Intervjuer/Reportasjer

Svært godt kalvestell med fri tilgang på syrna mjølk

Hjå Hermund Prestegård i Luster kommune har kalvane fri tilgang på bakterielt syrna mjølk fram til dei er om lag seks veker. Han legg svært godt til rette for at kalvane skal få ein god start i livet, og dette lønnar seg i form av friske, trivelege kalvar som veks godt.

Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

Prestegård, Luster kommune i Vestland fylke Hermund Prestegård

  • Kvote: 110 000 liter, eig 98 000 liter

  • Buskap: 16 årskyr, fullt påsett av kvigekalvar, sel oksekalvar til liv

  • Storleik: 130 mål fulldyrka, 90 mål innmarksbeite og store utmarksressursar

Aktuell fordi han har svært godt kalvestell, og har laga seg eit velfungerande opplegg med fri tilgang på syrna mjølk

 

Hermund praktiserer puljedrift. Når fire kalvar drikk surmjølk godt i enkeltbinge, vert dei flytta over i romsleg fellesbinge.

I tillegg til god lønsemd, er det også veldig triveleg å stella ­kalvane når dei held seg friske. Med ein god start vert grunnlaget lagt for ein god produksjon innan både mjølk og kjøt seinare i livet. Hermund Prestgård har lausdrift som var ferdig i 1987, og han overtok garden etter foreldra sine i 2010, berre 18 år gammal.

Sikrar rask råmjølktildeling

Når Hermund ser at ei ku nærmar seg kalving, tek han ho over i ­kalvingsbingen der han har rikeleg med halm slik at det er tørt og reint der kalven vert fødd.

– Eg har stor sans for halm, og brukar rikeleg med halm på underlaget i kalvingsbingen og hjå kalvane så lenge dei er små, seier den unge bonden. - Viss kua er interessert i kalven, sleikjer ho han tørr, og kalven får suga mjølk. For å sikra god og rask råmjølkstildeling, mjølkar eg alltid kua og gir kalven så mykje råmjølk den vil ha, alle får mimumum to liter frå flaske rett etter fødsel, fortel Hermund vidare.

Viss kua har lite råmjølk eller at mjølka ikkje er brukande av andre grunnar, har Hermund alltid råmjølk i reserve i frysaren slik at alle kalvar er sikra god råmjølkstilgang rett etter kalving. Ku og kalv får gå saman eit halvt døgn. Då slepper han kua inn att i lausdrifta, og kalven vert flytta over i ein romsleg, reingjort kalveboks med rikeleg halm.

Direkte over frå søt til sur mjølk etter fem dagar

Kalven får søtmjølk i om lag fem dagar til mjølka er “rein” og kan gå på tanken.

– Eg vil at kalven skal drikka ­skikkeleg godt før eg går over til syrna mjølk, så viss nokon er trege med å drikka, ventar eg litt før eg går over på surmjølk, seier Hermund.

Overgangen er direkte frå kroppstemperert, søt mjølk til sur romtemperert mjølk i ei smokkbøtte som han heng på kalveboksen. Hermund gir mjølka tidleg i fjøsstellet, slik at han følgjer med på om kalven drikk. Viss den ikkje drikk, heng smokkbøtta der til kalv­en vert svolten og får lyst på mjølk.

– Det er viktig med eit eige fast opplegg når eg held på med ­kalvefôringa, så her slepp eg ikkje pappen til, ler den flinke bonden.

Han har også erfart at det er ­vanskelegare å venja kalvane til surmjølk når dei er over ei veke gamle, så det er lurt å gjera dette tidleg.

Hermund har laga ein eigen mjølketaxi av ei jekketralle, og han har også funne ei smart løysing på å pumpa mjølk over frå tønna til baljane ved hjelp av ein drill.

Puljer på fire kalvar

I tillegg til mjølkefôring har kalvane fri tilgang på vatn, kraftfôr og fint høy i kalveboksane.

– Det er ikkje mengder med kraftfôr, vatn og høy som vert ete i starten, men dei smakar og kjem i gang, fortel Hermund.

Han brukar Formel biff intensiv som kraftfôr til kalvane heilt frå dei er nyfødde, og det fungerer godt. Med dette kraftfôret held magane seg fine når dei byrjar å eta ein del kraftfôr, i tillegg slepp han fôrskifte seinare, og kalvane får eitt kraftfôrslag dei er vane med heile tida. Vatnet og kraftfôret skiftar han ut ofte slik at det heile tida er smak­e­leg og appetittleg for kalvane. Hermund har haustkalving frå oktober til nyttår, og han har eitt opplegg med at han flyttar fire kalvar frå enkeltboks til fellesbinge når alle fire kalvane tek surmjølk godt.

Hermund sjekkar all surmjølk med pH-papir før han serverer mjølka til kalvane.

Bakteriell syrning med Tine skumma kultur

Kalvane står i romsleg og triveleg enkeltboks til dei drikk surmjølk godt. Her har dei også fri tilgang til vatn, kraftfôr og høy.

Den unge bonden har laga seg eit godt opplegg for kalvefôringa som er effektivt og enkelt. Ved mjølking tek han temperert mjølk direkte frå røyrene over i ei tønne som rommar om lag 120 liter, og som startkultur har han brukt Tine skumma kultur. Det er skilnad frå meieri til meieri på kva kultur dei har i denne mjølka. Hermund har fått skumma kulturmjølk kjøpt i butikk på Austlandet fordi meieria som leverer til butikkane i Sogn har endra innhaldet, og denne er ikkje er brukande som startkultur til syrning. Ved neste mjølking ­fyller han på med temperert mjølk ein gong til, og eitt døgn etter siste påfyll er surmjølka klar til servering. Han rører godt om i surmjølka og sjekkar pH som skal liggja på om lag 4,7 (+/- 0,2), før han tek i bruk mjølka. Det er svært viktig at baljane inne hjå kalvane aldri går tomme, og ­Hermund fyller på med surmjølk ein gong dagleg. Han har laga seg ein heime­laga mjølketaxi og slangesystem slik at han berre ­trillar mjølketønna inn i kalveavdelinga og pumpar surmjølk direkte opp i baljane som rommar surmjølka. Det er fire kalvar i kvar fellesbinge, og det er ein smokk i kvar binge.

– Det verkar som om kalvane drikk lite og ofte når dei styrer dette sjølv, og i snitt går det med om lag 10 liter mjølk til kvar kalv for dagen, fortel Hermund engasjert.

Karet med surmjølk må aldri gå tomt, og Hermund fyller på ein gong dagleg. Kalveavdelinga er i eit eige rom saman med ungdyra. Her er lyst og triveleg med god plass til kvar kalv. Kalvane får ein veldig god start på livet, og det er kjekt å stella friske, trivelege kalvar som veks godt. I tillegg er det god lønnsemd i godt kalveoppdrett.

Avvenning ved seks veker

Sjølv om kalvane får fri tilgang på surmjølk, så et dei kraftfôr, drikk vatn og et høy. Når dei nærmar seg seks veker, et dei om lag eitt kg kraftfôr kvar. Når dei skal av­­venjast frå mjølk ved seks vekers alder, tek Hermund bort stampen med surmjølk, tømmer han for mjølk, vaskar og fyller han til slutt med vatn.

– Det vert litt spetakkel med det same, men det går fort over, ­smiler Hermund.

Dei har heile tida hatt tilgang på vatn i flottørkar, men no får dei også vatn i smokken der det tid­legare var surmjølk.

Rolege, trivelege kalvar som veks godt

Kalvane har heile tida fri tilgang på kraftfôr, høy og vatn i flottørkar. Her er ein framme og et medan dei andre ligg og slappar av.

Kalveavdelinga til Hermund er i ein skjerma del av fjøsen, i same rom som ungdyra. Her er god plass til kvart dyr, og alle ligg på rikeleg med halm. Dyra verkar ­veldig rolege og fornøgde. Dei fleste ligg og slappar av, og dei som er oppe, er framme for å eta eller drikka. Hermund har ikkje målt tilveksten, men alt tyder på at desse kalvane veks godt. Når kalvane får i seg rikeleg med mat, har fått ein god start med rikeleg råmjølk av god kvalitet og er i eit godt miljø, har dei eit svært godt utgangspunkt til å halda seg friske og til å bli gode mjølkekyr eller slakteklare mellomkalvar eller oksar på eit økonomisk gunstig tidspunkt.