Økonomi
Jakten på marginene

Meir lettente ­pengar får du ikkje

Ein sjekk av om det lønar seg å overføre omsorgspoeng frå mor til far kan gje stor uttelling.

Eivind Vik

Livslinjerådgivar i Tine

Eivind.Vik@tine.no

Velferdsstaten har ordningar som passar som hand i hanske for bonden. Men diverre ser me at dei fleste ikkje kjenner reglane og mister lettente pengar. Eg har vore så heldig å få arbeida med livslinjeråd i Tine rådgiving. Eit av felta me ser på er om det kan vera noko å vinna ved å overføra omsorgspoeng frå den eine ektefellen til den andre.

Omsorgspoenga vert automatisk tildelt mor, men mor kan fritt overføre oppteninga til den andre parten.

Foto:iStockphoto

450 000 i omsorgsopptjening

Velferdsstaten gjev høve til ­pensjonsopptening når ein har omsorg for born under skulealder. Det er også mogeleg å søkja om å få omsorgsopptening når ein har omsorg for sjuke, funksjonshemma eller eldre personar. Omsorgspoenga vert automatisk tildelt mor, men mor kan fritt overføre oppteninga til den andre ­parten. Omsorgsoppteninga tilsvarar ei inntekt på ca. kr 450 000. Fram til 2009 svara oppteninga til ei løn på omlag kr 400 000. Og dette er i mange tilfelle ei god bondeinntekt.

Tabell 1. Døme på pensjonsopptening utrekna i G (grunnbeløp). Overføring av omsorgspoeng kan auka pensjonsoppteninga til denne bonden utan at mor taper på det. Omsorgsopptening utgjer 3G fram til 2009 og 3,5 G etter det.

År

Pensjonsgivende inntekt (kr)

Pensjonspoeng

1991

166300

3,75

1992

143900

2,98

1993

117100

2,16

1994

95900

1,54

1995

40400

0,04

1996

52900

0,31

1997

47900

0,14

1998

90400

1,04

1999

60000

0,29

2000

158000

2,27

2001

108900

1,15

2002

109000

1,05

2003

78200

0,40

Kan løne seg å overføre

I dei tilfelle der mor har vore ute i anna arbeid, har ho kanskje tent meir enn det omsorgspoenga utgjer. Då ligg omsorgspoenga der utan å bli brukt. Det kan òg hende at ho arbeider ein stad med så gode pensjonsavtalar (til dømes i offentleg sektor) at sjølv om ho har tent mindre, kan ho overføre omsorgspoeng utan å tape på det.

Blant bønder er det ikkje uvanleg med mange år med dårleg pensjonsopptening. Far har kanskje vore heime etter ei stor invester­ing og teke seg av små born. Tabell 1 syner pensjonsgjevande inntekt som ikkje er uvanleg for bonden, altså mange låge år. Mor har bidrege med arbeid ute og får omsorgspoeng som ikkje har verdi for henne.

Dei mest lettente pengane du nokon gong kan få

Overføringa av omsorgspoenga kan gjerast i ettertid , men må ­gjerast før mor startar sitt pensjonsuttak. Der far har låge år og får overført omsorgspoeng vil pensjonskapitalen hans auke. Eg har vore borti tilfelle der me berre har vinst ved å overføre eitt enkelt år, medan andre stader finn me vinstar for opp til 10 -15 år. Kor mykje utslag dette gir, vil variere for den enkelte av di det er ulikt regelverk for ulike aldersgrupper. Ofte har eg funne verdiar som aukar den årlege pensjonen med frå kr 1 000 - kr 20 000, og då snakkar me om ei forteneste på 20 000 – 400 000 for å gjera denne sjekken. Diverre ser me også at det er få som kjenner regleverket godt nok, slik at dette berre vert gjennomført der mor ikkje vil tapa noko.

Også strategisk tilpassing for dei unge i dag

Dei unge i dag kan også ha stor nytte av å kjenna regelverket for å sikra si eiga pensjonsopptening. Dei som har hatt store investeringar har ofte så høgt avskrivingsgrunnlag at dei må skyva på avskrivingar for å sikra seg eit visst inntektsnivå. Avskrivingar tapar noko av sin verdi fram i tid. Der mor er i lønna arbeid kan far få overført omsorgspoeng som gir han god nok sikring. Ved eventuell uføretrygd vil ein gå tilbake til åra før omsorgspoenga. Då kan du auka avskrivingane og betala ­mindre skatt. Den sparte skatten bør brukast til nedbetaling av lån.

Lønsam sjekk

Alle stader der mor har vore ute i løna arbeid samstundes som ho har fått omsorgspoeng, bør gjera denne sjekken. Snakk med livslinjerådgivar.