Helse/Fruktbarhet/Dyrevelferd
Frå dyrlegens kvardag

Børslyng

Her eg jobbar er det mykje haustkalving, og sjølv om dei aller fleste kalvingane går fint, kan det komma telefonar om kalvingsvanskar som krev hjelp frå dyrlegen.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Ein morgon vart eg oppringt av ein bonde som hadde ei ku som skulle kalva. Kua hadde vore litt uroleg sidan kvelden før, men det skjedde ikkje noko meir. Han hadde undersøkt kua sjølv før han ringde til meg, og han kunne kjenna at fødsels­kanalen var trong og han måtte «skru» seg inn til ­kalven. Denne beskrivinga tyder på børslyng, og dette er alltid litt spennande oppdrag.

Fødselshjelp er hasteoppdrag

Eg reiste til han med ein gong, for med fødselshjelp så er det best for kua og størst sjanse for å få levande kalv med rask hjelp. Eg konstaterte raskt at diagnosen var rett, kjende kva retning slyngen gjekk, og me sette i gong arbeidet med å retta slyngen. Det er mange måtar å gjera dette på, eg har god erfaring med å rulle kua over rygg. Bonden måtte finna eit langt tau, slik at me fekk snøra ned kua. I dette til­fellet gjekk slyngen mot venstre, då snøra me ho ned slik at ho la seg på venstre side, og me rulla ho ­langsamt over rygg. Då ho kom rundt, fossa det ut fostervatn, og det er eit veldig godt teikn på at ­slyngen er borte. Me fekk ho på beina att, og når eg kjende inn i skjeden på ho, var alt som det skulle vera. I dette tilfellet var det god opning, så me berre drog ut kalven, men me kunne gitt kua tid til å opna seg meir viss børhalsen var trong.

Vridd fødselskanal

Børslyng vil sei at børen er dreidd om sin eigen ­lengdeakse. Slyngen kan gå i begge retningar, men dei fleste dreier mot venstre. Årsaka til børslyng som skjer i samband med kalving, er truleg fosterrørsler som skjer når kalven rettar seg opp til fødsel, så det er ikkje mykje ein kan gjera for å førebyggja denne ­tilstanden, men når det fyrst har skjedd, er det viktig å oppdaga dette i tide, for då er prognosen god for både ku og kalv.

Her har me tatt kua ut av fjøsen, før me skal rulla ho over rygg. Denne har slyng som går mot venstre, og me skal snøra ho ned slik at ho legg seg på venstre side. Her er det bonden Kjetil Ruud som held kua.