Økonomi

Utan inntektstap kan du kan mista retten til sjukepengar

Som sjølvstendig næringsdrivande får du ikkje same satsar av velferdsgode som gjeld for lønnstakarar. Det å bli sjuk kan føre til mange utfordringar for den næringsdrivande. Først og fremst alle dei praktiske utfordringane med å halde drifta i gang, men det kan også gi store økonomiske utfordringar.

Eivind Vik

Eigarskifterådgivar

eivind.vik@outlook.com

Retten til sjukepengar er knyta opp mot at du har eit tap i pensjonsgivande inntekt. Er du sjuk i ein periode av året der drifta går sin gang og du ikkje har inntektsnedgang. Heller ikkje då vil du ha rett på sjukepengar. Foto: Jumpstory

Her skal me sjå på kva ­ytingar som gjeld ved ­sjukdom, og ta med noko av det viktigaste i regelverket. NAV utbetalar sjukepengar og landbrukskontoret kan dekkja utgifter til avløysing under sjukdom.

Sjukepengar

Bonden er sjølvstendig nærings­drivande og får dermed ikkje sjukepengar for dei første 16 dagane ein er sjukmeld. Sjukepengane for næringsdrivande utgjer 80 prosent av sjukepengegrunnlaget. Jordbrukarar og reindriftsutøvarar har ei kollektiv forsikring som likevel gjev rett til 100 prosent sjukepengar frå 17. sjukedag. Premien vert betalt over jordbruksavtalen. For å ha rett til sjukepengar må inntekta di vera minst 0,5 G (grunnbeløpet) årleg eller ca. kr 50.000. For å kome inn under den kollektive avtalen med høgare sats på sjukepengane må næringsinntekta frå jordbruk eller gartneri utgjere minst 20 prosent av samla inntekt, eller minst kr 8 000.

Sjukepengar

  • Må ha sjukemelding, kan vera gradert.

  • Må ha tap av inntekt

  • Utbetaling frå NAV frå 17. sjukedag

  • Jordbrukar og reindriftsutøvar får 100 prosent av sjukepengegrunnlaget

  • Inntekta di må ha vore minst 0,5 G for å få rett til sjukepengar.

  • Kan gis i inntil 52 veker.

  • Inntekt over 6G gjev ikkje rett til sjukepengar

  • Du må senda søknad med krav om sjukepengar til NAV

Grunnlaget

Berekninga for sjukepengane tek utgangspunkt i gjennomsnittet av pensjonsgivande inntekt for dei tre siste åra du har fått skatteoppgjer. Berekninga vert deretter ­justert opp til dagens verdi med utgangspunkt i grunnbeløpet (G). Du kan få sjukepengar i maksimalt 52 veker. Maksimalsats for sjukepengar er 6 G, tilsvarande ei årsløn på ca. kr 600 000. Sjukepengane vert omrekna til dagsats for 5 arbeidsdagar i veka. Dersom inntekta er varig endra med meir enn 25 prosent kan grunnlaget fastsetjast ved skjønn. Bonden kan ofte ha svingande inntekt og dette unnataket er ofte aktuelt. Eit av dei tilhøva NAV då legg vekt på er innbetaling av forskotsskatt. Denne må vera sett opp i høve til forventa inntekt det aktuelle året.

Tabell 1. Dekning av sjukepenger til ulike grupper

Frå arbeidsgivar

1.-16 sjukedag

Frå NAV

17. dag -52 veker

Over 52 veker

Lønnsmottakar

100 prosent sjukepengar

100 prosent sjukepengar

Arbeidsavklaringspengar

Sjølvstendig næringsdrivande

0 prosent

Kan teikna forsikring

80prosent sjukepenger

Arbeidsavklaringspengar

Jordbrukar- gartnar

0 prosent

Kan teikna forsikring

100 prosent sjukepengar

Arbeidsavklaringspengar

Tabell 2. Legemeldt sjukefråvær i prosent i jordbruk/skogbruk/fiske og i alt.

2015

2016

2017

2018

2019

I alt

5,1

5,1

5,2

5,1

5,3

Jorbruk, skogbruk og fiske

3,7

3,8

3,9

3,9

4,1

Inntektsmessig tap

For å få sjukepengar må du ha sjukemelding frå lege, kiropraktor eller manuell terapeut. Dette er imidlertid ikkje tilstrekkeleg. Retten til sjukepengar er også knyta opp mot at du har eit tap i pensjonsgivande inntekt medan du er sjuk. Dersom ektefelle eller familie ­hjelper til med ulønna arbeid i perioden du er sjuk, vil du kanskje ikkje ha noko inntekts messig tap, og dermed heller ikkje ha rett til sjukepengar. Det kan og hende du er sjuk i ein periode av året der drifta går sin gang og du ikkje har inntektsnedgang. Heller ikkje då vil du ha rett på sjukepengar.

I landbruket der ulike produksjonsforhold kan gi svingande ­inntekter mellom år er det mange som har erfart at NAV kjem med krav om tilbakebetaling av sjukepengar då bonden ikkje kan dokumentera inntektsnedgang. Det er lite hyggeleg å få krav om tilbakebetaling av pengar ein har trudd er rettmessig motteke. Kravet kjem også fleire år i ettertid og kan setja mange i ein vanskeleg likviditetmessig situasjon.

Fleksibilitet i landbruks­rekneskap

Dei som kjenner landbruksrekneskap veit at det er relativt stor fleksibilitet innafor regelverket for korleis ein kan avslutta rekneskapen og dermed påverka den ­pensjonsgivande inntekta til ­bonden. Dei åra bonden har ­motteke sjukepengar er det svært viktig at ein gjer tilpassingar som gjer at ein held seg innafor regelverket som NAV har sett. Regelverket er strengt og firkanta og det kan vera ein lang kamp for å nå fram med argument som ein tykkjer er både fornuftige og sjølvsagde. Klager og anker i NAV-systemet er ressurskrevjande og kan unngåast dersom ein tilpassar seg regelverket fortløpande.

Refusjon avløysing under sjukdom

  • Nå ha næringsinntekt frå jordbruk eller gartneri.

  • Sats etter produksjonsomfang

  • Fråtrekk for sjukepengar og andre inntekter.

  • Kan motta for inntil 365 dagar dei 3 siste åra.

  • Du sender elektronisk søknad på Altinn.

Rett til avløysing under sjukdom

Landbruket har også si eiga ordning utanom NAV-systemet som kan gi rett til dekning av utgifter til avløysing under sjukdom, graviditet, fødselspermisjon eller sjukt barn. Det er krav om at bonden må ha næringsinntekt frå jordbruk eller gartneri. For innehavar av enkeltpersonføretak (ENK) er det ikkje lenger krav til storleiken på næringsinntekta. For ektefelle til innehavar og deltakar ansvarleg selskap som DA eller ANS er det krav om at næringsinntekta må ha vore på minst 0,5 G i gjennomsnitt for dei to siste åra. For nyetablerte krevst at drifta er eigna til å gi positiv næringsinntekt over tid.

Tilskotet vert gjeve ut frå produksjonsomfanget på bruket. Maksimal dagsats for tilskotet er no kr 1 670. Tilskotet vert rekna for 7 dagar i veka. For dei med heilårs produksjon vil maksimal årleg dekning utgjera ca. kr 610 000. Det vert berre gitt tilskott til dokumenterte utgifter til avløysing, og det du eventuelt får i sjukepengar eller andre inntekter vert trekt frå tilskotet. Næringsinntekt vert ikkje trekt ifrå.

Tilskotet kan gis inntil 365 dagar i løpet av dei 3 siste åra. Teljinga av dagar tek til på nytt kvar gong det er gått 26 samanhengande veker sidan den siste dagen i den føregåande perioden det har vore utbetalt tilskot for.

Mindre sjukmelding i primærnæringane

Det er den pensjonsgivande inntekta di som dannar grunnlaget for sjukepengar. Dersom du kjem inn under landbruket si ordning om dekning av utgifter til avløysing under sjukdom er du likevel godt dekka for kortsiktig sjukdom. Der produksjonsvolumet er høgt gir denne ordninga omtrent det same som maksbeløpet for sjukepengar. Det er derfor ikkje noko poeng å heva pensjonsgivande inntekt i forhold til å få større utbetaling ved kortvarig sjuke­fråvær (inntil 1 år).

Tabell 2 syner at jordbruk, skogbruk og fiske har lågare sjuke­melding enn samla sjukemelding i samfunnet. Dersom sjukemeldinga varer meir enn eit år mister ein retten til sjukepengar. Då må ein over på arbeidsavklarings­pengar eller uføretrygd. Yting og reglar for dette skal me sjå på i ein seinare artikkel.