FÔR/FÔRING

God overgang til laktasjon gir haldbare kyr i høg produksjon

For at mjølkekyrne skal bli eldre i norske fjøs er det mykje som skal stemme, både med fjosløysing, bein/klauver, miljø, grovfôrkvalitet, grovfôropptak, rasjonssamansetning og totalbelastning for kyrne.

Tekst og foto:
Anja Våg Skjold

Fagleder fôring i Tine Rådgiving

anja.vag.skjold@tine.no

Sinkubinge/felles kalvingsbinge som gir mykje kviletid og har lite hindringar. Fleksible grindar kan være nyttige under kalving utan at ein må flytte kyrne.

For å lukkast med dette er det mykje vi kan gjere som kan bidra positivt på både produksjon, helse og fruktbarheit i overgangen til ny laktasjon.

Holdstyring

Kua bør ha uforandra hold gjennom sinperioden. Det betyr at holdstyringa må skje i laktasjonen. Optimalt hold ved sinlegging og kalving er 3,0 til 3,5. Dette er eit kompromiss mellom det holdet som gir høgast produksjon og det holdet som gir minst sjukdomstilfelle og fruktbarheitsproblem. Det er også mest fôreffektivt at kyrne produserer mjølk av rasjonen sin framfor ei stor holddeponering gjennom laktasjonen, etterfylgt av ein periode i tidliglaktasjon der dei mjølker av holdet. Holdstyring er eit viktig verktøy og holdendring er også eit viktig signal i evaluering av fôrrasjonen. Kyr med stort holdtap har betydeleg større sannsynlegheit for haltheit, enn ei ku med normalt holdtap. Og vi veit kor stor betydning vonde bein har for fôropptaket, produksjonen, helsa og fruktbarheiten. God holdstyring er derfor eit godt tiltak både helsemessig, klimamessig og økonomisk.

Sinperioden

Fjern innredning i kalvingsbingen og bruk nok strø under kalving

Ein må sjå over klauvene og ha gode rutinar for klauvskjæring og speneprøver på dyr som treng oppfølging på klauv- eller jurhelse i god tid før avsining. I sinkubingen skal kyrne kvile mest mogleg med minst moglege stressfaktorar. Her må det være plass nok til at lågtrangerte kyr kan komme vekk frå bøllene, så ein «rundkøyring» eller minst mogleg innredning er å føretrekke. Det vil gi mindre stress og jamnare fôropptak. I denne bingen er det viktig at alle har eteplass, så alle får same rasjon. Sinkurasjonen må være tilpassa behovet til sinkyr, med restriktivt energinivå, mykje fiber, nok protein og mineraler tilpassa behovet. Dette er godt beskrive i førre artikkel i denne serien. Her må ein sjå kva som er mogleg med dei grovfôrressursane ein har, men seint hausta grovfôr eller ein kombinasjon med halm passer ofte godt. Mange treng litt proteinkonsentrat og mineralblanding i tillegg for å finne ei god løysing. Dei som har høg KAD (Kation Anion Differanse) i grovfôret bør gjere ekstra forebyggande tiltak mot mjølkefeber.

Overgangsperiode

Dette er den mest kritiske perioden i livet til ei mjølkeku, frå 2 veker før kalving til 3 veker etter kalving. Desse 5 gylne vekene legger vi grunnlaget for ei frisk ku og sikrar at vi startar laktasjonen i ein «positiv spiral» der kua klarer å ete store grovfôrmengder og løfter seg gradvis i produksjon, utan at påkjenninga blir så stor at ho blir sjuk eller ikkje tar kalv til rett tid. 80 prosent av alle problem i laktasjonen startar i desse 5 gylne vekene!

Nær-kalvingsperioden

Siste del av sinperioden - 2 veker før kalving, bør vi forebygge mjølkefeber og skape ro til nok kvile og godt fôropptak. Her bør vi også starte ein overgang til mjølkekurasjon for å førebu vomma på overgang til ny rasjon. Minst mogleg stress og styr i denne perioden gir god hormonproduksjon, raskt kalvingsforløp og god metabolisme. Mange har opplæring til robotsystem i denne perioden. Det kan være særleg uheldig for lågtrangerte dyr. Andre har gode erfaringar med dette og det er sjølvsagt avhengig av dyretal, plass og fjosløysing.

«80 prosent av alle problem i laktasjonen startar i desse 5 gylne vekene»

Kalvingsdøgnet

Mykje skjer i kalvingsdøgnet, som gjer kua ekstra utsett dei første dagane etter kalving:

  • Råmjølk inneheld ca. dobbelt så mykje energi, seks gonger så mykje protein og tre gonger så mykje mineraler som vanlig mjølk. Dette tapper raskt ned lagrene i kua.

  • Energibehovet dobles i kalvingsdøgnet. Alle kyr er derfor innom negativ energibalanse i denne perioden. Det auker faren for akutt og subklinisk ketose. Kyr kan gå lenge i negativ energibalanse utan å bli synleg sjuke. Dei tærer på haldet og lagrene sine, men som regel gir dette fruktbarheitsproblem og/eller infeksjonar.

  • Lågt blodkalsium/subklinisk mjølkefeber. Muskelsamantrekningane/riene bruker opp mykje blodkalsium under kalving. Mjølk er rikt på kalsium, ca 2,3 gram per liter råmjølk, så vi «tapper» ned blodkalsiumet ytterlegare ved første mjølking. Over halvparten av norske kyr har ein grad av skjult mjølkefeber. Det påverkar all muskulatur i kroppen, børen trekker seg seinare og dårlegare saman, spenekanalen lukkes dårlegare, dyra blir muskelsvake og reiser seg sjeldnare, fôropptaket svekkast og så vidare.

Svekka immunforsvar

Tjukk madrass for sinkyr gir auka liggetid og mindre beinproblem.

Immunforsvaret blir sjølvsagt påverka av faktorane som er nevnt. I tillegg er også immunforsvaret rundt kalving svekka grunna hormonet østrogen. Samtidig aukar infeksjonsfaren med auka liggetid i eit miljø med mykje fostervatn, blod og morkake som er fantastiske vekstmedium for bakteriar, i kombinasjon med opne fødselskanalar og at vi opnar spenekanalane ved første mjølking. Mange infeksjonar startar i tida rundt kalving, så auka reinhald og bruk av nok strø er viktige tiltak for å redusere infeksjonsfaren.

Hormonelle endringar

Djup halmseng er både mjukt og tørt, og min favoritt, men kan i nokre besetningar være problematisk i forhold til smitte/snylterar. Det er viktig å velge ei løysing ein klarer å vedlikehalde!

Hormonelle endringar rundt kalving gir slappare bindevev. Dette aukar faren for at kyrne «sklir ut» og det kan også gi store skader i blautvevet inni klauven dersom kyrne står for lenge på hardt underlag før «hengekøya med sener», som held klauvbeinet oppe, får tid til å stramme seg opp igjen etter kalving. Dette kan ende med ømme bein/haltheit, lågt fôropptak og påkjent immunforsvar. Stort holdtap i tidliglaktasjonen kan forverra situasjonen da støtteputer av fett under klauvbeinet, som bidrar til å dempe trykket, tæres ned.

Unngå stress

Hormonelle endringar som gir lausare bindevev er ein viktig del av kalvinga, men dyra treng tid og kvile for at bindevevet skal kunne trekke seg saman igjen etter kalving. Så det er viktig å unngå stress/jaging og gi kyrne nok ro til å ligge mykje, fred til å ete og drikke nok, sklisikkert underlag og lite hindringar så legge- og reisebevegelsen blir enklast mogleg. Det er store og tunge dyr og både lågt blodkalsium og negativ energibalanse gjer det krevjande å reise seg nok gonger til at dei får eit godt nok fôropptak. Server dei gjerne «sengemat» for å stimulere til eit høgare fôropptak. Litt smakeleg høy eller surfôr mens ho slikkar kalven kan være eit godt tiltak. Kua mister også mykje væske i kalvinga, så å tilby lunka vatn tilsett elektrolyttar rett etter kalving er eit godt tiltak. Det kan også være lurt å gi kyrne lenger tid i kalvingsbingen så dei får løfta fôropptaket og stramma opp bindevevet før dei skal krangle om plass på fôrbrettet.

Små tiltak kan ha stor verdi

Og sjølv om mange lesarar nå himlar med augene og synes eg legger opp til for mykje «dulling», så har slike «små» tiltak ganske stor verdi for utsette kyr. Og akkurat kven som er mest utsett veit vi kanskje ikkje før om nokre dagar. Og det eg ser i praksis er at dersom bøndene tar seg litt tid til noko ekstra stell i desse første timane etter kalving, så sluttar dei ikkje med det igjen, for dei sparer tid seinare i laktasjonen med meir robuste kyr som held seg friskare og tar kalv lettare. Det gir også færre taparar i besetningen som sparer mykje arbeid med henting. Dette har ein synleg totalverdi i produksjonen!

Opptrappingsperioden

Store deler av opptrappinga skjer dei første 3 vekene etter kalving. Dette er ein vanskeleg balansegang der fôrbehovet aukar raskt etter kalving, mens fjos, plass eller grovfôrkvalitet kan begrense fôropptaket. Det gjer kua meir utsett for energiunderskot/subklinisk ketose og/eller subklinisk mjølkefeber og begge ulempene aukar faren for sur vom i opptrappingsperioden. Dette har samanheng med total vombelastning der kyr i energiunderskot eller kyr som er muskelsvake eter færre måltid med grovfôr og har færre besøk til robot eller kraftfôrstasjon, som igjen gir store rasjoner når dei først besøker desse. Begge deler påverkar vombelastningen negativt og dermed korleis kyrne utnyttar fôrrasjonen. Dårleg vom-miljø gir lågare fôreffektivitet og dermed lågare energitilgang til kyrne. Dette viser ofte igjen i redusert mjølkeproduksjon, svakare eggkvalitet og/eller dårlegare brunst.

I praksis ser vi at kyr som slit med å komme opp i fôropptak rett etter kalving gjerne «smeller» i sur vom, ketose, mjølkefeber, haltheit eller infeksjonar i løpet av den første tredjedelen av laktasjonen. Så det som kanskje startar med litt unødvendig stress i kalvingsdøgnet, etter nokre veker i ein «ond spiral», får utvikle seg til sjukdom, dropp i mjølkeproduksjonen og påfølgande fruktbarheitsproblem.

Samanhengar mellom faktorar

Stress rundt kalving kan gi forlenga kalvingsforløp, og da tappes kyrne unødvendig langt ned i energi og blodkalsium. Dette påverkar alle muskelsamantrekningar i kroppen og kan bidra til muskelsvake dyr som er meir utsett for børbetennelsar, jurbetennelsar, har svekka immunforsvar, reiser seg sjeldnare, har dårleg fôropptak som igjen gir enda dårlegare energitilgang. I tillegg bruker bindevevet lenger tid på å trekke seg saman dersom kyrne er stressa/sjuke, som kan gi ømme bein, dårlegare fôropptak, dårleg vom-miljø, svakare brunst. Kyr som kjenner seg svake vil også unngå konfliktar og trafikkerte områder som robot og fôrbrett. Det kan igjen gi meir hentekyr og arbeid. Her ser vi at fjosløysing har stor betydning på kor tøft det blir for dei mest påkjente kyrne. Slike samanhengar mellom ulike faktorar som påverkar fôropptak, helse, fruktbarheit og produksjon er nyttig å vurdere i eit større bilde, i staden for å sjå på ulike problem kvar for seg.

God fôring er godt førebyggande helsearbeid

Det er ulikt kva tiltak som vil ha størst effekt i den enkelte fjos. Ein oppfordring blir derfor å sjå kritisk på eigne rutinar og vurder om det er små endringar i di drift som kan gjere overgangen til laktasjonen lettare for dine kyr! Klarer vi å ta vare på og få kalv i kyrne som presterer best, så avlar vi på dei beste kyrne og dei beste kan få bli med lenger.

Det er mykje godt førebyggande

Vi trenger ikkje å investere så mykje for nokre ekstra timar god «barseltid». Gjer det beste ut av det du har.