Reportasje

Kalvesignal – gjer dei rette tinga rett

Kalven er som kjent framtida i fjøsen, og for å få skikkeleg gode resultat innan mjølke- og kjøtproduksjon, må ein starta med å gi kalven så godt stell som mogeleg. Bengt Egil Elve i Nortura meiner at me fortsatt har nokre forbetringsmogelegheiter i Noreg når det gjeld fôring og stell av kalvar.

Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Friske kalvar som trivst og får god fôring, veks godt og gir mindre arbeid og auka trivsel for bonden. Dette bør vera råd å få til for alle.

Bengt Egil Elve er ein engasjert rådgivar i Nortura, og han motiverer ivrige bønder til å gi kalven ein så god start som råd. Dersom ein greier å oppnå god vekst og unngå sjukdom på dyra, har ein eit svært godt utgangspunkt for å få gode resultat vidare både innan mjølk- og kjøtproduksjon.

Bengt Egil Elve, som er sjef for rådgivinga til Nortura på Vestlandet (tilførselsleiar storfe), kan motivera ivrige bønder med at det er god lønnsemd i å gi kalvane ein god start. — Statistikken viser nemleg at kyr som har hatt diaré som kalv, mjølkar om lag 400 liter mindre i både 1. og 2. laktasjon samanlikna med kyr som har vore friske, fortel den engasjerte rådgivaren. Tilsvarande vil oksar som har hatt diaré som kalv, trenga seks veker lenger framfôringstid for å bli slaktemodne. Dersom ein greier å oppnå god vekst og unngå ­sjukdom på dyra, har ein eit svært godt utgangspunkt for å få gode resultat vidare både innan mjølk- og kjøtproduksjon.

Kalving i rein og tørr kalvingsbinge

— Når kua skal kalva bør ho vera i eit miljø som er så reint og tørt som råd og skjerma frå andre kyr, seier Bengt Egil. Dette er viktig både for kalven og kua for å ­redusera risikoen for sjukdom. Dersom kalven vert fødd der det er fuktig og skite, aukar faren for mellom anna navle- og ledd­betennelse, blodforgiftning og diarear. Alle fjøsar har eitt visst smittepress av bakteriar, virus og parasittar, og det gjeld å gi kalven ein slik start at den taklar det ­miljøet den vert fødd inn i. Stellet og fôringa fyrste døgnet er svært viktig for korleis kalven greier seg dei neste 4 – 6 vekene.

Råmjølk – raskt, rett og rikeleg

Kalven er fødd utan antistoff i kroppen, og for å lettare kunna handtera smittepress frå miljøet rundt seg, er kalven heilt avhengig av å få i seg rikeleg med råmjølk av god kvalitet. — Her gjeld det å gjera dei rette tinga rett, smiler Bengt Egil. Råmjølka bør ha god kvalitet, ein kan gjerne måla ­kvaliteten på råmjølka med eit kolostrometer eller refraktometer. Dersom råmjølka inneheld for lite antistoff (under 50 gram antistoff per liter), bør kalven få råmjølk frå ei anna ku med tilfredstillande råmjølk ved fyrste tildelinga.

— Det er også viktig med rask ­tildeling av råmjølk, helst innan to timar etter fødsel fordi antistoffa passerer frå tarm og over i blodet til kalven lettast når kalven er nyfødd, forklarar den blide rådgivaren. Vidare må kalven få rikeleg med råmjølk, og ein NRF-kalv på 40 kg, bør få i seg minst 3,5 liter ved fyrste tildeling. I løpet av fyrste levedøgnet bør kalven få i seg ytterligare 3 - 4 liter med råmjølk. Svakfødde kalvar eller kalvar som av andre grunnar ikkje drikk sjølv bør sondefôrast.

…ved 0 grader treng ­kalven 20 prosent meir fôr

Innbydande enkeltboks

Når kalven kjem over i enkeltboks, må ein også leggja forholda til rette slik at det er tørt og trekkfritt der kalven oppheld seg. — Kalven må også få tilgang til reint vatn, kraftfôr og grovfôr allereie frå ­fyrste leveveke, poengterer Bengt Egil. Det er i hovudsakeleg vatn og kraftfôr som gjer at formagane utviklar seg og kalven går over til å bli drøvtyggar. Ein må heile tida sjå til at vatnet, kraftfôret og grovfôret er appetittvekkande og innbydande, fortel han vidare. Golvet i boksen bør vera dekka med høy eller halm for å gjera det mjukt og lunt å opphalda seg der.

Oppstalling ute krev sterkare fôring

— Nokre vel også å oppstalla ­kalvane ute i eigne kalvehytter, og her må ein hugsa på at når temperaturen fell under 10 grader, så treng kalven 2 prosent meir energi per grad temperaturen fell. Dette vil seie at ved 0 grader treng ­kalven 20 prosent meir fôr, seier Bengt Egil. Han har også fått sans for kalvedekken som kan hjelpa kalvane å holda varmen på kalde dagar, i tillegg så må ein bruka rikeleg med halm i hyttene for å gjera det lunt å liggja der. Både enkeltboksar og kalvehytter skal vaskast ned mellom kvar kalv for å holda smittepresset nede.

Ta brystmål og set mål for tilveksten

Bengt Egil er pådrivar for at alle som driv med kalveoppdrett bør ta brystmål med jamne mellomrom, minst 2 - 3 gongar i året.

— Bøndene bør setja seg mål for tilveksten til dyra, og ved å ta brystmål, kan ein vurdera korleis fôringa og miljøet elles påverkar veksten til kalven, seier Bengt Egil engasjert. Ei målsetjing som dei fleste bør greia, er at kvigekalvane bør vera om lag 104 cm (108 kg) og okse­kalvar 107 cm (116 kg) ved tre månader. Vidare bør ­kvigekalvane som skal kalva ved 22 – 24 månad­ers alder veksa mellom 800 – 850 gram per dag fram til inseminering rundt 15 månaders alder. Då bør dei liggja rundt 168 cm (400 kg). Ved intensivt okseoppdrett bør ­målsetjinga vera at oksane skal veksa mellom 1 100 og 1 300 gram per dag fram til slakting ved 17 – 19 månader og slaktevekt på 270 – 330 kg (brystmål rundt 193 cm).

God plass og einsarta grupper

Bengt Egil har også ei klar opp­moding til bøndene om at kalvane treng god nok plass, verta gruppert etter lik alder og ha tilfredstillande luftkvalitet. — Kalvar opp til 100 kg kan gjerne ha areal på 1,25 kvadratmeter (m2) per kalv, og ­kalvar over 150 kg treng 2 m2 per kalv, fortel Bengt Egil. Gruppestorleiken bør ikkje overstiga 10 kalvar, og det bør vera maks 4 veker aldersspreiing for kalvar yngre enn 10 veker.

— Dersom ein har helseproblem, kan det vera lurt å sjekka at ventilasjonen fungerer tilfredstillande. Dårleg luft gir høgare smittepress og kan medføra dårlegare trivsel.

Oppskrifta er enkel; summen av lågt smittepress og høg motstandskraft gir god helse.

God kalvehelse

Alle ynskjer seg friske, robuste kalv­ar som veks godt. Dette kan alle greia viss ein legg forholda til rette, og gjer dei rette tinga på rett måte. Oppskrifta er enkel; summen av lågt smittepress og høg motstandskraft gir god helse. Motsatt vert det viss smittepresset er høgt og dyra har låg motstandskraft. Friske kalvar som trivst og får god fôring, veks godt og gir mindre arbeid og auka trivsel for bonden, og dette bør vera målet for dei fleste å oppnå.

Kalvane må få tilgang til vatn, kraftfôr og grovfôr allereie frå fyrste leveveke. Drikkekar er betre enn niplar. Kalvar som står på intensiv mjølkefôring har også behov for vatn.

Fôret må vera innbydande, og ein må syta for at kalvane får tilbod om ferskt fôr. Kraftfôr, grovfôr eller vatn som har vorte tilgrisa eller er gammalt, må bytast ut.

Tips!

Bengt Egils oppskrift for god kalvehelse

  • Rein og tørr kalvingsbinge

  • Råmjølk – raskt, rett og rikeleg

  • Tørr og trekkfri enkeltboks

  • Reint vatn, kraftfôr og grovfôr frå fyrste leveveke

  • Meir energi i fôret når temperaturen lågare enn 10 grader

  • Ta brystmål (kvigekalver bør vege 108 kg og oksekalvar 116 kg ved tre månader)

  • Nok plass (1,25 m2/kalv opp til 100 kg og 2 m2/kalv over 150 kg)

  • Maksimalt 10 kalvar pr. gruppe og maksimalt 4 vekers aldersspreiing for kalvar yngre enn 10 veker