Fôr

Kva erfarer vi av tørkesommaren?

Erfaringane etter fjorårets tørkesommar er viktige for å møte ­hyppigare tørkesomrar i framtida.

Ingunn Schei

Spesialrådgiver i Tine

ingunn.schei@tine.no

I følgje ein rapport frå Meteorologisk institutt (Metinfo, 14/2019) med oppsummering av tørkesommaren 2018 må vi vere budd på hyppigare og fleire tørkesomrar i framtida. Generelt vil klimaendringane gi meir nedbør og fleire ekstremnedbørshendingar, og høgare temperaturar i periodar.

Trass positive erfaringar med fôringa i vinter så er det ingen tvil om at det blei dyrt.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Høg mjølkeproduksjon

Utsiktene til dårlege avlingar førte til frykt for låg leveringsevne for mjølk utover hausten. Det resulterte i at kvotene var auka frå 0,98 tidleg på sommaren til 1,04 i august, slik at dei som hadde moglegheit skulle få levere meir mjølk. Råda frå landbruksorganisasjonane om å spare på grovfôret og auke kraftfôrmengdene vart følgd allereie frå juli. Det såg vi att i tala i Kukontrollen der kraftfôrmengdene auka jamt utover hausten, og avdråtten følgde på (Figur 1), medan tal slakta mjølkekyr gjekk ned. Mjølkeleveransane strøyma på, og det gav Tine mykje meir mjølk enn forutsett. Dette viser kor god evne produsentane har til å tilpasse seg vilkåra, og evna og viljen til å produsere mjølk ser ut til å vere stor. Avdråtten har heller aldri vore så høg før, og det tyder på at produksjonspotensialet til NRF-kua også er stort.

Figur 1. Utvikling i kraftfôrmengder og mjølkeavdrått i kukontrollen, oppgitt i kg per ku/dag.

Mjølkekvaliteten har vore god

Feitt- og proteinprosenten har vore rekordhøg gjennom heile hausten og vinteren. Når det gjeld andelen av elitemjølk så er den litt lågare i 2018 enn i 2017, også for siste halvår. Det skuldast at celletal i mjølka har auka, og at andelen unormal mjølk er noko høgare enn i fjor. Det siste kan vere til­feldig. Det er typisk at varme somrar fører til varmestress og høgare celletal. Motsett ser ein at celletal i 2017 var lågt og då var det ein heller våt og kald sommar. Utviklinga i celletalet har gått nedover over mange år og er generelt lågt. Helsestatusen er også god (Buskap 3/2019). Det er dermed ingenting som tyder på at fôringa vi har hatt i år har hatt negative effektar på mjølkekvalitet, produksjon og helse til dyra. Trass i rekordhøge kraftfôrmengder så har det vore lite tilbakemeldingar knytta til vomproblem (sur vom).

Endra fôrrasjon

I forhold til tidlegare år så har det altså vore fleire store endingar i fôrrasjonen. Korleis disse endringane har verka hos den enkelte produsent har nok variert, men mykje av endringane har verka positivt på vommiljøet.

Eit godt vom-miljø

For å ha ein høg produksjon, god fôrutnytting og friske kyr så er det avgjerande å ha eit godt vommiljø. Det vil sei at pH i vomma ikkje bør gå for mykje ned. Bakteriane som er spesialisert til å fordøye fiber (NDF) er ømfintlige for låg pH i vomma (pH under 6,0), og fordøyinga av NDF vil gå ned. Bakteriane som fordøyer sukker og stivelse er i stand til å overleve sjølv om pH i vomma blir låg (5,5 – 5,8). Høg andel av sukker og stivelse i fôrrasjonen aukar risikoen for låg pH fordi det blir raskt brote ned, og det kan bli mykje syreproduksjon på kort tid. Nedbrytinga av NDF tek lenger tid og gir jamnare syreproduksjon. Samtidig gir NDF god ­tyggeaktivitet og spyttproduksjon. Spytt er basisk og gir buffer til vomma. Avhengig av kor lang tid pH er låg så vil det kunne føre til redusert vomfunksjon og sur vom. Det er difor viktig med grovfôr med nok struktur (NDF) som gir kua moglegheit til å tygge drøv i ein rasjon med mykje kraftfôr. Når NDF blir brote ned så blir det danna eddiksyre, medan nedbryting av stivelse i kraftfôret gir propionsyre og sukker gir smørsyre. Eddiksyre og smørsyre er næringsstoff om inngår i feittsyntesen i juret, og mykje av disse vil auke feittprosenten.

Figur 2. Effekt av karbo­hydrat­kjelde på mjølke­av­drått og kjemisk innhald i mjølk

Råvarer i kraftfôret

Vanlegvis så forbind ein auka kraftfôrmengder med meir propionsyre og mindre eddiksyre. Det vil ofte gi høgare avdrått og lågare feittprosent når kraftfôrmengdene blir så høge at dei utgjer omlag halve fôrrasjonen på energibasis. Redusert feittprosent forventar ein både fordi det blir mindre substrat til feittsyntesen og fordi det vil gi ein uttynningseffekt når avdråtten aukar. I år har både avdråtten og feittprosenten auka. Gode kraftfôrblandingar får mykje av æra for at det har gått så bra. I tillegg er produsentane flinke til å fordele høge kraftfôrmengder på fleire fôrrasjonar. Ved kraftfôrmengder høgare enn 10-12 kg er det aktuelt å bytte ut noko av dei stivelsesrike råvarene som bygg, havre og kveite med fiberrike råvarer som roesnitter, kli og skalfrak­sjoner. Tørkesommaren ga også små kornavlingar, og det førte igjen til behov for import av ­karbohydratråvarer. Det var dermed lett å få tilgang til betefiber (roesnitter) som har gunstig effekt på vom­miljøet. I 2017 var det mykje norsk korn på lager og krav om å bruke mest mogleg norsk korn i kraftfôret, så tilgangen på roesnitter var dårlegare. Roesnitter har seinare nedbrytingshastigheit i vomma og gir difor ein jamnare syreproduksjon. Sidan roesnitter gir ei vomgjæring med høgare mengde smørsyre verkar det ekstra positivt for feittprosenten. Figur 2 viser korleis roesnitter har påverka feittprosenten i forsøk. Her er samanlikninga mot bygg og mais. Mais kan også verke positivt på vommiljøet fordi den har lågare nedbrytingsgrad og flytter noko av fordøyinga til tarmen. Det vil gi meir glukose til juret og ofte auka avdrått.

Halm bufrar vomma

Fôrrasjonens innhald av NDF blir ofte brukt som mål for å vurdere om den har tilstrekkeleg med struktur. Det gir moglegheit til å ha ein høg andel stivelse i fôrrasjonen utan at det går ut over vommiljøet. Energiverdien i halm er låg, og det er først og fremst som strukturfôr den er blitt brukt som fôr til mjølkekyr den seinare tida. Energiverdien kan aukast med behandling som til dømes ammoniakk, urea eller luting. Tilbakemeldingane i vinter har vore at mange har gode erfaringar med bruk av halm, og at dyra likar det godt. Halm er nyttig fordi det fyller opp i vomma og gir god mettheitskjensle. Det høge innhaldet av NDF gir god tyggeeffekt og spyttproduksjon som er med på å bufre vomma. Det beste er om halmen er snitta og har lengde på 5-10 cm. Det gir eit meir stabilt opptak, god fylleffekt og verkar stabiliserande på vommiljøet. Det er viktig at halmen har god hygienisk kvalitet, og den skal aldri brukast som einaste fôr men er bra som supplement.

Høgare tørrstoff og mindre gjæring

Typisk for grassurfôret i år er høgare tørrstoff. Dette har slått positivt ut ved at mange har hatt meir fôr enn dei trudde. Når fôret blir tørrare så reduserer det ­gjær­ingsintensiteten, og det gir ­mindre syrer og ammoniakk og høgare sukker. Gjæringskvaliteten betyr mykje for fôropptaket; restriktiv gjæring med bra sukkerinnhald gjer at fôret smakar betre, og då et dyra meir. Motsett vil ein dårleg gjæringskvalitet gje lågt grovfôr­opptak og dermed gi større risiko for dårleg vommiljø. Eit høgt ­sukkerinnhald i grass­ur­fôr vil gi høg smørsyregjæring i vomma og dermed eit høgare feittinnhald. Fortørking av graset er ein god måte å heve sukker­innhaldet i graset på dersom ­fortørkinga går raskt. Fordøye­leg­heita og energiverdien er omtrent som i fjor, ­relativt låg, men ­rå­­proteininnhald er noko høgare. Grovfôret vil ha bra strukturverdi, og passar til høge kraftfôrmengder.

Dyr fôring

Trass positive erfaringar med ­fôringa i vinter så er det ingen tvil om at det blei dyrt. Det har gått ekstra kostnader til auka kraftfôrmengder, og i tillegg måtte mange kjøpe ekstra grovfôr. Pris på importert høy og halm har aldri vore så høg ifølgje Landbruks­direktoratet. Det er difor viktig å prøve å utnytta eigne ressursar att på best måte med å få i kyrne mest mogleg grovfôr med høg energiverdi, god gjæringskvalitet og høgt sukkerinnhald. Då kan ein spare mykje på kraftfôrkostnadene i neste sesong. Mange har mykje å hente på å slå tidlegare for å auke energiverdien, men kanskje krev det ein innsats for å få større avlingar? Kanskje har ein også fått nokre gode erfaringar med bruk av halm som ein kan dra nytte av vidare, og kanskje kan det vere mogleg å auke for­tørkinga av graset. Trass gode erfaringar med kraftfôret så er det ikkje sikkert det blir like godt utval av råvarer neste sesong, og då kan situasjonen bli annleis. I haust vart det sådd mykje haustkveite, og det kjem til å påverke råvarebruken i norsk kraftfôr. Dette året var det hell i uhell; mange faktorar som til saman ga positivt utslag på mjølkeproduksjonen. Så får vi håpe vèret slår til med passe ­nedbør og sol denne sommaren, og at mange får bygd opp att fôrlagera sine.