Tema: beite

Beiting er ofte lønsamt

Reduserte fôrkostnader, utnytting av grasressursar som ikkje kan haustast maskinelt og ekstra tilskott er faktorar som gjer beiting lønsamt.

Åse Flittie Anderssen

ase.anderssen@tine.no

Tidl. fagspesialist i Tine

Forbrukarane synest det er fint å sjå kyr på beite, og kan hende kjøper dei meir mjølk og ost på grunn av eit positivt inntrykk. Og sjølv om mosjonskravet kan innfriast med luftegard eller såkalla mosjonsbeite er det all grunn til å satse på beiting på mjølkebruk som har bra vilkår for å få det til. Det vil seia tilgang til beiteareal nær fjøsdøra, eventuelt på setra. Fordelane med beiting dreier seg i hovudsak om billegare grovfôr, redusert kraftfôrbehov, utnytting av grasressursar som ikkje kan haustast maskinelt, og ekstra tilskott. Beitinga kan også føre til høgare andel sommarmjølk, og dermed betre gjennomsnittleg mjølkepris spesielt i sona «Fjord & Fjell».

beite-energien kostar ca. 30 prosent av energien i innhausta grovfôr

Storfe på beite er positivt for omdømmet og dermed for forbruk av mjølk og kjøtt.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Ulempene

Ulemper ved beiting vil ofte vera redusert grasavling og redusert avdrått som fylgje av meir ustabil fôrrasjon. Vidare kan det bli lågare fettprosent i mjølka, og dersom kyrne må gå på møkkete/klinete drivvegar til og frå fjøset kan det oppstå utfordringar med aerobe sporer i mjølka og dårleg klauvhelse.

Figur 1. Brutto kostnad for beite og innhausta grovfôr, øre/MJ. Mjølkonomi 2016.

Arbeidsmengda med grashausting og gjødselhandtering går naturleg ned ved beiting. Som regel vil stell av dyra også ta mindre tid i beiteperioda, sjølv om gjerding og beite­pussing og henting av kyr til mjølking også tek tid.

Beite er billegare enn innhausta grovfôr

Ved å beite graset slepp vi kostnader til konserveringsmiddel, plast og arbeids- og maskin­kostnader med innhausting av grovfôret. Mjølkonomi har bra ­statistikk over kva dette betyr per energi-eining i fôret. Tala frå Mjølk­onomi 2016 i figur 1 viser at beite-energien kostar ca. 30 prosent av energien i innhausta grovfôr.

Figur 2. Energi i surfôr og beite ved tidleg, middels og seint utviklingsstadium i graset, MJ/kg tørrstoff.

Beitegras er energirikt og kan spare kraftfôr

Ved beiting lêt vi som regel kyrne hauste graset på eit tidlegare utviklingsstadium enn ved maskinell hausting. Figur 2 viser energiverdiar i nokre «standard» grovfôrkvalitetar.

I ein fôrplan vil Tine OptiFôr berekne cirka 2 kg mindre kraftfôrbehov per ku per dag med beite i høve til grassurfôr i dei ulike «para» i figuren. Ved rikeleg arealgrunnlag på garden gjev dette ein betydleg reduksjon i kraftfôrkostnader til buskapen.

Utnytting av gras som ikkje kan haustast maskinelt

Mange gardar har mykje innmarksbeite, som per definisjon er grasareal som ikkje kan haustast maskinelt. Vidare har dei fleste god tilgang på utmarksbeite. Ved å sleppe beitedyr på slike areal blir garden «større» - vi kan skaffe grovfôr til fleire dyr utan å kjøpe inn noko. Innmarks- og utmarksbeita er mindre produktive enn fulldyrka beiter og ligg ofte langt unna fjøsdøra. I så fall er det sinkyr, kviger, kastratar og ammekyr som i praksis kan hauste slike areal. Uansett avlastar det presset på fulldyrka jord. I Mjølkonomi­buskapane i 2016 fordelte energiopptaket frå beite seg slik på ulike typer (samla for alle storfe i buskapane): 18 prosent frå utmarksbeite, 40 prosent frå innmarksbeite og 42 prosent frå fulldyrka areal.

Tabell 1. Prisutslag i kr/liter for heile årets leveranse ved ulik sommarmjølk-andel (Tine).

Sommarmjølk

10 prosent

20 prosent

30 prosent

40 prosent

50 prosent

Fjord&Fjell

- 0,235

- 0,093

+ 0,049

+ 0,190

+ 0,332

Landet ellers

- 0,201

- 0,109

- 0,017

+ 0,076

+ 0,168

Beiting utløyser ekstra tilskott

Storfe på beite blir premiert med tilskott slik:

  • Minst 16 veker (uavhengig av beitetype) i arealsone 1-4 : 370 kr/storfe

  • Minst 12 veker (uavhengig av beitetype) i arealsone 5-7 : 370 kr/storfe

  • Minst 5 veker i utmark, alle areal­soner: 678 kr/storfe

For eit storfe som oppfyller både utmarksbeitetida og kravet til den samla beitetida blir det altså 1 048 kr beitetilskott. Bruk av lufte­gard eller eit lite mosjonsbeite kan oppfylle sjølve mosjonskravet, men dekker ikkje krava til beitetilskott. Det er eit krav at hovuddelen (meir enn halvparten) av det daglege grovfôropptaket skal skje ved beiting for å få beitetilskott. For dei som satsar på mjølke­produksjon på setra kjem seterdrifttilskott på minst 50 000 kr (frå og med siste jordbruksoppgjør) via fylkesvise midlar i tillegg.

Figur 3. Fettprosent i mjølka på landsbasis, middel per månad i åra 2016 – 2018

Beiting kan påvirke oppnådd mjølkepris

Det er sommarmjølkandelen – og ikkje beiteopptaket – som blir ­premiert gjennom sesongvaria­sjonen i mjølkepris. Dersom ­mjølkekyrne blir avsina for å gå på utmarksbeite om sommaren vil det bli låg sommarmjølkandel. Men for mjølkebønder med rikeleg fulldyrka areal er det aktuelt å satse på vårkalving og beiting på fulldyrka mark. Da er det mogleg å få betydleg uttelling på høg sommarmjølkpris. Maksimal ­prisvariasjon mellom sommar og vinter er nå høvesvis 1,56 kr/liter i «Fjord&Fjell» og 1,08 kr/liter i resten av landet. Hugs at ingen kan ha 100 prosent sommarmjølk, og knapt nokon har 0 prosent. I tabell 2 er vist eksempel på prisutslag i kr/liter på årsbasis ved å levere høvesvis 10 – 20 - 30 – 40 – 50 prosent ­sommarmjølk (juni – september)

Lågare avling på fulldyrka jord ved beiting

Mjølkekyrne bør starte beiting når graset er 8-10 cm høgt fyrste runda, og seinare rundt 15 cm. Vi må derfor rekne med redusert avling ved beiting av fulldyrka areal i høve til ved slått og konservering. Dette fordi vi haustar før energiavlinga er på sitt høgaste, også når vi summerer for alle «slåttane» i løpet av sommaren. Vidare minkar beiteavlinga ved at dyra vrakar graset rundt gjødsel-­rukene.

For eit storfe som oppfyller både utmarksbeitetida og kravet til den samla beitetida blir det altså 1 048 kr beitetilskott

Både redusert avling og at kyrne kan ta opp meir energi frå grov­fôret per dag ved beiting enn ved bruk av surfôr/høy, gjer at arealbehovet aukar mykje ved beiting. Dersom vi reknar 20 prosent avlingsreduksjon på 1/3 av fulldyrka areal og at beite sparar 2 kg kraftfôr per ku og dag i ei periode på 100 dagar, vil arealbehovet for å fø kyrne auke med 10-15 prosent på årsbasis i høve til full innefôring (luftegard). Derfor vil intensiv beiting passe aller best der det er rikeleg arealgrunnlag og korn ikkje er eit alternativ. ­Riktig valg av grasarter / beitevekster og godt stell av beita er vesentleg for å avgrense avlingstapet ved beiting.

Beiting kan påvirke produksjonsresultata

Kukontrollen viser klart lågare avdrått hjå kyr som kalvar i april/mai enn hjå kyr som kalvar i november/desember. Skilnaden er størst for eldre kyr med cirka 335 kg EKM, medan 1.kalvskyr viser minst skilnad med rundt 180 kg EKM. Dette tilseier at ­fôringa i høglaktasjonen for vårbære kyr ofte blir for dårleg/­ustabil, og det er nærliggjande å tenkje at beitinga er årsaken til dette. Det er vanskeleg å ha nok beitegras med riktig utviklingsstadium kvar einaste dag, og kyrne beiter ­dårleg både i veldig varmt vêr og i regnvêr. Kyr med kalvingstid som gjer at dei får stabil innefôring i høglaktasjonen mjølkar mest. I robotfjøs kan lågare avdrått i ­beitetida også skuldast at mjølk­ingsfrekvensen blir litt redusert.

I mange buskapar er lågare avdrått heilt uproblematisk. Dersom det er nok fjøsplass og grovfôrgrunnlag vil det likevel gå fint å fylle mjølkekvota utan kjøp av grovfôr, og fleire kyr utløyser meir produksjonstillegg som kompenserer for kostnaden med høgare fôrforbruk. Spesielt gjeld dette i mindre buskapar.

Helsemessige utfordringar

Ustabil fôring kan gje helsemessige utfordringar for kyrne. Låg energidekning spesielt i høglaktasjonen kan utløyse ketose. Beitegras på tidleg utviklingsstadium inneheld lite fiber, og utan tilleggsfôring med for eksempel halm kan kyrne få diaré.

Meierileveransene viser at fettprosenten i mjølka er betydleg lågare i beitesesongen enn ellers i året (figur 3). Dette påvirkar sjølvsagt oppnådd mjølkepris.

Mjølkande kyr bør helst ikkje beite i veldig bratt terreng. Kyrne har lett for å leike seg med å setja opp stor fart i unnabakke når dei skal inn til mjølking, og ikkje alle har sterkt nok jurfeste til å tåle dette. Når midtbandet ryk blir det gjerne blodmjølk i lang tid, og i nokre tilfelle også jurbetennelse.

Fordelar og ulemper ­med beiting

  • Fulldyrka beite kostar jamfør Mjølkonomi i gjennomsnitt cirka 30 prosent av heimavla innhausta grovfôr.

  • Beitegras blir hausta på tidlegare utviklingstrinn enn surfôr/høy, og kan dermed spare kraftfôr i beitesesongen.

  • Innmarksbeite og utmarksbeite kan berre utnyttast gjennom beiting = utvida grovfôrgrunnlag

  • Storfe på beite i mange nok veker utløyser ekstra tilskott.

  • Storfe på beite er positivt for omdømmet og dermed for forbruk av mjølk og kjøtt.

  • Valg av beiteopplegg kan påvirke sommarmjølkandelen og dermed mjølkeprisen. Dei som har konsentrert haustkalving for å ha sinkyr på utmarksbeite tapar sommarmjølk, medan vårkalving gjev meir sommarmjølk (uavhengig av beiting eller luftegard).

  • Beiting på fulldyrka jord fører til redusert avling samanlikna med maskinell hausting. Bruk av eittårig beite (rug og raigras ser ut til å fungere godt) og godt beitestell kan redusere avlingstapet.

  • Det er utfordrande å sørge for nok og godt beitegras heile sommaren, og kyrne beiter dårleg i regn og veldig varmt vêr. Derfor viser Kukontrollen klart lågare avdrått hjå vårbære kyr enn hjå seint haustbære kyr.

  • Tilleggsfôring med fiberrikt grovfôr kan vera nødvendig for å unngå ustabilt vommiljø, som lett gjev redusert feittprosent i mjølka. Riktig type og mengde kraftfôr er like viktig i beitesesongen som ellers for å unngå underfôring eller ubalansert næringstilførsel.