Helse

Raslesjuke – dødeleg sjukdom med raskt forløp

Eg vart tilkalla for å obdusera ein daud kalv som eigar hadde funne på utmarksbeitebeite ettermiddagen jonsokaftan for ein del år tilbake. Dottera i huset hadde vore å sett til kalvane om føremiddagen, og då hadde ho lagt merke til at denne kalven halta litt på eine bakfoten.

Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Det er særleg yngre storfe som vert ramma av raslesjuke, og dei får i seg smitte ved at fôret eller vatnet inneheld sporar frå ein spesiell jordbakterie. Dette er ein sjukdom som dyr får i enkelte beiteområde, og denne sjukdommen er mest vanleg på Vestlandet. Illustrasjonsfoto, desse kalvane har ikkje våre råka av raslesjuke.

Ved obduksjon såg me at musklane og vevet elles i lårpartiet til kalven var mørkt og fullt av gass. Når me tok på vevet så «knitra» det.

Farleg jordbakterie som lagar sporar

Dette minte veldig om raslesjuke (miltbrannemfysem) som er ein sjukdom som særleg rammar yngre storfe på beite. Raslesjuke kjem av at dyra får i seg sporar av ein spesiell type jordbakterie (Clostridium chauvoei) som kan vera i enkelte område, gjerne der det er myr eller langs elvar og vatn. Sporar er kapslar som inneheld arvemateriale og som kan overleva lenge i miljøet, og dei er svært motstandsdyktige mot tørke og mot høge og låge temperaturar. Dyra får i seg sporane gjennom fôr eller drikkevatn, og denne sjukdommen smittar ikkje mellom dyr. Sporane kjem over i blodomløpet og blir frakta til muskelvev der dei produserer gift og gass.

Dødeleg sjukdom med raskt forløp

Sjukdomsforløpet kan vera svært raskt slik som eg opplevde med at kalven vart observert haltande om føremiddagen og død om ettermiddagen, eller det kan ta nokre dagar frå smitte til død. Dyra får då høg feber, rask puls, mister matlyst og får knitrande hevelsar der bakteriane produserer gift og gass. Vanlegvis er det nyttelaust å behandla, men viss ein kjem til veldig tidleg, kan ein prøva å behandla slike dyr.

Effektiv vaksine

For å førebyggja raslesjuke, så finst det gode vaksinar, og etter dette tilfellet har bonden her vaksinert alle kalvane sine før beiteslepp, og han har ikkje vorte råka av raslesykja fleire gonger.