Økonomi

Få søkjer jordbrukets tidleg­pensjons­ordning

I Buskap nr. 7 orienterte eg om alderspensjon frå folketrygda. I denne artikkelen vil eg ta for meg jordbruket si tidlegpensjons­ordning, gjerne kalla TPO.

Eivind Vik

Eigarskifterådgivar

eivind.vik@outlook.com

Etter å ha arbeidd som livslinjerådgjevar har eg ei klar meining om at det er for få som søkjer TPO og dermed går glipp av pengar, skriv artikkelforfattaren. Foto: Jumpstory

TPO-ordninga vart innført som ein del av jordbruksavtalen i 1998. Føremålet var å letta generasjonsskifte i jordbruket for dei som hadde hatt hovuddelen av inntekta si frå jordbruk, gartneri og skogbruk. Dette skulle stimulera til tidlegare generasjonsskifte og rekruttering i næringa. Hovudkrav er difor at landbrukseige­domen må seljast, og ein kan ­heller ikkje driva næring i jordbruk, gartneri eller skogbruk samstundes som ein mottek tidlegpensjonen.

Søknad om TPO ved to prosent av eigarskifta

I 2005 var det knapt 1 500 personar fekk utbetalt yting. Dette har falle til 758 personar i 2018 (se figur 1). Landbruksdirektoratet opplyser at det har vore omlag 100 søknader i året den siste tida. Det er normalt
8 500-9 000 eigedomsoverdragingar i landbruket årleg. Ein del av desse som har karakter som fritidseigedom eller bustadeigedom. Figur 2 syner statistikk over tinglyste eigedomar frå 2006 til 2018. Den nedste linja viser tal der kjøpar oppgir føremålet med eigarskiftet til å vera landbruk. Dette har halde seg stabilt på omlag 5 500 eigarskifte i året. Om me legg det same til grunn også for seljaren, vert det berre søkt TPO i knappe 2 prosent av aktuelle eigarskifte.

Figur 1. Tal på personar som mottek TPO (Jordbrukets TidligPensjonsOrdning)

Månadleg utbetaling

TPO utgjer kr 100 000 årleg inntil 5 år som einbrukarpensjon, eller kr 160 000 årleg som tobrukarpensjon. Det er no månadleg utbetaling, og du kan få ytinga frå den månaden du fyller 62 år til og med den månaden du fyller 67 år. Samla kan du få inntil kr 508 333 eller kr 813 334. Satsane har berre vore regulert ein gong sidan ordninga vart innført. TPO kjem i tillegg til alderspensjon frå folketrygda. På sett og vis kan me seia at TPO er ei form for jordbruket si tenestepensjonsordning. Men dårlegare enn dei fleste andre tenestepensjonsordningar.

Mange krav

Det er ei rekkje krav som må oppfyllast for å få ytinga.

  • Brukar må vere mellom 62 år og 67 år. Ektefelle kan ta del i ordninga frå fylte 57 år. For å få tobrukarpensjon må ektefelle /sambuar ha budd og arbeidd på eigedomen dei siste 5 åra før eigarskiftet.

  • Ein kan ikkje eiga landbruks­eigedom eller ha næringsinntekt frå jordbruk, gartneri eller skogbruk når ein mottek ytinga. Det er mogeleg å søkje dispensasjon i dei tilfelle der ektefelle /sambuar driv kvar sin gard som sjølvstendige einingar. Det er også mogeleg å få dispensasjon til å behalda eigedom der det ikkje er drift, og denne i realiteten er ein fritidseigdom.

  • Ein må ha vore jordbrukar i minst 15 år, men dette treng ikkje vera i samanheng. Også forpaktarar kan få TPO, men då må pakting opphøyre.

Viktig å passa på inntektene frå du er 56 år

Det er inntektene dine for ein ­femårsperiode som dannar referanseinntekt. Perioden sluttar to år før du søkjer. Du må ha ei ­gjennomsnittsinntekt frå jordbruk, gartneri eller skogbruk på minst kr 90 000 i perioden. Det er mogeleg å søkje dispensasjon dersom referanseinntekta er lågare enn kr 90 000. Vidare er det forholdet mellom jordbruksinntekt og anna inntekt som er viktig. Dersom du søkjer einbrukarpensjon må jord- skog- og gartnerinntekta utgjera minst 67 prosent av den samla inntekta di. Kapitalinntekt tel ikkje med. Dersom ein søkjer tobrukarpensjon må jordbruksinntekta utgjera minst 50 prosent for ektefellene samla. Ektefelle kan ikkje ha ei gjennomsnittsinntekt frå anna arbeid på over kr 100 000 i referanseperioden. Dette gjeld ved søknad om tobrukarpensjon. Der ein har starta uttak av alderspensjon i referanseperioden, skal denne ikkje telje med ved utrekning av inntektskravet.

Figur 2. Tinglyste eigarskifte der oppgjeve føremål er landbruk, og tinglyste eigarskifte av landbrukseigedomar i alt.

Fleksibilitet

Figur 3. Pensjonspyramide.

Det er ektefellene sjølv som avgjer kven av dei som førast opp som brukar og kven som førast som ektefelle. Det er ikkje krav om at ein har delt inntekt med ektefelle. Ein kan også få lagt til grunn den samla inntekta og krav om 50 prosent når ein søkjer einbrukarpensjon. I ein del tilfelle er det lettare å oppfylla enn kravet om 67 prosent.

Ein kan også søkje dispensasjon om å få medrekna inntekt frå fiske og anna næring med utgangspunkt i ressursene på eigedomen. Dette må då vera drive saman med tradisjonelt landbruk. Det kan vera gardsturisme, grønn omsorg, leigekøyring og liknande.

Du har fullt høve til å ha lønna arbeid, også som avløysar, samstundes som du mottek TPO. Du kan også driva anna næring.

Søknad

Søknaden skal no sendast til fylkesmannen. Mange vil sikra seg at dei får TPO før dei gjennomfører eigarskifte. Det er difor mogeleg å førehandssøkja, og søkjar vil få ei førebels vurdering. Tilsagnet står ved lag i seks månader. Når tinglysing på ny eigar er gjennomført må ein senda melding til fylket, og utbetaling kan starta. På landbruksdirektoratet sine sider finst også kalkulator for å gjera simulering.

Mogeleg å kombinera

Frå 1. januar i år vart det opna for at ein kan motta TPO samstundes som ein mottek arbeidsavklaringspengar, avtalefesta pensjon (AFP), uføretrygd og yting til gjenlevande ektefelle. Det vil difor vera fleire enn tidlegare som nå kan oppfylla krava for å få tilkjent TPO.

Etter å ha arbeidd som livslinjerådgjevar har eg ei klar meining om at det er for få som søkjer TPO og dermed går glipp av pengar. Med å bruka den fleksibiliteten som ligg i regelverket har eg vore med på å redda yting for mange. Det er ikkje alltid me ­klarer full pott, men beløp i ­hundretuen­kroners­klassen er ­heller ikkje å kimsa av. Dette er eit ­kjærkomen tilskott i eitkvart eigar­skifte. Kva seljarane har å leva av er eit viktig punkt i alle eigarskifte, og gleda er stor både hjå brukarparet og rådgivar når me finn ut at her fyller dei krava. Sjølv om krava er strenge har eg vanskeleg for å tru at berre to prosent av dagens brukarar klarar krava. Gjer derfor avsjekk før du blir 56 år og snakk med kompetent rådgivar. Då kan det vera mogeleg å gjera tilpassingar.