Kjøtt

Val av slaktetidspunkt på NRF – oksar

Tørken over store delar av Noreg har skapt utfordrande fôrsituasjonar for mange denne sesongen. Rune Lostuen, produktsjef drøvtyggar i Felleskjøpet, har reist rundt til tørkeramma område og delteke på mange møte for å gi råd om korleis dette kan løysast på best ­mogeleg vis.

Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Rune Lotstuen, som er produktsjef drøvtyggar i Felleskjøpet, har jobba mykje med rådgiving til tørkeråka bønder, og han oppmodar alle om å oppretthalda ein så normal produksjon som mogeleg. NRF-oksar bør nå ei slaktevekt frå 270 kg og oppover og på denne måten ta ut mykje av potensialet til dyret på vekt og klasse.

Foto: Privat

Når det er grovfôrmangel, kan det vera freistande å senda dyr til slakt på eit tidlegare tidspunkt enn planlagt for å spara på fôret. I denne artikk­elen vil me sjå på eit konkret tilfelle i ein besetning med 14 oksar fødde i oktober 2017, der alternativa er å slakta dei no (1/12-18) samanlikna med å venta til februar eller mars 2019.

Viktig å oppretthalda så normal produksjon som råd

Det er viktig å vita kor mykje grovfôr ein har, finna ut om ein treng å kjøpa fôr, og vidare ha ein plan for å fordela fôret utover heile inne­fôringssesongen. — I utgangs­punktet vil eg råda alle til å oppretthalda ein så normal ­produksjon som mogeleg, presiserer Rune. Han seier vidare at ein samstundes kan ta ut dyr som ikkje produserer som forventa, og at ein kan levera oksane litt lettare enn vanleg, men dei skal vera slaktemodne. For NRF betyr dette at ein bør oppnå ei slaktevekt frå 270 kg og oppover, og på denne måten ta ut mykje av potensialet i dyret på vekt/klasse.

Intensiv framfôring med høge kraftfôrrasjonar

Når ein skal spara på grôvfôret, så bør ein auka kraftfôrandelen. Det er kjent for dei fleste at når kraftfôrandelen aukar, så et dyra ­mindre grovfôr (substitusjons­effekten). Ved å velja ein intensiv fôringsstrategi med relativt høge kraftfôrrasjonar, vil også framfôringstida bli kortare og det totale fôrbehovet som dyra treng for å bli slaktemodne verta mindre. — I dette tilfellet ville eg ha gitt oksane relativt høge kraftfôrrasjonar, og då må dei få kraftfôr med mykje fiber (til dømes Formel biff intensiv), seier den rutinerte sjefen for drøvtyggarar i Felleskjøpet.

Økonomiske vurderingar

Rune har rekna på eit konkret eksempel med 14 NRF-oksar fødd i oktober 2017 med gjennomsnitt slaktevekt på 249 kg etter brystmål 1/12-18. Eigar ­vurderer sterkt å senda oksane så raskt som mogeleg til slakt på grunn av lite grovfôr. Alternativa er å ha oksane til 1. februar eller 1.mars der fôringa er basert på store kraftfôr­rasjonar på om lag 8 kg Formel biff intensiv per dag og om lag 70 prosent appetittfôring med ­grovfôr. Med ein slik fôrplan reknar ein med at oksane veks 1 200 gram per dag. Det er lagt inn ­grovfôrpris på 2,60 kroner per FEm og 3,31 kroner per kg for kraftfôret. Kal­kylane viser ei forventa gjennomsnittleg slaktevekt på 286 kg 1. februar eller 305 kg 1.mars. Når fôrkostnadene er trekt ifrå vert forventa auka slakteutbyte 9 800 kroner totalt eller 700 kroner per okse ved å venta med slaktinga til 1. februar. Tilsvarande tal er 18 600 kroner eller 1 328 kroner per okse ved å venta til 1. mars. — Her er det også lagt inn i ­reknestykket at feittklassen aukar noko ved å utsetja slaktetids­punktet, og det er lagt inn sone­tilskot 2, seier Rune.

Positivt for økonomien å utsetja slaktetidspunktet

Sjølv om ein har lite grovfôr, så viser dette reknestykket at det lønnar seg å utsetja slaktetidspunket og heller fôra intensivt med høge kraftfôrrasjonar og noko redusert grovfôrtildeling. — Det er sjølvsagt viktig at ein har plass til oksane i fjøsen, og at ein har nok grovfôr til å halda dei i to eller tre månader ekstra på 70 prosent av normal grovfôrmengde, seier den stødige rådgivaren til slutt.

Intensiv framfôring av NRF-oksar er ein god strategi når ein har lite grovfôr. Dei kan gjerne få opp i 8 – 8,5 kg Formel biff intensiv for dagen i sluttfôringa saman med 70 prosent appetittfôring med grovfôr. Med denne fôringa kan ein forventa tilvekst på 1 200 gram per dag.

Tabell 1: Levandevekta etter brystmål varierer frå 222 kg til 289 kg. Dette tilsvarar gjennomsnittleg slaktevekt på 249 kg. Tre av oksane er kanskje slaktemodne, men Rune rår til å venta 2 – 3 månader med å slakta for å få betre vekt og klasse.

Fødselsdato

Truleg slaktevekt 1.12 utifrå brystmålberekningar

kg

18.10.17

18.10.17

15.10.17

18.10.17

30.09.17

18.10.17

14.10.17

8.10.17

17.10.17

9.10.17

23.10.17

18.10.17

4.10.17

17.10.17

241

256

222

229

253

245

256

285

245

268

241

229

289

222

Snitt 249 kg

Tabell 2: Intensiv sluttfôring ved grovfôrmangel kan innebera høge kraftfôrrasjonar og om lag 70 prosent appetittfôring med grovfôr. Ved denne fôrplanen reknar ein med ein dagleg tilvekst på 1200 gram per dag.

Fôring

Desember

Januar

Februar

Formel Biff Intensiv kg

7,7

8,1

8,5

Grovfôr, middels kg tørrstoff

2,6

2,8

2,9

Tabell 3: Reknestykket viser at det er økonomisk gunstig å utsetja slaktetidspunktet.

Forventa gjennomsnittleg slaktevekt 1.febuar

Forventa gjennomsnittleg slaktevekt 1.mars

286 kg

305 kg

Forventa auka netto slakteutbyte

Forventa auka netto slakteutbyte

+ 9 800 kr

+ 18 600 kr

+ 700 per okse

+ 1 328 kr per okse

Tabell 4: Sjølv om fôringa med høge kraftfôrrasjonar er kostbar, så er det pengar å henta på å utsetja slaktetidspunktet og få gode vekter og god klasse på slakta.

I dag

01.mar

01.feb

Produksjons­inntekter

Pris kr/kg

Sum

Oksekjøt

Klasse

kr. 46,73

kr. 11635,77

kr. 14710,15

kr. 13564,98

Kvalitetstilskot (kvalitet O)

40 %

2,5

kr. 249

kr. 381,25

kr. 357,50

Kvalitetstilskot (kvalitet O+)

0%

7,5

kr. -

kr. 915

kr. 429

Sum Produksjons­inntekter

kr. 11884,77

kr. 16006,40

kr. 14351,48

Sone 2

4,95

Sonetilskot 2

1232,55

1509,75

1415,7

Tal dyr

14

kr. 183642,48

kr. 245226,10

kr. 220740,52

Differanse

kr. 61583,62

kr. 37098,04

Meirkostnad fôring med lengre oppfôringstid

Kroner grovfôr

570

450

Kroner kraftfôr

2500

1500

42980

27300

kr. 18603,62

kr. 9798,04