur vom, og det har ei rekkje negative helseeffektar, reduserer fôropptaket og mjølkeproduksjon og ikkje minst feittprosenten. Dette vil igjen gi seg utslag i mindre effektiv nedbryting av NDF til eddiksyre. Det er difor viktig med riktig balanse mellom stivelse og fordøyeleg NDF med nok struktur (stive strå) slik at kua tyggjer mest mogleg drøv (lang tyggetid). God drøvtygging gir mykje spyttproduksjon, og det inneheld bikarbonat som er med på å bufre vomma når syreproduksjonen er høg.

I NorFor brukar vi vombelastninga som eit uttrykk for miljøet i vomma. Vombelastninga er eit uttrykk for summen av sukker og stivelse dividert på NDF, og ein høg vombelastning vil altså føre til surt miljø i vomma og dårlegare forhold for fibernedbrytande ­bakteriar, redusert eddiksyre­produksjon og redusert fôropptak.

Figur 1. Omsetning av næringsstoff frå fôret til mjølka.

Kraftfôr må vere tilpassa grovfôrkvaliteten

For at mikrobane skal få god tilgang på energi slik at nedbrytinga av NDF blir mest mogleg effektiv, er det viktig med et kraftfôr som er tilpassa grovfôrkvaliteten, og som blir tildelt i riktige mengder. Då vil ein også få høg produksjon av mikrobeprotein som vil kunne auke proteinprosenten. Fôrrasjoner som gir en høy andel smørsyre i vomgjæringa vil være ­gunstig for feittinnhaldet. Eksempel på slike fôrmidler er betefiber (roesnitter) og sukker i gras/­grassurfôr. For mykje sukker igjen kan gi høg vombelastning.

Tips for høg feittprosent på kort sikt

Pass på vommiljøet og gi nok strukturfôr.

  • Nok fordøyeleg NDF i rasjonen i ein godt balansert fôrrasjon

  • Tilgang på grovfôr/strukturfôr heile døgnet

  • Gi kraftfôr i små porsjonar

  • Kraftfôrval tilpassa høg feittprosent

  • Reduser avdråtten

Tips for høg feittprosent på lang sikt

Auk verdien av grovfôret for å oppnå høgare fordøyelegheit og høgare fôropptak frå grovfôret ved å

  • Slå tidlegare!

  • Fortørk graset til 30-35 prosent

  • Tilstrekkeleg sukkerinnhaldet (bør vere over 50 g/kg tørrstoff)

  • Bruk ensileringsmiddel

  • Auke avlingsmengdene dersom det er nødvendig, eller ta ein ekstra slått

  • Søk faglege råd i grovfôrproduksjonen

Feitt frå kraftfôret

Feitt tilsett i kraftfôret er ofte ­vombeskytta for å unngå at ­vommikrobane blir påverka negativt. Vombeskytta feitt passerer gjennom vomma og blir fordøygd i tynntarmen saman med andre næringsstoff som døde vom-­mikrobar (mikrobeprotein). Feittsyrene kan vere metta eller umetta. Det har vore vanleg å bruke palmeolje som feittkjelde fordi det inneheld mykje palmitinsyre (C16:0) som ofte har positiv effekt på feittprosenten.

Palmitinsyre kan påverke feitt­kulemembranen negativt og er forbunde med forhøga nivå av frie feittsyrer. Produsentar som har konsentrert kalving og kjem høgt i frie feittsyrer på slutten av laktasjonen bør difor unngå kraftfôr som inneheld palmeolje. Tine ønskar å redusere bruken av ­palmeolje, og har avtale med kraftfôrfirma om maksimum 3,0 prosent palmeolje i kraftfôret. Det er mål om at palmeolje skal fasast ut av kraftfôret til drøvtyggarane.

Høgt grovfôropptak er det sikraste for å få eit godt vommiljø, god eddiksyre- og smørsyregjæring og høg feittprosent

Betefiber gunstig

Feittkjelder med stor andel umetta feittsyrer har lett for å redusere feittprosenten, og er difor mindre aktuelle når feittprosenten skal aukast. Av karbohydratråvarer så er innslag av fiber brukt for å betre vommiljøet, og særleg ­betefiber har ein gunstig verknad på vomma og god effekt på feittprosenten i mjølka. I år har det vore høge kornavlingar og mykje norsk korn i kraftfôret og importkvotene for karbohydratråvarer er dermed lågare enn i fjor. Tilgang­en på betefiber er difor avgrensa. Import av stivelseskjelder som til dømes mais ,som har lågare nedbrytingsgrad i vomma enn norske kornslag, er også brukt til høgt­ytande kyr for å gi mindre belastning på vomma og samtidig auke glukoseforsyninga til tarmen.

Slå tidlegare og fortørk graset til 30-35 prosent er to tips for høg feittprosent. Foto: Solveig Goplen

Mest mogleg norske råvarer

Det er også viktig å fokusere på at vi skal bruke mest mogleg norske råvarer framover, og det er no utvikla metodar for å benytte luta korn i kraftfôrblandingane. Det vil kunne gi større innslag av norsk korn utan at det går ut over vommiljøet, og samtidig vil det for­betre proteinutnyttinga. Også ­proteinkjeldene kan verke på feittprosenten. På Fôringsdagen i Danmark i september blei det vist til testar av korleis hestebønner (åkerbønner) kom ut i forhold til soya og raps som proteinkjelde, og der kom feittprosenten gunstig ut. Det skuldast at stivelsen i ­hestebønnene har lågare ned­brytingsgrad i vomma. I tillegg er det ulike tilsetningsstoff som er brukt for å fremme eit godt vom-miljø (buffer-stoff, levande gjær). Det er gode råd å få frå rådgjevarane når det gjeld val av kraftfôr med riktig råvaresamansetning for å auke feittprosenten.

Bruk av ensileringsmiddel i riktig dosering er ei billeg ­forsikring

Høgt grovfôr­opptak

Høgt grovfôropptak er det sikraste for å få eit godt vommiljø, god eddiksyre- og smør­syregjæring og høg feittprosent. Får ein i kyrne mykje godt grovfôr vil det gi høg produksjon med mindre bruk av kraftfôr, høg feitt- og protein­prosent, og i tillegg gi friske, bærekraftige og klimavennlege kyr. Fordøyelegheita av fôret og dermed energiverdien (NEL20) aukar ved tid­legare slått. Til mjølke­kyr bør ein prøve å oppnå minst 6.2 MJ NEL20 per kg tørrstoff. Målet bør vere at ein slår så tidleg at det gir tilstrekkeleg NDF for at vomma skal fungere godt, men ikkje meir. Passe NDF innhald er 480 til 520 gram per kg tørrstoff. Det er også viktig at kyrne har tilgang til fôret heile døgnet, og at ein tør å halde igjen på kraftfôrmengdene etter ­kalving. Høge kraftfôrmengder reduserer opptaket av grovfôr.

Ta vare på sukkeret

Fortørking, god gjæringskvalitet og høgt sukkerinnhald er viktig for å oppnå høgt fôropptak. Sukker vil også gi smørsyreproduksjon som bidreg direkte til auka feittsyntese i juret. Ein auke i sukkerinnhaldet frå 50 til 100 gram per kg tørrstoff vil kunne auke feittprosenten med 0,15 prosenteiningar. I tillegg gir sukker god ­smakelegheit og aukar dermed fôropptaket. Det er difor viktig å ha ei restriktiv gjæring og ta vare på sukkeret i graset. Bruk av ­ensileringsmiddel i riktig dosering er ei billeg forsikring, og bør vere sjølvsagt spesielt når tørrstoffet er lågt. Det er stort potensial for å utnytte grovfôret betre, og med auka fokus på norske ressursar bør dette vere ein langsiktig ­strategi. Både Grovfôr 2020 og grovfôrkampen viser at både avlingsmengde og grovfôrkvalitet har store potensial for å betrast.