Økonomi
Jakten på marginene

Auke marginane i produksjonen

God økonomi gjer føretaket meir robust mot endringar i både ytre og indre føresetnader. Å ta ut lønsame marginar, vil alltid vere rett – ­uavhengig av om det er høg- eller lågkonjunktur.

Helge Øksendal

Økonomirådgiver

helge.oksendal@tine.no

Å ta ut marginar i produksjonen handlar om å få meir ut av kvar eining som til dømes høgare melkeyting, høgare tilvekst eller høgare grovfôropptak per dyr. Foto: Rasmus Lang-Ree

I artikkelen er det fokus på å betre lønsemda med same tal produksjonseiningar - areal, kvote og dyretal. Det handlar om å nytte kvar produksjonseining betre og å auke verdiskapinga på kvar produsert eining.

Auke verdiskapinga per liter

Kva mengde melk ein får levere er avgjort av grunnkvote og forholdstall. Skal ein ha høgast mogleg melkeinntekter, gjeld det å auke verdien av kvar liter innafor den disponible kvoten. Ein må då tilpasse seg varemottakaren sine kriteriar. Melkeprisen er påverka av hygienisk kvalitet, tørrstoffinnhald og er betre betalt om sommaren enn om vinteren.

Auke kjøtproduksjonen med same dyretal

I motsetnad til mjølk, er det ikkje avgrensa kor mykje kjøt ein får levere. Er det fullt nok frå før, kan ikkje dyretalet aukast. Ein lyt ­derimot ha fokus på at dyra ein har plass til har stor kjøttilvekst. Så lenge ein har nok tilgang på ungdyr, bør ein nytte så få plassar som muleg til å produsere kvoten. Det vil seie færrast mogleg årskyr, med høg avdrått og høgt tal kalvar per årsku. Klarar ein ikkje å skaffe nok kalvar sjølv, kan ein vurdere innkjøp.

Både kviger og oksar blir til sjuande og sist kjøt. God tilvekst på kvigene betaler seg i form av at dei fortare blir store og gode kyr. Dette frigjev plass og fôr til fleire ungdyr. Auka tilvekst på oksar gjev anten større slakt på same oppalstida eller tidlegare slaktemodning og frigjeve plass. Auka tilvekst verkar også positivt på klassifisering og pris. I tillegg til fôring og stell vil bruksdyrkryssing kunne bidra til å auke tilvekst og klassifisering betydeleg. Brukar ei kjønnsseparert sæd, kan også delen med kjøtfekryssingar aukast (sjå Buskap nr. i 2019 - du finner artikkelen på www.buskap.no).

Tabell. Økonomi ved 5 ulike alternativ (sjå boksar på neste side)

Leveranse,

1000 liter

Kjøt, tonn

Melkepris,

kr/liter

DB, kr/liter

grunnkvote

2019 (Utgangspunkt)

220

10,0

5,46

7,49

Alternativ 1

0,95/30 øre/25 øre

213

10,0

5,06

7,00

Alternativ 2

+ 10 prosent sesongmelk

213

10,0

5,17

7,11

Alternativ 3

+ 0,15 prosent feitt

213

10,0

5,29

7,19

Alternativ 4

+ 57 gram tilvekst

213

10,5

5,29

7,30

Alternativ 5

+ 8 prosent grovfôr

213

10,5

5,29

7,49

Kalkylen viser korleis ein kan kompensere for inntektstap som følgje av endra forholdstal, omsetningsavgift og etterbetaling. Utgangs­punktet er eit bruk med resultat om lag som middelet i Kukontrollen. Legg merke til at DB kr/l er per liter grunnkvote og at ein må sette inn alle endringene for å nå samme resultat som i 2019. Det er potensial for å ta ut vesentlege marginar utover det som er medteke her!

Grovfôravling og kvalitet

Auka verdiskaping per liter mjølk og betre tilvekst er mykje påverka av fôring. Lønnsemda blir best der dette er råd å oppnå med auka grovfôropptak. Dette krev rikeleg tilgang på grovfôr med høg næringsverdi. Analyseverdiar av førsteslått syner stor variasjon. Snittet tyder likevel på at denne er seint hausta med tanke på høgast mogleg fôropptak. Auka fôropptak stiller krav til mengde. Har ein ikkje fôr til overs må avlinga aukast. Kan ein ikkje auke arealet må ei søkje å auke avlingsnivået på jorda ein har. Dei aller fleste har potensial til dette – jamfør Grovfôr 2020.

Potensial for å ta ut vesentlege ­marginar utover det som er medteke her

Reknedøme

Garden i reknedømet (sjå alternativ 1-5) har ei grunnkvote på 224 000 liter. Det er teke utgangspunkt i 2019 med eit forholdstal på 0,98 og disponibel kvote på 220 000 liter. Dyretalet er 88, der 30 er årskyr. Fulldyrka areal er 260 dekar.

Alternativ 1

er eit tenkt scenario for 2020. Forholdstalet er sett til 0,95, omsetningsavgifta til 30 øre per liter og etterbetalinga 25 øre per liter. Melkeproduksjon og leveranse er redusert med 7 000 liter gjennom senka kraftfôrforbruk. Nedgangen i melkeinntekter tilsvarar 57 øre per liter grunnkvote (224 000 liter) og dekningsbidraget (DB) går ned 49 øre per liter grunnkvote (sum DB for garden dividert på grunnkvoten). Sjølve melkeprisen (inklusive etterbetaling) går ned 40 øre per liter levert.

Alternativ 2

bygger på alternativ 1, men ein har flytta 10 prosent av leveransen frå perioden november-april til perioden juni-september. Fôrkostnadar og tilskott er uendra. Både melkeprisen og DB per liter grunnkvote aukar med 11 øre.

Alternativ 3

bygger på alternativ 2. Feittprosent i melka er auka med 1,5 tidelar. Melkeprisen aukar med 12 øre. Forfôrbruket er auka. DB per liter grunnkvote aukar med 8 øre.

Alternativ 4

I alternativ 4 er tilveksten på oksane auka med 57 gram slakt per dag til (625 gram). Kraftfôrforbruket har auka tilsvarande. Dette gjev ein auke i DB per liter grunnkvote på 11 øre.

Alternativ 5

I alternativ 5 er grovfôropptaket auka med 8 prosent på bekostning av kraftfôret. Avlingsnivået er auka. Det er føresett same variabelkostnad per eining som før. DB per liter grunnkvote aukar med 19 øre til kr 7,49 – det same som i utgangspunktet.

Få meir ut av kvar eining

Å ta ut marginar i produksjonen handlar gjerne om å få meir ut av kvar eining. Til dømes høgare melkeyting, høgare tilvekst eller høgare grovfôropptak per dyr. Vidare gjeld det å auke tørrstoff­innhaldet i mjølka, klassifiseringa på okseslakta eller næringsinnhaldet i grovfôret.

Dette er kvalitative forbetringar som stiller krav til både kompetanse og god styring av produksjonen. Dersom ein fram til no har hatt hovedfokus må mengde og mindre på marginar, krev dette ein endring av fokus og omlegging av vanar. Kanskje dette siste er det mest krevjande. Ein kan nemleg få nokså vondt i «orken»!

Kan ta tid

Å hente ut marginar kan ta tid. I tillegg til å endre seg sjølv kan det ta tid frå ein set inn tiltak til ein oppnår ønska effekt. Sidan storfehald er ein «treg» produksjon, kan det gå yttarlegare noko tid før ein oppnår ein realiser vinst. Til dømes vil det ta eitt og eit halvt år å få vinst av betre okseoppdrett. I tillegg kan denne betringa medføre ei tilleggsbelastning på likviditeten i dette tidsrommet.

Å tilpasse seg varemottakaren sine kjøpekriteriar og maksimal pris per produsert eining, er ikkje alltid det mest lønsame. For å finne kva marginar ein har, prioritere rett, kome i gang og halde oppe trykket, kan mange trenge nokon å støtte seg på. Til dømes ein rådgjevar.

Driftskostnadar

Tal frå Mjølkonomi syner at grovt sett 70 prosent av inntektene blir brukt til å dekkje driftskostnadane - til å kjøpe varer og tenester. Dette varierer og kan vere både under 60 prosent og over 80 prosent. Variasjonen er sterkt påverka av kor godt ein tilpassar produksjonen og kor god ein er på innkjøp.

For å halde nede driftskostnadane må ein i alle fall syte for å ikkje kjøpe meir varer og tenester enn nødvendig. Desse må vere godt tilpassa eigne behov og brukast rett for å gje best mogleg kost-nytte. Til dømes finne rette kraftfôrslaget, følgje fôrplanen og ­følgje med på resultatet. Sjølvsagt må ein også unngå direkte svinn.
I alternativ 5 er kraftfôr bytta ut med grovfôr. Omsetninga er som før, men dekningsbidraget auka av di kostnad­ane gjekk ned.

Å hente ut marginar kan ta tid

Ikkje betale meir enn nødvendig

Vidare må ein ikkje betale høgare pris enn nødvendig. Det gjeld å tilpasse seg kriteriar hos leverandørane, som rabattordningar og sesongpris. For dei fleste varer og tenester er det også fleire konkurrerande tilbydarar. Her kan det finnast prisvariasjonar. I tillegg til å byte leverandør kan ein setje leverandørar opp mot kvarandre. Elles kan ein forhandle seg til spesialavtalar gjennom å skape vinn-vinn-situasjonar. Kanskje ­kjører det ein tankbil forbi garden din med ein skvett til overs han har eit sterkt ønskje om å blir kvitt…

Starte med det viktigaste

Ein har fort 10-20 større leverandørar å forhalde seg til - og langt fleire produkt. Ofte må det gjerast fleire tiltak for at det verkeleg skal monne. Ein må starte med dei ­viktigaste - der ein trur det er mest å hente. Ein del vil ha mykje å hente og det kan vere lett-tente pengar. Slit ein med å motivere seg for denne typen arbeid, kan ein alliere seg med ein som likar slikt.